Tok meg ein tur opp i hogstfeltet i Vikdalen for å sjå på framdrifta. Dei har no komme ein del lenger med hogsten og har begynt å køyre ut tømmer med lastebærer. Dei har også fått opp ein gravemaskin til å forbedre køyrevegen til lastebæreren. Mykje regn i det siste har gjort at vegen har blitt svært blaut og gjørmete. Det går bedre å komme seg opp den bratte lia med lastebæreren for her kan dei køyre på eit lag av grankvist.
Det er sopp-år i år og mykje sopp i skogen. Er ingen sopp-kjenner men trur eg fann nokre kantareller inne i skogen. Ellers var det mest andre typer sopp å sjå. Det er også mykje stor rød fluesopp å sjå i marka.
For den som ønsker å sjå på arbeidet i hogstfeltet så er enklaste vegen å gå inn frå Berg-sida. Der stien til Brennsteinen starter ved Bergsmyra kan ein gå rett ned i skogen mot sør og der kjem ein rett ut på toppen av hogstfeltet slik som mitt første bilde viser. Det er ikkje langt å gå. Men hold god avstand til hogstmaskinen og lastebæreren. Eg bruker zoom-linse for å ta dei bildene som er på nært hold.
![]() |
Oversiktsbilde over hogstfeltet tatt frå toppen av lia. 21.09.2021. |
![]() |
Lastebærer, gravemaskin og hogstmaskin samla i samme bilde. Lastebæreren kom opp igjen etter å ha køyrt ned eit lass med tømmer. |
![]() |
Lastebæreren er ein John Deere 1510E frå Romsdal Bioenergi AS. |
![]() |
Hogstmaskina tok seg ei pause mens eg var der. |
![]() |
Lastebæreren rygger opp lia for å hente ut skurtømmer. Slipen ligg igjen inntil vidare. |
![]() |
Lastebæreren i arbeid. |
![]() |
Lastebæreren i arbeid i bratt terreng. |
![]() |
Snart fullt lass. |
![]() |
Regner med at dette er ein kantarell (skogens gull). 21.09.2021. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar