onsdag 15. mars 2017

Storm på kysten - Bilder frå Atlanterhavsvegen

Køyrde ein tur i dag for å sjå på været på kysten. Det var meldt full storm i Møre og Romsdal i går kveld. I dag hadde nok vinden spakna litt, men det var fortsatt stor sjø. Vindretninga var sørvest og på sjølve Atlanterhavsvegen vil det nok vere verre med meir vestleg eller nordvestleg vind. Her er nokre bilder frå forskjellige plasser langs Atlanterhavsvegen mellom Bud og Averøya. Det var svært sterk vind, så det vart ganske friskt å stå ute og ta bilder i stormen.

Utsikt frå Bud, 15.03.17. Værhardt for dei som bor ytterst mot havet. 

Utsikt frå Bud, 15.03.17.

Bølgene slår mot skjera vest for Bud, 15.03.17.

Ruskever ved Atlanterhavsvegen, 15.03.17. Vi ser Storseisundbroa i bakgrunnen.

Ved Atlanterhavsvegen, 15.03.17.

Utsikt mot Hulvågen bro. Storseisundbroa i bakgrunnen. 15.03.17.

"Sanda Sug" ligg fortsatt havarert ved ein holme på Hulvågen like ved Atlanterhavsvegen, 15.03.17.

Hulvågen bro. Her kan ein vaske bilen i sjøsprøyt. 

Hulvågen bro, Atlanterhavsvegen, 15.03.17.

Hulvågen bro ( 1 av 3 broer), Atlanterhavsvegen, 15.03.17.

Utsikt frå Straumsholmen på Atlanterhavsvegen, 15.03.17.

Utsikt frå Straumsholmen på Atlanterhavsvegen, 15.03.17.

Utsikt frå Straumsholmen på Atlanterhavsvegen, 15.03.17. Fyret står på det lille skjæret som heiter Kråka.

Fyrtårnet på skjæret Kråka, 15.03.17.

Utsikt mot Kalvskjæret (med varde) og bebyggelsen på Smørholmen, 15.03.17.

Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar