lørdag 30. juli 2022

Blomster i klokkefamilien, 29.07.2022


Presenterer her 2 blomsterarter frå klokkefamilien, Fagerklokke og Storklokke. Den eine er hageblomst / hagerømling og den andre er villblomst. 
Den mest kjente blomsten i klokkefamilien er som alle veit Blåklokke. Fagerklokke og Storklokke har alle klokker eller bjeller som er mykje større enn på Blåklokka.
Bildene av fagerklokke og storklokke er tatt no i slutten av Juli 2022.


FAGERKLOKKE  [Campanula persicifolia] 
Har i fleire år hatt nokre fagerklokker som veks i hagen. Dei ser ut til å trives i skyggen ved foten av ein syrin. Aldri har det vore så mange blomster på den som i år. Uvisst om denne er planta eller har komme som hagerømling. Fagerklokke veks i vill tilstand kun i lavere strøk på Østlandet. Men den finnes også andre stader i landet opp til og med Trøndelag. Det er ei populær hageplante som selges av gartnere og hagesentre i heile landet. Fagerklokker utenfor vekseområdet på Østlandet er derfor hageplanter eller hagerømlinger som har spredd seg frå hager eller via hageavfall. Har ikkje planta fagerklokke sjølv, så den har nok blitt planta før mi tid som huseier eller den har komme som hagerømling. Uansett ei veldig fin plante med store lyseblå klokker. Kan ligne ei forvokst eller storvokst blåklokke. 

Fagerklokke, Borg, Nesjestranda, 27.07.2022.

Fagerklokke, Borg, Nesjestranda, 27.07.2022. Blomsten trives godt i skyggen av ein syrin.

Fagerklokke, Borg, Nesjestranda, 27.07.2022.


STORKLOKKE  [Campanula latifolia] 
Klokke nr 2 i dette innlegget er ein villblomster som veks i heile landet med unntak av Finnmark. Den heiter Storklokke og kan vere både kvit og blå. Storklokke har også ein underart som er hageplante. Den heiter Prydstorklokke og er stort sett blå. Har sett storklokker både på Nesjestranda og andre plasser på Skålahalvøya, men dei har alle vore kvite.

Storklokke, ved Fransetgrova, Solemdalen, 29.07.2022.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar