23.08.2023 vart det arrangert ein stor fotballkamp i Molde. Det var play-off til Champions League mellom Molde FK og Galatasaray SK frå Istanbul, Tyrkia. Sammen med nesten 10 000 andre hadde eg kjøpt billett til kampen som gjekk så seint som kl 21:00. Det var regnvær i Molde heile dagen og grått og vått. Dro til Molde tidleg for å få parkert bilen og for å sjå på livet foran kampen. Det var forventa at over 1000 Galatasaray-supportere hadde kjøpt billett, så det var mykje folk i byen denne kvelden. Mesteparten av tyrkerne som hadde komme til Molde var tyrkere som bor i Norge eller Sverige og som heier på Galatasaray SK frå Istanbul.
Kom ned i Storgata frå vest og kunne sjå at Storgata øst for Folkets Hus var full av røyk. Det var massevis av politibiler og politifolk i området. Etter ei stund kom det eit "opptog" med fotballsupportere frå Galatasaray. Først var det flaggborg med flagga til Galatasaray og Tyrkia, Så kom supporterne marsjerende bak fleire banner og mange holdt røde lysbluss opp i lufta. Dette var årsaken til all røyken i Storgata. I det "hordene" kom til krysset med Amtmann Kroghs gate var det slutt på pyro-blussene og røyken letta. "Opptoget" gjekk roleg forbi Sportspuben 1911 der MFK sin supportere holdt til. Det var ngen problem med denne gjengen. Det vart stopp foran Hotel Scandic Alexandra. Trur folket venta for å få glimt av Galatasaray-spillerne som bodde på hotellet. Mengden med supportere fortsatte så vidare mot Aker Stadion i lett regn. Dette opptoget skjedde over 2 timer før kampstart. Mange av MFK sine supportere hadde ikkje komme ned i sentrum endå og gjekk vel glipp av dette opptrinnet. Det florerte med bilder og videoer på Fb og andre media, så folket i Molde fekk vel med seg kva som skjedde.
Oppe i gata vest for Alexandra stod det ein franskregistrert turbuss. Der hadde også svært mange av Galatasaray-supporterne samla seg. Det var denne bussen som skulle frakte Galatasaray-spillerne til Aker Stadion og tyrkerne venta på dei.
Eg gjekk også etter til Aker Stadion. Hadde billett på inngang 9 på sørsida av stadion. Dørene åpna først kl 19:30, halvannan time før kampstart. Måtte vente ei stund og fekk overvære forskjellig aktiviteter. MFK direktør Øystein Neerland stod klar til intervju med NRK-MR for kveldens distriktsnyheter 19:45. Såg også at MFK-spillerne kom gående og gjekk inn på stadion via spillerinngangen i underetasjen. Like etter kom bussen med Galatasaray-spillerne også. Ein god del fans stod klar til å ta i mot dei. Spillerne forsvant etter kvart inn på stadion via spillerinngangen i underetasjen. For meg var det berre å gå inn og finne plassen på Øvre tribune, felt N. Her var det i alle fall tak over hodet etter alt regnet.
Bilder frå kampen får følge i eit eget innlegg.
Her er ein del bilder, totalt 27 stk, tatt før kampen MFK - Galatasaray SK :
|
Svært mykje røyk i Storgata øst for Hotel Scandic Alexandra i Molde. Flagga til MFK sine supportere ses ved Sportspubben 1911 på hjørnet av hotellet. Storgata var avstengt som gågate. Ein politibil stod midt i Storgata. |
|
Bilde tatt innover Storgata frå krysset med Amtmann Kroghs gate. Her kjem det ein stor gjeng med Galatasaray-supportere. |
|
Storgata i Molde med opptog av tyrkiske supportere med røde bluss og mykje røyk. |
|
Det var nærmest slike tilstander vi kan sjå på TV frå andre land. Galatasaray-tilhengerne klarte å lage liv i Molde i regnværet. |
|
Storgata i Molde. |
|
Storgata i Molde. |
|
"Opptoget" med tyrkere har komme fram til krysset ved Folkets Hus. Røyken held på å legge seg. |
|
Mange fotballfans på veg til Aker Stadion. Alle bluss er sløkt. |
|
Horden passerer Sportspubben 1911 til MFK på hjørnet av Hotel Scandic Alexandra. |
|
Galatasaray-supporterne ved Hotel Scandic Alexandra. |
|
Galatasaray-supporterne ved Hotel Scandic Alexandra. |
|
Galatasaray-supporterne ved Hotel Scandic Alexandra. |
|
Galatasaray-supporterne ved Hotel Scandic Alexandra. |
|
"Toget" går vidare vestover mot Aker Stadion. Klokka er 18:56, det er over 2 timer igjen til kampstart. |
|
Supporterklubben til Galatasaray ser ut til å kalle seg "ultrAslan". |
|
Opptoget fortsatte vestover Julsundvegen mot Aker Stadion. |
|
I gata rett vest for Hotel Scandic Alexandra stod det ein buss. Her var mange av dei tyrkiske supporterane samla i håp om å sjå Galatasaray-spillerne som budde på hotellet og skulle busses til Aker Stadion. |
|
Vi venter på at spillerne til Galatasaray skal dukke opp. |
|
Vi venter på at spillerne til Galatasaray skal dukke opp. |
|
Politiet hadde kalla inn hjelp frå andre politidistrikt og hadde god kontroll. Her på bildet er det 5 politibiler. |
|
Fansen venter fortsatt på Galatasaray-spillerne. |
Her er bilder tatt utenfor Aker Stadion mens eg venta på at dørene åpna kl 19:30. Det var lett regn og fant ut at det var greitt å gå inn tidleg for å vere under tak.
|
Her er Molde-spillerne på veg inn på Aker Stadion. Dei kom alle til fots. Kristian Eriksen er bakerste mann. |
|
NRK-MR klar til intervju med administrerende direktør og sportslig leder i MFK, Øystein Neerland. |
Dette intervjuet gjekk på Distriktsnyhetene på NRK kl 19:45.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar