fredag 25. mai 2018

"NORJARL" på veg til Malo, Nesjestranda

Oppdaga denne kvelden at ferge #2, "Stryn", i sambandet Sølsnes - Åfarnes gjekk til Molde etter endt tjeneste. "Stryn" overnatter vanlegvis ved tømmerkaia på Malo, så det betydde nok besøk av tømmerbåt på Malo om natta. Og det var rett konklusjon, for ca 22:45 kom lastebåten "Norjarl" i god fart forbi Veøya. Køyrde ein tur til Sølsnes og Malo for å ta nokre bilder. "Norjarl" gjekk mellom Veøya og Sølsnesholmane og midt ut i Langfjorden for å unngå møte med ferga "Julsund" som var på veg frå Åfarnes til Sølsnes. Etter å ha passert "Julsund", la "Norjarl" kursen rett mot land på nordsida av Langfjorden for deretter å legge til ved tømmerkaia på Malo. Fekk nokre greie bilder sjølv om det var seint på kvelden.

Info om "NORJARL" :
Bygd i 2009 ved Sainty Shipbuilding Co Ltd., i Jiangsu, Kina, Lengde 119.3 m, 5335 grt, 6796 dwt.  2009-2013 : "MEDARCTIC", Limassol,
2013 :          "BIP BOND",
2013-2016 : "LAPPLAND", Gibraltar,
2016 - :        "NORJARL", Haugesund,  Eier : Arriva Shipping, Ølen/Ølensvåg, (06.09.16).

 "Norjarl" gjekk på nordsida av Veøya, men la om kursen og gjekk sør om Sølsnesholmane. Her passerer den sør for Skjeret, 25.05.18.

"Norjarl" på veg til Malo for å laste tømmer. 25.05.18.

"Norjarl" møtte ferga "Julsund" i ruta Åfarnes - Sølsnes og måtte ta ein runde sørover for å komme bak ferga.  25.05.18. "Norjarl" hadde sjølvsagt vikeplikt for rutegåande trafikk. 

"Norjarl" møtte ferga "Julsund" i ruta Åfarnes - Sølsnes og måtte ta ein runde sørover for å komme bak ferga.  25.05.18.

"Norjarl" passerer rett bak "Julsund", 25.05.18. Kl 22:51.

"Norjarl" og "Julsund", 25.05.18.

"Norjarl" i Langfjorden, Åfarnes i bakgrunnen. 25.05.18.

"Norjarl" la om kursen og kom rett over fjorden. Det var tydeleg at skipet hadde tatt denne omvegen for å unngå møte med ferga. 25.05.18.

"Norjarl" på veg til Malo for å hente tømmer. 25.05.18.

"Norjarl" på veg til Malo for å hente tømmer. 25.05.18. Åfarnes i bakgrunnen.

"Norjarl" nærmer seg tømmerkaia på Malo, Nesjestranda 25.05.18.

"Norjarl" nærmer seg tømmerkaia på Malo, Nesjestranda 25.05.18.

"Norjarl" like ved tømmerkaia på Malo, Nesjestranda 25.05.18. Kl 23:05.

Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar