tirsdag 15. august 2023

Molde FK - KÍ Klaksvík, Kvalifiseringskamp til Champions League, 15.08.2023

Molde FK spilte i dag kvalifiseringskamp til Champions League på AkerStadion. Dette var returoppgjer i 3. kvalifiseringsrunde mot KÍ Klaksvík frå Færøyene. Molde FK tapte den første kampen 1-2 på Færøyene og måtte vinne med 2 mål i dag for å gå vidare. KÍ Klaksvík gjorde ingen skam på færøysk fotball og holdt Molde unna. Det stod 1-0 til Molde etter 2 omganger. Kristian Eriksen scora det første målet til Molde i 1. omgang. MFK fekk også 2 mål annulert på grunn av offside, eit av dei vart annulert etter inngripen frå VAR-teamet. Det vart derfor ekstraomganger. I den 2. ekstraomgangen klarte omsider Molde ved Martin Linnes å score det viktige målet som ga vidare avansement til playoff for Champions League. Eit stort publikum (over 10 000) på Aker Stadion kunne slippe jubelen laus. Men seieren satt langt inne og KÍ Klaksvík var ingen lett motstander. KÍ Klaksvík, KÍ = Klaksvíkar Ítróttarfelag, er frå byen Klaksvik på øya Borðoy på Færøyane. Klaksvik's hovedtrener ex Molde-spiller Magne Hoseth.

Har laga dette innlegget med ein del bilder før kampstart og mange bilder frå kampen. Dette er bilder tatt frå min plass på Øvre L  i sørøstre sving. Satt nær bortelagssupporterane som holdt eit stort trøkk heile kampen.

Utanfor Molde Lufthavn, Årø var det stor reklame for dagens viktige fotballkamp.

Fasaden til Scandic Hotel Alexandra var pynta med MFK-flagg. Butikkane i Storgata hadde alle MFK-flagg i utstillingsvinduene.

Samlingsplassen for MFK supporterklubb "Tornekrattet" på Sportspubben 1911.

Ute foran Bryggeripubben var det også mange fotballsupportere, mest frå Klaksvik, men såg også ein del med MFK supporterutstyr.

Eit banner i Storgata ønsker alle velkommen til kamp.

Så var det bilder frå kampen Molde FK - KÍ Klaksvík :


Lagene har komme inn på Aker Stadion.

Molde Fk og KÍ Klaksvík.

Lagene hilser før kampen.


Tribune øst med bortelagets supportere.

Supporterklubben til KÍ Klaksvík hadde med trommer. Dei holdt stemninga opp mesteparten av kampen.

Flagget til Færøyane.

KÍ Klaksvík har stilt seg opp for lagbilde før kampstart. Vegard Forren (ex MFK) står nærmest keeper.

Lagkapteinane og dommarane før kampstart.

Molde i angrep ved Sivert Heggheim Mannsverk. Klaksvik har lagt seg i forsvar med alle 10 utespillerne.

Magnus Eikrem scora eit flott mål og feira med lagkameratane. Etter ei stund vart målet annulert av VAR på grunn av offside i eit trekk før målet kom.

Magnus Eikrem og Vegard Forren er synkronisert.

Klaksvik's gode keeper, svenske Nils Jonathan Johansson.


Fullt trøkk på stortromma til Klaksvik-supporterane.

Corner til Molde ved Magnus Eikrem. Ser du ballen ?

Corner til Molde ved Magnus Eikrem. Ser du ballen ? Keeper Johansson bokser ballen unna.

Tornekrattet bak målet til Klaksvik i andre omgang.

Klaksvik i angrep etter langt innkast ved stjernespiller Árni Frederiksberg. MFK keeper Jacob Karlstrøm bokser ballen unna.

Árni Frederiksberg (#7) klar til å ta ein corner.

Det vart 1-0 til Molde etter 2 omganger. Klaksvik vant første kamp 2-1 på Færøyane. Dermed var det uavgjort etter 2 kamper 2-2 og det måtte ekstraomganger til for å få ein vinner.


Vegard Forren (#4) og Veton Berisha (#9) i 1. ekstraomgang.

Vegard Forren (#4) og Veton Berisha (#9) i første ekstraomgang.

Árni Frederiksberg (7) klar til å ta frispark i farleg posisjon.


Árni Frederiksberg (7) har akkurat tatt frisparket.

Det vart eit fantastisk lys frå solnedgangen over stadion.

Martin Linnes har scora målet som ga MFK seier 2-0 og dermed avansement til neste runde. Dette var i 2. ekstraomgang. Ved kampslutt stod det 1-0 til Molde og dermed 2-2 sammenlagt. Det måtte ekstraomganger til for å avgjere kampen.

Utspill frå MFK keeper Jacob Karlstrøm.

Eit siste farleg frispark frå Árni Frederiksberg.

Kampen er over. Molde FK har vunne 2-0. Spillerne gratuleres.

Kampen er over. Molde FK har vunne 2-0. Spillerne gratuleres.

Árni Frederiksberg var førstemann til å takke sine supportere for støtte under kampen.

Supporterne frå Klaksvik, Færøyene

Árni Frederiksberg, Klaksvik spiller #7. Han fekk ikkje dominere like mykje på Aker Stadion som han gjorde under den første kampen på Færøyane, men uansett ein svært god spiller og lagets store stjerne.

3 ex-Molde spillere som har gjort det svært bra for Klaksvik : Daniel Berg Hestad, Hjelpetrener, Vegard Forren (#4) og Sivert Stenseth Gussiås (#12).


Daniel Berg Hestad, Hjelpetrener, Vegard Forren (#4) og Sivert Stenseth Gussiås (#12). Foran står Luc Kassi (#27), også han frå Norge.


Molde FK hyller Tornekrattet for støtte under kampen.

Árni Frederiksberg var den einaste spilleren som takka samtlige av ballguttene for kampen.

Árni Frederiksberg var den einaste spilleren som takka samtlige av ballguttene for kampen.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar