torsdag 24. august 2017

Grå Fluesnapper ved Bergsvik Grendahus

Har venta ei stund før eg laga dette innlegget. Valgte ein heller nøytral tittel på innlegget. Innlegget kunne vel ha vore for eksempel slik : "Uerfarent fuglepar førte til mislykka hekking".
Problemstillinga her er valg av hekkeplass og dårleg ver.  
Oppdaga eit par med Grå fluesnapper [Muscicapa striata] ved Bergsvik Grendehus i begynnelsen av Juli. Såg fort kor dei hadde lagt reiret sitt. Det var i takrenna på grendehuset. Grå fluesnapper har ein tendens til å velge reirplass med utsikt, men denne gongen fekk dei tydelegvis problem med det våte sommarveret. Det var til tider så mykje regn at takrenna ikkje klarte å ta unna alt vatnet. Dermed gjekk det galt med reiret. Egga (3 stk) vart våte i for lange perioder og foreldra klarte ikkje å tørke dei og holde varmen i dei. Sjølv om hoa trufast ruga på egga vart det aldri fugleunger av det.  Det er hoa som vanlegvis står for ruginga, mens hannen mater ho på reiret. Egglegging skjer vanlegvis i Juni, så her har dei nok vore seint ute eller holdt på lenge til ingen nytte. Hoa ruger vanlegvis egga i ca 13-14 døgn. Ved ny sjekk i slutten av august var fuglane borte, men reiret var fortsatt der med sine 3 egg.  Synd at det gjekk slik i år og lykke til med bedre valg av reirplass neste år. Her er nokre bilder. Bildene av fuglane er tatt med zoom-linse.


Grå Fluesnapper, Bergsvik Grendehus, 10.07.17.

Blinkskudd, hannen kommer inn for landing i bakgrunnen. Oppdaga ikkje dette før etter eg hadde tatt bildet.
Grå Fluesnapper, Bergsvik Grendehus, 10.07.17.

Reiret i takrenna, 10.07.17. Det var delvis tak over, men ingen beskyttelse mot vatn i takrenna. 
Hoa på veg til å legge seg på reiret. 10.07.17.
Hoa har lagt seg på reiret for å ruge. Ho har god utsikt. 10.07.17.

Her er eit bilde av reiret tatt den 24.08.17, 45 dager etter dei første bilda. Vi ser at egga er der, men ei plante har begynt å gro i reiret og eit par av egga var sprukne og rotne. 24.08.17.

Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar