mandag 14. mai 2018

Naustneset og Gjerdbukta på Sør-Nesje

Dette er ein fotoserie som eg tok frå båt 14.05.18. Gjekk Fjørestien frå Ødegård til Naustneset tidlegare i vår og såg kor fint det var på denne strekninga på Sør-Nesje på Nesjestranda. Særleg det idylliske Naustneset med 3 naust var for meg ein ny plass eg aldri hadde besøkt før. Bildene av Naustneset frå sjøen vart ganske bra med blomstrende skog i bakgrunnen. Tok også nokre bilder frå Gjerdbukta rett vest for Naustneset. Her har Knut Nesje laga ein flott molo. Heldig er den som har hytte ved vakre Gjerdbukta på Nesjegjerdet. Klikk på bildene for å sjå større bilder. 

Naustneset på Sør-Nesje med 3 naust. Naustneset tilhøyrer garden Sør-Nesje gnr 114-6.

Naustneset, Sør-Nesje, 14.05.18.

Dette er vel det eldste naustet på Naustneset. Ser ut til å ha behov for litt takreparasjon.

Det ytterste naustet sett frå øst. Naustneset, 14.05.18

Det ytterste naustet. Vi ser over til Sekken i bakgrunnen. 14.05.18.
Dei 3 nausta på Naustneset, 14.05.18.

Idylliske Naustneset sett frå båt på Naustnesbukta, 14.05.18.

Dette bildet er frå Gjerdbukta på Nesjegjerdet like vest for Naustneset. Her er ei flott hytte og naust ved sjøen og vi ser småbruket Nesjeteigen gnr 114-9 oppe ved vegen.

Svært flott molo og naust ved sjøen i Gjerdbukta på Nesjegjerdet.
Garden Nesjegjerdet, gnr 114-8 på Sør-Nesje. Løa er bygd om til bolighus. 14.05.18.
Forlater den fine båthavna i Gjerdbukta for denne gong. Takk for titten !

Blogglistenhits

1 kommentar:

  1. Hyggelig å se bilder av mors barndomshjem Nesjegjerdet hvor onkel og søskenbarn fremdeles bor og trives. Mange gode minner fra besøk der i barndommen og også slektstevner i senere år.

    SvarSlett