onsdag 26. oktober 2016

MFK besøker Skåla IL

På onsdag 26.10.16 fekk Skåla IL storfint besøk på Vågabanen. MFK kom med sitt A-lag for å holde fotballskole.  Dette var del av MFK's distriktsturne.  På Vågabanen venta ca 150 forventningsfulle fotballspillere i alderen 6 - 16 år frå Skåla IL og Bolsøya IL for å få vere med på fotballskolen der MFK's A-lagsspillere var instruktører. Opplegget var veldig profesjonelt ordna til der grupper / lag var med på mange forskjellige øvelser. Etter ei viss tid bytta lagene og til slutt hadde alle vore innom alle øvelsene. Skolen varte i 1 1/2 time frå kl 15 - 16:30.
Etterpå vart det fotografering av alle på tribunen og alle deltakarane fekk ein MFK-sekk og ein voucher som kan byttes i gratis barnebillett til neste heimekamp på Aker Stadion. Til slutt delte MFK-spillerne ut signerte fotballkort til alle som ville ha det. Dette var eit arrangement som eg er sikker på vil bli hugsa lenge av ungane som var med.
Eg gjekk rundt og tok ein del bilder under fotballskolen. Det var utruleg mange barn i aktivitet og ikkje alltid like enkelt å få til gode bilder. Mange av bildene er av G-13 laget til Skåla IL der min sønn Martin er med.  Presenterer her bildene og håper ein del vil kjenne seg igjen.  Dette er gode minner å ta vare på.

1

2

3

4

5

6

7

8

9

10

11

12

13

14

15

16

17

18

19

20

21

22

23

24

25

26

27

28

29

30

31

32

33

34

35

36

37

38

39

40

41

42

43

44

45

46

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar