søndag 8. august 2021

Åkerlehaugen, Solemdal, 08.08.2021

Tok meg ein fotorunde på Solemdalen denne fine augustdagen. Kom på at eg hadde aldri sett Åkerlehaugen Kapell på nært hold. Har gått gjennom tunet på Åkerlehaugen tidlegare. 
Må som vanleg i mine innlegg ta med litt av historien bak temaet som innlegget omhandler.

Åkerlehaugen, heiter egentleg Tollås, gnr 1, bnr 4.  Garden var tidlegare ein av 3 garder i gardsklynga på Tollåsen. Dei 3 gardbrukarane vart i 1936 enige om utskifting av eiendommene, sidan det var eit virvar av teigar her og der. Utskiftinga tok fleire år og endte med at 2 av bruka vart flytta frå Tollåsen. Det var bnr 2, "Der opp" og bnr 4, "Der bort". Eier av bnr 4, Nils Torvik, flytta våningshuset ned til Åkerlehaugen i 1941. Der hadde han allerede i 1939 bygd ny løe. Også stabburet vart flytta frå Tollåsen. På grunn av utskiftinga er det i dag kun ein Tollås-gard igjen på Tollåsen, altså gnr 1/1, "Der ne".
Nils Torvik fortsatte med gardsdrift fram til tidleg på 70-tallet. Hans datter Olaug Torvik fekk skjøte på garden i 1975. Husdyra var då selt og jorda bortleid. I 1985 flytta Odd Kjell Skjørli frå Skåla Gard inn på Åkerlehaugen som forpaktar. Han starta opp igjen gardsdrifta med husdyr og melkeproduksjon. 
I 1992 vart det inngått avtale mellom Olaug Torvik og Stiftelsen Åkerlehaugen om disposisjonsrett til 2 etasje og østleg del av 1. etasje i våningshuset og stabburet. Det vart også gitt tillatelse til oppsetting av nybygg.  Regner då med at gardsdrifta hadde blitt lagt ned igjen. I 1996 vart Åkerlehaugen Kapell bygd. Olaug Torvik fekk bygd nytt hus til seg i tunet på Åkerlehaugen. 
I 2002 har Stiftelsen Åkerlehaugen fått hjemmel på heile eiendommen gnr 1/4. 

Stiftelsen Åkerlehaugen er ein privat stiftelse i Den Norsk Kirke og driv med ein virksomhet som heiter Retreat eller tilbaketrekning. Her ønsker stiftelsen  "å skape rom for å kunne slappe av og koble ut de daglige gjøremål og få den ytre og indre stillhet en trenger for å kunne fordype seg i Guds ord", (sitat frå nettsida til stiftelsen). Hovedhuset har plass til 8 overnattingsgjester. Der er det spisestue og peisestue. Kapellet har ein kapasitet på 16 personer. Husfolket på Åkerlehaugen  er Trine Elvsås Ringstad og Hallgeir Ringstad.
Her er ein del bilder frå denne vakre plassen på Solemdalen. Kapellet er bygd mellom store furutre (toller) og er litt vanskeleg å fotografere på grunn av skiftende lys og skugge. 

Åkerlehaugen Kapell, Solemdal, 08.08.2021.

Åkerlehaugen Kapell, Solemdal, 08.08.2021.

Åkerlehaugen Kapell, Solemdal, 08.08.2021.

Åkerlehaugen Kapell fekk Molde Kommunes Byggeskikkpris i 2002.

Åkerlehaugen Kapell, Solemdal, 08.08.2021. Inngangen er på denne sida.

Åkerlehaugen Kapell, Solemdal, 08.08.2021.  Klokketårnet.

Åkerlehaugen, Tollås, gnr 1/4 Der Bort, , Våningshuset med plass til 8 overnattingsgjester. Våningshuset vart flytta frå Tollåsen og satt opp på Åkerlehaugen i 1941. Mellom våningshuset og kapellet er det ein velholdt vakker hage.

Åkerlehaugen, Tollås, gnr 1/4 Der Bort, Løa som vart bygd i 1939.

Åkerlehaugen, Tollås, gnr 1/4 Der Bort, Løa som vart bygd i 1939.

Åkerlehaugen, Tollås, gnr 1/4 Der Bort, Løa som vart bygd i 1939. Stabburet vart flytta frå Tollåsen etter utskiftinga.

Åkerlehaugen, Tollås, gnr 1/4 Der Bort, , Våningshuset med plass til 8 overnattingsgjester. Våningshuset vart flytta frå Tollåsen og satt opp på Åkerlehaugen i 1941. Fasade mot nord.

Åkerlehaugen Kapell, Hovedankomst frå vegen. 

Logoen til Stiftelsen Åkerlehaugen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar