torsdag 18. april 2019

Påsketur til Alteret i Horja

Skjærtorsdag vart det tur til Alteret i Horja på Nesjestranda. Dette er eit kulturminne med mulig "hedensk" opphav. Fekk med meg minstejenta og vi tok med sykler til Berg. Sykla innover Skålsetervegen.  Det var fortsatt ein del snø og is i enkelte parti som låg i skugge, ellers grei sykkelveg. Tok med syklane opp til Bergsviksetra. Derifra tok vi beina fatt for no var det meir snø og is i vegen. Gjekk den normale vegen opp til Alteret. Ein del snø i skogen. 
Det er mange som har tradisjon med å gå til Alteret på Skjærtorsdag og det hadde nok vore mange der i dag også. Silje synest at folk må bli flinkare til å ta med seg ned att søppel. Mykje små "altervinsglass" i plast låg igjen på bakken. Nokon hadde bært med seg eit fyrverkeribatteri som også stod igjen i skogen. Kanskje nokon som var ved Alteret om Nyttårsaftan og hadde skutt opp Nyttårsfyrverkeri ?
Ellers ein fin tur for oss. På tur ned fekk vi sjå ein frosk på vegen. Silje fekk flytta den av vegen slik at den ikkje skulle bli påkøyrt av biler. Vegen var stengt for trafikk ved rasteplassen ved Vikvatnet på grunn av teleløysing og snø/is i vegen. Det var mange som hadde køyrt bil dit. 
Her er nokre av dagens bilder. 

Silje ved Alteret, 18.04.2019.

Silje ved Alteret, 18.04.2019.

Silje ved Alteret, 18.04.2019.

2 stk ved Alteret, 18.04.2019.

Silje ved Alteret, 18.04.2019. Bilde tatt frå motsatt side.

Alteret i Horja, 18.04.2019.

Silje viser ein av fleire vegvisarar på turen opp til Alteret. Skulle gjerne hatt ein vegvisar til øverst der stien svinger mot vest. Ikkje alle som er lokalkjente.

Ein del snø på stien til Alteret. Her er vi på tur ned igjen. 

Silje viser vegvisaren til Alteret der stien tek av frå skogsvegen inn i skogen.

Her er vi komme ned til syklane våre ved Bergsviksetra.

Silje på tur ned frå Bergsviksetra, 18.04.2019.

I god fart ned Seterbakken. Vi ser litt av Vikvatnet som fortsatt var islagt. 18.04.2019. 

Silje ved rasteplassen ved Vikvatnet. Her er første ledd på fiskebrygga.  Det er is på vatnet, men det er ei tynn stripe med åpent vann langs land.

Slik ser det ut på Vikvatnet, 18.04.2019.

Silje stoppa for denne frosken på vegen ned mot Berg. 

Kvekk, kvekk !  Silje flytta frosken ut av vegen slik at den ikkje skulle bli påkøyrt av biler. 

Ein fin bukett med Hestehov i vegkanten ved Berg, 18.04.2019.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar