M/F "Vestveg To" har vore på oppdrag i Hjelvika i Vestnes Kommune. Var ein tur til Hjelvika for å dokumentere denne ferga som no opererer som arbeidsbåt. Oppdraget var fullført nokre timer etter at eg tok desse bildene. Ferga lyste opp i sollyset ute på Hjelvikbukta. Eg kjenner ikkje til kva slags oppdrag ferga var på.
Ferga er no stasjonert i Langevåg på Sunnmøre etter at ein privat person kjøpte ferga i 2018. Ferga som vart bygd i 1962 for Vesterålens Trafikklag har sidan 1985 vore arbeidsbåt i Storfjorden på Sunnmøre.
Dette er ei av få eldre ferger som ikkje har skifta namn.
Her er historikken til ferga :
Bygd i 1962 ved Kaarbøs Mekaniske Verksted i Harstad, IMO 8934922, LJEF, 133 brt, 29.1 m, 100 passasjerer, 11 biler.
1962-1985 : "VESTVEG TO", Vesterålens Trafikklag, Sortland,
1985-2005 : "VESTVEG TO", Industrimineraler AS, Valldal,
2005 : "VESTVEG TO", AS Olivin, Åheim,
2005-2018 : "VESTVEG TO", North Cape Minerals / Sibelco Nordic AS, Rud,
2018 - : "VESTVEG TO", Tore Gunnar Hestholm, Langevåg.
M/F "Vestveg To", Hjelvika 07.08.2021. |
M/F "Vestveg To", Hjelvika 07.08.2021. |
M/F "Vestveg To", Hjelvika 07.08.2021. |
M/F "Vestveg To", Hjelvikbukta, Hjelvika 07.08.2021. |
M/F "Vestveg To", Hjelvika 07.08.2021. |
M/F "Vestveg To", Hjelvika 07.08.2021. |
M/F "Vestveg To", Hjelvika 07.08.2021. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar