Torsdag 7/6 var vi ein tur i Molde. Silje ville springe Micromila under arrangementet BDO-Mila på Retiro. BDO-Mila er ein serie terrengløp som BDO arrangerer årleg i samarbeid med Langrenns-landslaget og lokale idrettslag. I Molde var det MOI som var lokal arrangør.
Frå Langrennslandslaget kom utøver Hans Christer Holund og Sprint-trener Arild Monsen (frå Molde). Hans Christer Holund tok bronsemedalje på 30 km Skiathlon under OL i Pyeungchang i 2018. Dei var med og sprang Micromila (ca 500 m) i lag med dei minste utøvarane ( opp til 8 år) og var med på premieutdelinga etterpå. Seinare sprang dei også 10 Km løpet.
Silje hadde gleda seg lenge til dette løpet som var det tredje løpet ho var med på i år. Alle utøvarane fekk ei fin rød BDO T-skjorte før start. Løpet gjekk i ein runde rundt området på Retiro i Molde.
Det var kjempefint vær denne kvelden og massevis av folk var med på løpet med eller utan tidtaking. Har laga ein serie bilder frå arrangementet og frå Micromila med Silje i hovedrollen. Stor takk til BDO som arrangerer dette løpet kvart år. Særleg spennande med kjente idrettsnavn på startstreken, det er god motivasjon for små og store løparar.
Silje ( nr 3169) sjekker start-området før start, Retiro, Molde 07.06.18. |
Skilandslagets Hans Christer Holund intervjues på scena før start på BDO-Mila. |
Molde fekk skryt som "idrettsby" av Sprint-langrennstrener Arild Monsen. Hans Christer Holund til høgre. |
Desse rosakledde jentene leia felles oppvarming før løpet. |
Oversiktsbilde av Retiro. Mål for BDO-Mila var den røde portalen. Starten var frå dei to flagga i bakgrunnen til høgre. |
Silje (3169) klar til start på Micromila kl 18:00, 07.06.18. |
Starten på Micromila har gått. |
Her kjem Silje (midt i bildet). |
Her passerer feltet etter eit par hundre meter. Silje (3169) omtrent midt i bildet. |
Silje i farta på Micromila. Snart halvvegs no. |
Feltet passerer på haugene ved Fannestrandsvegen. Silje (med lyst hår) midt i bildet. |
Silje i full fart mot mål. |
Silje like før mål etter ca 500 m. |
Silje fekk medalje av Arild Monsen rett etter målgang. |
Slapper av med ein banan etter løpet. Stor medalje heng rundt halsen. Ellers fekk løparane ein lett ryggsekk med buff og drikkeflaske. |
Silje poserer med medaljen etter løpet. |
Jau, medaljen smakte av gull. |
Arenakart for BDO-Mila på Retiro, Molde. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar