torsdag 26. april 2018

Romsdalsfinale i Innovasjonscamp 2018

Har hatt ein interessant og lærerik dag i Bjørnsonsalen på Scandic Seilet hotell i dag. Det var Romsdalsfinale i Innovasjonscamp 2018. Laget frå 9. klasse på Vågsetra Barne og Ungdomsskole vant finalen i Molde Kommune og var derfor Molde sin representant i Romsdalsfinalen. Sjå link til artikkel i RB-nett : http://www.rbnett.no/nyheter/2018/03/23/Slik-vil-9.klassingene-gj%C3%B8re-Bussbygg-mer-l%C3%B8nnsom-16351708.ece
Vågsetra-laget hadde fått eit oppdrag gjennom AS Bussbygg for å kunne modernisere bygging av lastebilskap. Dagens manuelle oppmåling med målband og tusj kan automatiseres og gjere bedriften meir rasjonell og lønnsam. Ved hjelp av Vågsetra-lagets auto-linjal kan dette arbeidet gjerast automatisk og firmaet kan spare penger på meir effektiv og nøyaktig oppmåling. Vågsetra-laget har bygd ein prototype i Lego som dei presenterte både i form av videosnutter og ved framsyning og køyring av modellen / prototypen. 
Det var hard konkurranse i denne Romsdalsfinalen med lag frå 7 kommuner.  Juryen bestående av tidligere banksjef Olav Gjerland, Lina Hjelset, Anne Reidun Valdal og Kristin Hammerbäch konkluderte med at deltakerne hadde holdt eit meget høyt nivå, så dei hadde hatt eit vanskeleg valg. 
Seieren gjekk til laget frå Rauma Kommune / Åndalsnes Ungdomsskole, mens Vågsetra tok ei sterk andreplass. Laget frå Midsund Kommune kom på tredjeplass. 
Seieren ga ein sjekk på kr 2500, mens andreplassen var ein sjekk på kr 1500 og tredjeplassen ein sjekk på kr 1000.
Åpning av Romsdalsfinalen var vakker sang ved Maria Elen Håndlykken og Miriam Linn Haupt frå Vågsetra. 
Romsdalsfinalen var leda av Brit Blichfeldt frå Molde Næringsforum.
Link til artikkel i RB-nett : http://www.rbnett.no/pluss/2018/04/26/Vant-finalen-med-digitalt-klasserom-16577030.ece .

Prøvde å ta nokre bilder undervegs. Det var dårlege lysforhold på scena og vanskeleg å ta gode bilder utan blitz. Men her er nokre av bildene : 

Laget til Vågsetra med Martin Gussiås Reitan, Johannes Rekdal, Maria Samuelsen, Sigurd Skjevik og Sigrun Sletnes. Bjørnsonsalen, 26.04.18.
Martin og Sigurd viser prototypen foran juryen.

Martin og Sigurd i aksjon.

Då var presentasjonen til Vågserta-laget nesten ferdig.

Romsdalsfinale i Innovasjonscamp 2018 i Bjørnsonsalen 26.04.18.
Miriam og Maria Elen frå Vågsetra åpna finalen med vakker sang.

Miriam og Maria Elen i Bjørnsonsalen, 26.04.18.

Her er alle dei 3 beste laga. Vinnerlaget frå Rauma/Åndalsnes til venstre, laget til Vågsetra som kom på andreplass i midten, og laget frå Midsund som vann tredjeplassen til høgre. 

Martin viser prototypen av auto-linjalen.

Laget frå Vågsetra kom på andreplass og fekk ein sjekk på kr 1500.

Johannes, Sigrun, Sigurd, Martin og Maria. Gratulerer med kjempeflott innsats. 


Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar