mandag 7. november 2016

Haustbilder 2016

I 2016 har vi hatt ein svært bra haust her på Nordvestlandet. Det var flott vær med sol og varme i over 3 veker i Oktober. Det var også svært vindstille og det gjorde at lauvet vart hengande i trærne veldig lenge. Det førte til ein storslått fargeprakt i skogen over heile området.  Har tatt nokre bilder for å dokumentere den fine hausten her på Nesjestranda. Bildene er presentert i kronologisk rekkefølge med dei siste bildene øverst i innlegget.

07.11.16 :

Fargerike blader,  Borg, Nesjestranda 07.11.16.

06.11.16 :

Blader og bær, Borg, Nesjestranda, 06.11.16.

Fine blader,  Borg 06.11.16.

Haustblad, Borg, Nesjestranda 06.11.16.

02.11.16 :

Sidensvanser på matsøk i ein krypmispel. Frå Stensåberget, Nesjestranda 02.11.16. Sidensvansen er ein trekkfugl som holder til langt mot nord om sommeren. Her på Nesjestranda kan ein sjå den kun under trekket vår og haust. 

Ein sidensvans har funne seg eit bær av krypmispel. Frå Stensåberget, Nesjestranda 02.11.16.

26.10.16 :

Ospa skiller seg ut blant bartre med sine sterkt gule blader.  Frå Årset, Nesjestranda 26.10.16. 

Fargeprakt som berre naturen klarer å lage. Malones, Nesjestranda 26.10.16.

25.10.16 :

Fine haustfarger. Bildet er tatt frå Storebukta mot Årset-gardane og Reitan, Nesjestranda 25.10.16.
Haustfarger.  Utsikt frå marka på Nør Årset. Langfjorden til venstre. 25.10.16.



Utsikt frå Nør Årset mot Langfjorden og fjellet Morkanebba.  25.10.16.

Våningshuset på garden Nør Årset, Nesjestranda 25.10.16.

21:09.16 :

Spisslønna på Vågsetra er fortsatt stort sett grønn med fleire fargerike greiner. 21.09.16.

13.09.16 :

Eit flott tre som mange sikkert drar kjensel på slik det står i vegkanten hos Fagerholt på Vågsetra.  13.09.16.  Dette er ei spisslønn som er svært fargerik kvar einaste haust. 

Lønnetreet på Vågsetra har begynt å få haustfarger.  13.09.16.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar