tirsdag 8. mai 2018

Tinestafetten 2018

Tirsdag 08.05.18 vart Tinestafetten arrangert på Molde Idrettspark (gamle Molde Stadion).   I Molde var det over 70 påmeldte lag og kvart lag hadde 8 deltakere + reserver.  9 klasse på Vågsetra Barne og Ungdomsskole stilte med 1 lag og Martin skulle springe 7. etappe. (nest siste etappe).
Kvar etappe var på 200 m og laga bestod av 4 jenter og 4 gutter. Alle løparane fekk utdelt Tinestafettens T-skjorte som i år var kvit. Det vart derfor mange kvite løpere på banen.



Her er nokre bilder frå årets Tinestafett, finaleheat 9 klasse :

Lagbilde, 9 klasse, Tinestafetten 2018. Bakerst : Johannes, Kristoffer, Martin og Matti. Foran : Vibeke, Rikke, Lise Marie og Maria.

Lagbilde 9 klasse, Tinestafetten 2018, Molde Idrettspark, 08.05.18.

Lagbilde 9 klasse, Tinestafetten 2018, Molde Idrettspark, 08.05.18.

Oppvarming før stafetten. Start for 9 klasse var ca 19:20.

Klart til start, Johannes har fått ein god startposisjon. Starter er Per Johan Gussiås. 

Starten har gått. Johannes til høgre inne ved lista.

Full fart frå start, Johannes frå Vågsetra til høgre.

Full fart frå start, Johannes frå Vågsetra til høgre.

Matti venter på veksling med Rikke. Vågsetra-laget er litt på etterskudd.

Ein liten piruett i vekslinga mellom Kristoffer og Maria.

Martin står og speider etter Lise Marie.

Lise Marie har veksla med Martin. 

Martin er i gang. Vågsetra-laget ut på sisteplass etter 6 etapper. 

Martin i farta. Han gjekk hardt ut og veksla med Vibeke på andreplass.

Vibeke kom så raskt til mål at fotografen ikkje rakk å ta bilde. Men her er den blide jenta som sprang i mål som nr 2 på Tinestafetten 2018. Eit svært godt resultat for Vågsetra. 

Martin som sprang laget opp frå sisteplass til andreplass av 6 lag.


Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar