torsdag 10. mai 2018

Båttur blant niser

I dag var vi på årets første båttur. Silje har masa om fisking i lengre tid, og no var båten satt ut og tida inne for ein tur ut på fjorden. Men det vart dårleg med fisking, ingen fangst. Derimot fekk vi ein flott opplevelse med niser rundt båten. Det var ein heil flokk med niser som nok syntest båten var interessant. I alle fall kom dei veldig nær, og var vel omtrent 1 meter frå båten på det nærmaste. Ein artig opplevelse for Silje. Nise [phocoena phocoena] er ein liten tannhval i nisefamilien. Nisene blir vanlegvis ca 1.5 m lange og med ei vekt på litt over 50 kg.  Vi tok også turen over til Veøya og prøvde fiskelykken der utan hell. 
Nedenfor er nokre bilder frå turen. Fekk også nokre bilder av nisene, sjølv om det var vanskeleg å tippe kor dei dukka opp.  Veret var flott, men det blåste litt og var litt uroleg sjø over Veøyfjorden.

Silje prøver fiskelykken.

Vi flytta oss nærmare Flovikholmen.

Nise utanfor Valen, Stenså. 

Nisene kom nærmare båten.

Nisa er oppe og puster like ved båten.

Denne nisa passerer båten så vidt under sjøoverflaten.

Nisa passerer båten, kan sjå båtripa i nedre, høgre kant av bildet. 

Nise like ved båten. Vi avslutta naturlegvis fiskinga etter at vi fekk besøk av nisene.

Dette vart vel det beste nisebildet. Her er den ikkje langt frå båten.

Avslutta turen med å køyre over til Veøya. Her ser vi inn mot Norvågen og Veøy gamle kyrkje.



Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar