19-21-Sep-2012 var eg på standby i Kristiansund for utreise til flyteriggen "Transocean Spitsbergen". Det vart 3 netter på Quality Grand Hotel, mens eg venta på å bli kalt ut til riggen. Fekk dermed god tid til sightseeing i Kristiansund og tok ein del bilder med tanke på blogginnlegg. Så her følger ein del bilder frå mange av dei mest kjente landemerka og turistattraksjonane i Kristiansund. Har laga egetblogginnlegg for Sundbåten, men det har sneke seg med eit par bilder her også.
Bildene er tatt den 20-Sep-2012 såfremt ikkje anna dato er oppgitt i bildebeskrivelsen.
Denne dagen starta på brygga i Kristiansund og tur over til Innlandet (Tahiti) med Sundbåten "Rapp".
![]() |
| Klippfiskkjerringa på Sundbåtkaia i Kristiansund. |
![]() |
| Sundbåten "Rapp" ved kai på Innlandet. |
![]() |
| Dødeladen Cafe, Innlandet. |
![]() |
| Bak dette gjerdet arrangeres Tahiti-festivalen. |
![]() |
| Dette huset står igjen på ein bergknaus på Innlandet. Fjellet er sprengt bort rundt heile huset. |
![]() |
| Måsestativ på Innlandet. Dårleg med måser denne dagen. |
![]() |
| Her er den einaste klippfiskbutikken i Norge. |
Etter retur til Kirkelandet med Sundbåten var eg ein tur og besøkte Knut Garshol Klippfisk. Dette er vel den einaste klippfiskbutikken i Norge. Om sommaren kjem det busslaster med spanjoler hit for å besøke Baccalaoens heimby.
![]() |
| Fasaden til Knut Garshol Klippfisk i Kristiansund. |
![]() |
| Baccalao-kasse hos Knut Garshol Klippfisk. |
![]() |
| Dette er ekte klippfisk av ypperste kvalitet. |
![]() |
| Nordmørskafeen er plassen for god, norsk tradisjonsmat i Kristiansund. |
![]() |
| Smia Fiskerestaurant. |
![]() |
| Frå Mellomverftet. Den gamle fiskebåten "Frimann" ligg på slippen. |
![]() |
| Mellomverftet i Vågen i Kristiansund. |
![]() |
| Den gamle redningsskøyta "Christiansund" er restaurert og ligg til kai ved Mellomverftet. |
![]() |
| Mellomverftet med "Frimann". |
![]() |
| Mellomverftet. Dette er restane av den gamle treferja "Rjånes", bygd i 1936. 21.09.12. |
![]() |
| Vanndamman. |
![]() |
| Vanndamman er kjent for sitt fugleliv. Her er blant anna ein blå Påfugl. |
![]() |
| Vanndamman. Denne "flotte" fuglen er ei Moskusand. |
![]() |
| Knoppsvane er ein fast hekkefugl i Vanndamman. |
![]() |
| Tissegutten i Vanndamman blir visst aldri ferdig. |
![]() |
| Denne fossen vart laga i anledning Kristiansund sitt 200 års-jubileum i 1992. |
![]() |
| Eg budde 3 netter på Quality Hotel Grand. |
![]() |
| Comfort Hotel Fosna har flott beliggenhet med utsikt over havna. 21.09.12. |
![]() |
| Fiskebåt på havna. Her får ein kjøpe alt av fisk, sjømat og Hjortekjøtt !!! "Ramsøyfjord" M-144-M frå Smøla. Bildet tatt 21.09.12. |
![]() |
| Redningsskøyta "Christiansund" på tur i Nordmørsbyen. |
![]() |
| Kystekspressen er eit vanleg syn på havna i Kristiansund. Dette er "Ladejarl". |
![]() |
| Hurtigruta "Nordnorge" forlet Kristiansund og gjer at Sundbåten "Rapp" må ta ein unnamanøver. |






























































