torsdag 31. august 2023

Utskifting av stikkrenner ved Vikelva på FV64, Nesjestranda, 31.08.2023

Kom over eit innlegg i Nyhetsstudio på Rbnett 24.08.2023 som kan vere av interesse for folk på Nesjestranda. Innlegget gjeld ei pressemelding frå Møre og Romsdal Fylkeskommune om arbeid med utskifting av stikkrenner ved Vikelva på FV 64 (Skålavegen) i Vikbukta på Nesjestranda. Arbeidet er beskreve som omfattende med oppretting av midlertidig veg for omkjøring under arbeidet. Arbeidet skal vare nesten heile september månad.  Eit bilde av Vikelva som går gjennom ein stålkulvert under vegfyllinga i Vikbukta er lagt med i innlegget.  Det kan bety at kulverten skal skiftes, sjølv om den nok er å regne for ei ganske stor "stikkrenne". Andre stikkrenner på øversida av FV64 skal vel kunne ledes inn i Vikelva utan omfattende tiltak. Det ser uansett ut til å bli mykje "styr" om den store trafikken på FV64 skal omlegges i Vikbukta. Etter plana skal vegen vere ferdig igjen 30. september.

Ein kulvert er ein nedgravd tunnel laget for gjennomføring av for eksempel vann, trafikk, tekniske installasjoner eller kombinasjoner av disse. Kulverter kan også regnes som små bruer. Wikipedia

Sjå innlegget frå Rbnett nedenfor.





FV64 vart ombygd med ny trasé frå Vik gjennom Viktunnelen og til Åsane (Skålasenteret)  i åra 1966-1967. På den tida bodde eg og familien i Midtgjerdet i Vikdalen og eg passerte veganlegget dagleg på veg til Bergsvik skole. Etter at vegen var ferdig hadde eg mange turer ned til Vikbukta og gjekk mange ganger gjennom kulverten til Vikelva. På eine sida i kulverten er det støypt fin gangveg gjennom heile kulverten. Det var populært å gå gjennom denne for ungane på den tida.
Tok meg ein tur for å sjå status på bru/kulvert i dag, etter ca 55-56 år.  Nedenfor er nokre bilder frå mitt siste besøk. Det er vel kanskje ikkje så mange som har gått gjennom denne kulverten i Vikbukta.
Stålkulverten ser ut til å vere fortsatt brukbar i mange år. Kulverten er farga av rust i elveløpet til  Vikelva. Denne brua har egen navneplate montert ved inngangen til kulverten på øversida. Her står det : "Bru Nr. 15-1024  Statens Vegvesen". 
Det skal bli interessant å sjå kor omfattende dette arbeidet blir.

Bru / kulvert over Vikelva, FV64, Vikbukta, Nesjestranda, 31.08.2023. Litt meir igjengrodd no enn på bildet frå fylkeskommunen som muligens er tatt ein tidleg vårdag.

Bru / kulvert over Vikelva, FV64, Vikbukta, Nesjestranda, 31.08.2023. 

Vikelva sett frå kulverten mot sjøen i Vikbukta. Trebrua er gangveg til naust på sørsida av Vikbukta.

Inngang til bru / kulvert til Vikelva frå sjøsida (vest).


Bilde tatt inne i kulverten under FV24. God plass til Vikelva her, også ved flom. Det er støypt gangveg gjennom heile kulverten. Kulverten er av bølga stål. Litt rust i taket, meir rustfarge i elvefaret. Metallet ser ellers ut til å vere bra. 

Utsikt vestover mot sjøen i Vikbukta.

Inngangen på øversida av vegen (øst). Det er tett skog langs elva på denne sida.

Her er navneskiltet til brua : "Bru nr. 15-1024  Statens Vegvesen". Årstall mangler.

Inngangen til kulvert på østsida. I inngangen er det også støypt med betong på utsida av kulverten.

Her står bilen plassert på brua over Vikelva på den gamle fylkesvegen. Her er det temmeleg igjengrodd med stor skog. Vi ser løa til gamle Veøy Prestegard i bakgrunnen. Dette var del av hovedvegen mellom Åndalsnes og Molde fram til nyvegen stod klar i 1967.


1 kommentar: