mandag 30. august 2021

Stor båttrafikk på gjestehavna i Havnevika, Nesjestranda, 30.08.2021

I dag var det stor båttrafikk på gjestehavna til Havnevik Småbåtforening. Eit reisefølge på 51 stk hadde vore på tur til Veøya og kom på land igjen i 13:30-tida. Eg kom meir eller mindre tilfeldig over dette og fekk tatt nokre bilder for å dokumentere transporten. Reisefølget reiste med ein flott turbuss frå Tornes Turbusser.
I tillegg hadde dei hatt 2 skyssbåter til transporten mellom Havnevika og Veøya. Med 51 passasjerer vart det totalt 5 turer med båtane kvar veg.  Det var skyssbåten "Bare Du" frå The Northwest Experience og ein mindre båt, M/S "Even", frå Hustadvika Adventure som besørga skyssen. "Bare Du" har sertifikat for 12 passasjerer og den minste båten kunne ta 9 passasjerer. "Bare Du" er den eine av båtane som The Northwest Experience har brukt i Hjertøytrafikken i sommer. I tillegg har den også gått ein del av turane mellom Molde og Veøya tidlegare i sommer.
Kom ned til havna i det dei siste passasjerane gjekk i land. Stor var min overraskelse i det siste mann kom i land. Det var ein kjent forfatter som har vore på Veøya også før i sommer. Det virka som om reisefølget hadde med forfatteren som veldig engasjert reiseguide og historieforteller. Han har i alle fall god kunnskap om Nesjestranda og Veøya etter mange bøker om "Slåttakaren" og "Jordmor på jorda" med historier frå Nesje på Nesjestranda. I tillegg var det med guide frå Romsdalsmuseet. 
Karane frå skyssbåten var svært fornøyd med opplegget til Småbåtforeninga som har ordna med nøkkelskap der dei kan få tak i nøkkel til porten ved hjelp av ein kode. 
Ser frå eitt av mine bilder at ilandstigning frå båt kan vere eit problem for eldre personer sidan havna mangler landgang eller trapp som passer til ein såpass stor båt som "Bare Du". Men det gjekk bra også denne gongen. 
Følte meg neste som ein reiselivsfotograf i dag. Håper dere liker bildene.  Det blir også mykje båt-trafikk seinare i høst med transport av masse skolebarn ( 2 årganger) som skal på Veøya-tur.

Passasjerane i reisefølget går ombord i bussen frå Tornes Turbusser i Havnevika, Nesjestranda, 30.08.2021.

Dei siste passasjerane går i land frå skyssbåten "Bare Du" etter endt tur til Veøya. Dette er på Gjestehavna til Havnevik Småbåtforening. 30.08.2021.

Sistemann i land er ein kjent person som eg regner med alle kjenner. 30.08.2021.

Forfatter Edvard Hoem går i land i Havnevika, 30.08.2021.

På grunn av antallet passasjerer gjekk båtskyssen med 2 skyssbåter. Dette er den minste frå Hustadvika Adventure. Den heiter M/S "Even" og kan ta 9 passasjerer. Havnevika, 30.08.2021.

Skyssbåten "Bare Du" går tilbake til Molde etter endt skyssoppdrag mellom Havnevika og Veøya, 30.08.2021.

Skyssbåten "Bare Du" går tilbake til Molde etter endt skyssoppdrag mellom Havnevika og Veøya, 30.08.2021. I bakgrunnen ser vi 2 av Sølsnesholmane.

Passasjerane er komne ombord i bussen og er klar til neste etappe på reisen.

Bussen frå Tornes Turbusser er ein flott turbuss av merke Setra S416 GT-HD, 2008-modell. Legg merke til at bussen har 3 akslinger der det er sving på den  bakerste akslingen.

Reisefølget er klar til avreise frå Havnevika, Nesjestranda. Takk for besøket på Veøya. 30.08.2021.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar