søndag 27. mai 2018

Skatthellå på Veøya

På båttur rundt Veøya vart det stopp for fotografering av Skatthellå. Dette er ein formasjon på ein slett bergvegg som har sprukke opp og ser ut som konturen av ei dør. Sagnet seier at attom døra skal det finnast ein stor skatt !  Denne dør-formasjonen heiter Skatthellå. Skatthellå ligg vanskeleg tilgjengeleg i bergveggen, så det er nok ikkje mange som har vore der og kjent på døra.
Eit anna namn som er nevnt brukt er Hulderdøra.  Eg har som alle frå området rundt Veøya kjent til Skatthellå sidan barndommen. Skatthellå ligg litt øst for Hatlevika på sørsiden av Veøya. Denne delen av Veøya kalles også for Sørøyna. Namnet Skatthellå og sagnet er også nevnt i boka "Stadnamn i Molde Kommune" av Kåre Magne Holsbøvåg. Det har komme nokre lokale kommentarer om at også namnet "Skattlukå" var brukt. Døra / hellå / lukå har vel i denne sammenhengen samme betydning, men er enig i at det ser meir ut som ei luke enn ei helle.  Eg har benytta namnet "Skatthellå" sidan det er namnet som er brukt av Kåre Magne Holsbøvåg i boka "Stadnamn i Molde Kommune". 
Klikk på bildene for å sjå større bilder. 

Skatthellå på Veøya, 27.05.18.

Skatthellå, Veøya. Mon tru om skatten er der framdeles ?

Skatthellå, Veøya, 27.05.18. Som vi ser er det ikkje lett å komme til for å åpne hella / døra.

Skatthellå, Veøya, sett frå ein litt annan kant. 

Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar