lørdag 2. januar 2016

Horsgårdrunden

Nytt år og nye sjanser. Vi benytta denne andre dagen i 2016 til å gå Horsgårdrunden.
Vi starta Horsgårdrunden ved nyvegen i Ytre Horsgård. Her går ein opp ein skogsveg som tar av rett vest for Ytre Horsgårdelva. Her ser vi blant anna ei demning i elva. Dette er inntaksdammen til det private kraftverket i Horsgård. Frå inntaksdammen går vannet i rør ned til kraftstasjonen nede ved sjøen. Dette kraftverket er fortsatt i drift. Trimrunden følger skogsvegen opp og vestover heilt til den snur østover. Då går ein på sti vidare vestover til ein kjem inn på skogsvegen frå Gribbestad. Etter ei stund treff ein på den første postkassa med mulighet til å skrive seg inn i ei turbok. Turen fortsett på fin skogsveg vidare vestover. Det blir flott utsikt ned på Langfjorden. Skogsvegen snur like ovanfor småbruket Teigan og fortsett østover og ned til garden Ytre Gribbestad. Her gjekk vi ned på bilvegen (Langfjordvegen som den heiter no) og fulgte den til Litlegjerdet der Horsgårdvegen tek av. Dette er den gamle bygdavegen til Horsgård. Turen fortsett på Horsgårdvegen ned Litlegjerdsbakken og forbi småbruket Stranda (Gribbestadstranda). Eit stykke forbi småbruket er det ei ny postkasse med turbok. Deretter er det berre å følge vegen ned til sjøen ved Horsgård Sag og Tønnefabrikk. Herifrå er det best å gå opp den bratte Sjøvegen tilbake til hovedvegen i Ytre Horsgård. "Sjøvegen" var husvegen til Ytre Horsgård fram til nyvegen kom i 1972.
Heile Horsgårdrunden er på 5.59 km (utmålt i kart). Sjå kart over turen nederst i innlegget.

Anbefaler alle å prøve denne fine turen i variert terreng.  Klikk på bildene for å få dei større.

Martin og Ida på skogsvegen i Ytre Horsgård, 02.01.16.
Her tar ein av frå skogsvegen og går på sti vestover eit par hundre meter til skogsvegen frå Gribbestad.
Martin på skogsvegen frå Gribbestad. Vi er snart på turens høgaste punkt.
Ida skriv seg inn i Turboka ved skogsvegen frå Gribbestad. 02.01.16.
Dårleg forsøk på "selfie".
På Gribbestad-skogsvegen.
Utsikt vestover Langfjorden mot Holm og Åfarnesnakken.
Martin,  Fin utsikt ut Langfjorden. Vi ser blant anna Oksen, Hestholmen og rett mot Vågstranda. 02.01.16.
Utsiktsplass ovanfor småbruket Teigan. Vi ser blant anna den kjente profilen til fjellet Tarløysa til høgre i bildet.
Martin og Ida passerer garden Nør Gribbestad. 
Ida har funne postkasse #2 og skriv seg inn i turboka.
Martin ved postkasse #2 ved Horsgårdvegen.  02.01.16.
Kart over Horsgårdrunden. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar