mandag 9. juni 2014

Stikk UT tur - Svinvikrunden, Surnadal Kommune

2. pinsedag gjekk turen til Svinvika ved Todalsfjorden på Nordmøre. Plana var å gå Stikk UT turen Svinvikrunden og deretter besøke Svinvik Arboret.
Svinvikrunden er ein flott tur langs gamle veger. På denne staden er det 3 forskjellige veger langs fjorden som alle var brukt til ulike tider. Svinvikrunden går på dei 2 eldste vegane. Første del av turen går på den eldste vegen mellom Svinvika og Todalen. Problemet med vegbygging her er å passere den bratte Hjellneskammen som stengte for ferdselen mellom Svinvika og Gjengstøa lenger inn i fjorden. Den eldste vegen vart bygd på 1890-tallet og åpna for trafikk i 1897. Det var naturlegvis kun hest og kjerre som var transportmiddelet den gongen. Før vegen var åpna var det kun transport med båt inn til Todalen eller dei kunne bruke hesteskyss på isen om vinteren. Seinare vart det meir motorisert trafikk, mest lastebiler og busser sidan det fantest svært få personbiler. Denne gamle vegen slynger seg bratt opp frå Svinvika og er mura opp i fjellet med flotte stabbesteiner som sikring mot stupet. Vegen fortsetter til den møter gardsvegen til Hjellnes-gardane som ligg høgt oppe frå sjøen. Vegen har ein total høgdeforskjell på ca 120 m og den går her ned igjen til den møter den nest eldste vegen i Gjengstøa. Denne vegen var bygd like før 2.verdenskrig og vart vel åpna i ca 1938. Problemet med smal og bratt veg vart så stort at det tvinga seg fram ein bedre veg langs sjøen. Her var det tatt i bruk kompressor for å bore og sprenge ut vegen i fjellet. Dette var første gongen dei brukte slikt moderne utstyr for tidlegare var alt gjort med slegge og bor.
Denne vegen gjekk vi så tilbake til Svinvika. Dette var også ein smal veg, men den var i bruk heilt til Svinviktunnellen vart åpna i oktober 2001. Ved retur tilbake til Svinvika fekk vi sjå nokre spesielle dyr som beita ved gamlevegen. Silje meinte det var hester, men dette var lamaer. Artig å sjå slike dyr her inne. Etter Stikk UT turen var det matpause i hagen til Svinvik Arboret før vi gjekk på oppdagelsestur i Rhododendron-skogen. Vi var nok litt seint ute i år, mykje av plantene var avblomstra, men det var også mange planter med knopper.  Været var ganske skiftande denne dagen og det var både fint solskinn og ein del regndråper.
Svinvikrunden er ein tur på 4.6 km med høgdeforskjell på 120 m. Det står at det ikkje går med barnevogn, så eg tok med bæremeis til Silje. Etter å ha gått turen såg eg at vi godt kunne ha tatt med barnevogna istaden.

Start på Svinvikrunden i Svinvika, 09.06.14.

Ved starten på Svinvikrunden, 09.06.14.

Opp dei første bratte bakkane på Svinvikrunden, 09.06.14.
 
Det vart bratt opp for Silje så ho fekk sitte på i bæremeisen. 09.06.14.

Ida og Martin åpner grinda på gamlevegen, 09.06.14.

Her er vi kommet rett over inngangen til Svinviktunnelen, 09.06.14.


Litt lenger opp og det vart fin utsikt mot Svinvik Arboret og Todalsfjorden, 09.06.14.

Frå eit trangt parti av gamlevegen. Rart å tenke på at her køyrde dei med lastebiler, busser og biler heilt fram til 1938.  09.06.14.

Eit luftig parti av gamlevegen. Det gamle stålgjerdet såg ikkje heilt bra ut.  09.06.14.

Utsikta over Todalsfjorden og neset ved Svinvika var upåklagelig.

Vi har komme fram til Stikk UT posten og skal skrive oss inn i turboka. 09.06.14.

Her har vi komme ned på den nest eldste vegen som går langs sjøen. Denne vegen var i bruk fram til Svinviktunnelen åpna i oktober 2001. Vi ser det nedlagte småbruket Nausta i bakgrunnen. 09.06.14.
 
 
Her er vi komne rundt Hjellneskammen.  Denne delen var skutt ut i fjellet. 09.06.14.

På veg rundt siste svingen ser vi rett mot garden Svinvik som fortsatt er i full drift.

I Svinvika gjekk det 4 lamaer. Silje meinte det var hester !

Lama i Svinvika, 09.06.14.

Ein langhåra lama i Svinvika, 09.06.14.

Nærbilde av ein lama.

Alle lamaene var ulike i fargekombinasjon. Denne var heil brun med svart hode.

I Svinvika hadde dei også melkekyr og Ida fekk hilse på ei av dei. 09.06.14. No var Svinvikrunden nesten over og vi kunne gå opp på hovedvegen og bort til bilen som var parkert ved Svinvik Arboret.  09.06.14.

Kartutsnitt som viser traseen til Svinvikrunden. Kartet er henta frå Stikk UT sidene på internett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar