Fekk anledning å ta nokre bilder av den flotte fiskebåten "Frantsen Junior" etter besøk i Molde fredag 10.09.2021. Båten hadde allerede gått frå Molde då eg kom til sentrum, så eg måtte følge etter på land for å ta disse bildene av båten i fart.
Det er ikkje mange slike flotte fiskebåter igjen i Norge i dag. "Frantsen Junior" vart bygd i 1966 som "Svanaug Elise". Den var for 55 år sidan ein topp moderne fiskebåt. Og det er fortsatt ein flott båt med klassiske linjer. Dei fleste av fiskebåtane frå 60-tallet er i dag skrota, står på land i Chile eller opererer i Afrika.
Båten satte kursen nordover gjennom Julsundet, så eg regna med at den skulle til Vikomar i Harøysund og levere makrell. Men skipet gjekk rett til havs og ut på fiskefeltet igjen. Nyt bildene av denne flotte fiskebåten.
Bygd 1966 v / Søviknes Verft AS, Søvikgrend, IMO 6620797, LJDR. 1966 : 141.5 ft / 43.1 m, 434 brt.
Forlenga og ombygd i 1983 : 54.3 m, 589 brt, 2002 : 54.3 m, 693 brt.
1966-1983 : "SVANAUG ELISE", Trondheim, ST-19-F, Kolbjørn Ervik m.fl., Dyrvik, (15.12.66),
1983-2001 : "SVANAUG ELISE", ST-19-F, Kolbjørn Ervik & Sønner AS, 7270 Dyrvik, (23.06.83),
2001-2017 : "FRANTSEN JUNIOR", Harstad, T-25-I, AS Regina Fisk, 9450 Hamnvik, (27.09.01),
2017 - : "FRANTSEN JUNIOR", T-25-I, Regina Fisk AS, 9450 Hamnvik, (11.07.17).
![]() |
"Frantsen Junior" på veg ut frå Molde. Bildet er tatt ved Kringstadbukta, 10.09.2021. |
![]() |
"Frantsen Junior" på veg ut frå Molde. Bildet er tatt frå Haukebøen, 10.09.2021. |
![]() |
"Frantsen Junior" i Julsundet. Bildet er tatt frå Mordalsvågen, 10.09.2021. Otrøya i bakgrunnen. |
![]() |
"Frantsen Junior" i Julsundet. Bildet er tatt frå Mordalsvågen, 10.09.2021. Otrøya i bakgrunnen. |
![]() |
"Frantsen Junior" i Julsundet. Bildet er tatt frå Mordalsvågen, 10.09.2021. Otrøya i bakgrunnen. |
![]() |
"Frantsen Junior" i Julsundet. Bildet er tatt frå Hollingsholmen, 10.09.2021. |
![]() |
"Frantsen Junior" i Julsundet. Bildet er tatt frå Hollingsholmen, 10.09.2021. |
![]() |
"Frantsen Junior" i Julsundet. Bildet er tatt frå Hollingsholmen, 10.09.2021. Aukra på Gossen i bakgrunnen. Aukra kyrkje til høgre. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar