Viser innlegg med etiketten Storklokke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Storklokke. Vis alle innlegg

lørdag 30. juli 2022

Blomster i klokkefamilien, 29.07.2022

Presenterer her 2 blomsterarter frå klokkefamilien, Fagerklokke og Storklokke. Den eine er hageblomst / hagerømling og den andre er villblomst. 
Den mest kjente blomsten i klokkefamilien er som alle veit Blåklokke. Fagerklokke og Storklokke har alle klokker eller bjeller som er mykje større enn på Blåklokka.
Bildene av fagerklokke og storklokke er tatt no i slutten av Juli 2022.

FAGERKLOKKE  [Campanula persicifolia] 
Har i fleire år hatt nokre fagerklokker som veks i hagen. Dei ser ut til å trives i skyggen ved foten av ein syrin. Aldri har det vore så mange blomster på den som i år. Uvisst om denne er planta eller har komme som hagerømling. Fagerklokke veks i vill tilstand kun i lavere strøk på Østlandet. Men den finnes også andre stader i landet opp til og med Trøndelag. Det er ei populær hageplante som selges av gartnere og hagesentre i heile landet. Fagerklokker utenfor vekseområdet på Østlandet er derfor hageplanter eller hagerømlinger som har spredd seg frå hager eller via hageavfall. Har ikkje planta fagerklokke sjølv, så den har nok blitt planta før mi tid som huseier eller den har komme som hagerømling. Uansett ei veldig fin plante med store lyseblå klokker. Kan ligne ei forvokst eller storvokst blåklokke. 

Fagerklokke, Borg, Nesjestranda, 27.07.2022.

Fagerklokke, Borg, Nesjestranda, 27.07.2022. Blomsten trives godt i skyggen av ein syrin.

Fagerklokke, Borg, Nesjestranda, 27.07.2022.

STORKLOKKE  [Campanula latifolia] 
Klokke nr 2 i dette innlegget er ein villblomster som veks i heile landet med unntak av Finnmark. Den heiter Storklokke og kan vere både kvit og blå. Storklokke har også ein underart som er hageplante. Den heiter Prydstorklokke og er stort sett blå. Har sett storklokker både på Nesjestranda og andre plasser på Skålahalvøya, men dei har alle vore kvite.

Storklokke, ved Fransetgrova, Solemdalen, 29.07.2022.

tirsdag 20. juli 2021

Villblomster på Nesjestranda 20.07.2021

Køyrde meg ein tur rundt omkring på Nesjestranda med mål om å finne nokre fine blomstermotiv. Det er midtsommar så det er sommarblomster som dominerer no. Den rike floraen om våren er borte. Var på utkikk etter gode bilder av vannlilje, så turen gjekk først opp Skålsetervegen til Skålsetra og Løkan. Vatna er full av vannlilje no, men det er ikkje så lett å komme til for fotografering i dei store vatna. Derfor valgte eg å ta ein runde på Løkan der det er mykje vannlilje i bekkane. Myrene domineres no av gul rome og rosa klokkelyng. I vår var kvitlyngen dominerande. Flekkmarihånd såg ut til å vere stort sett ferdig med blomstringa. 
På Berg er det no mykje mjødurt og fann også ein del storklokker. Avslutta turen med fotografereing av strandstjerne på Flovikstranda. 

Her er eit utvalg av dagens bilder av villblomster på Nesjestranda :

Vannlilje / Kvit nøkkrose (Nymphaea alba), Løkan, Nesjestranda, 20.07.2021.

Ein av mange dammer i bekken kor det veks vannliljer, Løkan, Nesjestranda, 20.07.2021.

Tjønn med vannliljer, Løkan, Nesjestranda, 20.07.2021.

Rome (Narthecium ossifragum) . Planten er giftig for sauer. Planten inneholder saponin, som kan gi lammene leverskader og føre til sjukdommen alveld. Løkan, Nesjestranda, 20.07.2021.

Klokkelyng (Erica tetralix) med sommerfugl Myrblåvinge (Albulina optilete). Løkan, Nesjestranda, 20.07.2021. 

Klokkelyng (Erica tetralix), Løkan, Nesjestranda, 20.07.2021. Ein romeblomst har sneke seg med på bildet. 

Flekkmarihand (Dactylorhiza maculata), Løkan, Nesjestranda, 20.07.2021. Denne er normalt veldig tallrik ved Skålvatna, men no er dei fleste avblomstra.

Smalsoldogg (Drosera anglica), Løkan, Nesjestranda, 20.07.2021. Dette er ein kjøttetende planteart som fanger insekter til "mat". Den liker seg særlig i vått terreng nær vatn.  Dette er ein av fleire arter soldogg som finnes her i landet.

Mjødurt (Filipendula ulmaria), Berg, Nesjestranda, 20.07.2021.    

Storklokke (Campanula latifolia), Berg, Nesjestranda, 20.07.2021.

Strandstjerne (Tripolium pannonicum), Flovikstranda, Nesjestranda, 20.07.2021.  Tidlegare kalt Strandasters. Denne blomsten tåler saltvatn og veks heilt ned til tangen. Den kan derfor bli oversvømt ved høg flo.

Strandstjerne (Tripolium pannonicum), Flovikstranda, Nesjestranda, 20.07.2021. 

Strandstjerne (Tripolium pannonicum), Flovikstranda, Nesjestranda, 20.07.2021.