søndag 14. juli 2024

Stikk UT tur til Varghaugen, Jordalsgrenda, 14.07.2024

Det som er morsomt med Stikk UT er at det finnes alltid nye plasser å besøke, plasser som du aldri hadde tenkt på å besøke om du ikkje hadde funne den på Stikk UT kartet. For meg er det meir interessant enn å jage etter flest mulig Stikk UT koder. 
Ein slik tur var dagens turmål Varghaugen i fjellet ovenfor Jordalsgrenda i Sunndal kommune. Det kan vere ein fordel å lese kart og beskrivelse godt før slike turer. Her er det bomveg opp på fjellet. Bomvegen koster 80 kr, og du blir belasta ved passering på nedtur. Du betaler turen i etterkant på nettsiden www.youpark.no. Like før ei stor demning i Jordalselva deler vegen seg. Her må ein følge Trolltindvegen over brua. Du passerer ein stor P-plass, men kan med fordel køyre litt lenger opp. Her er det også merka Parkering for Stikk UT. Turen opp til Varghaugen går på god sti, kun eitt lite fuktig parti på heile turen. Turmålet og Stikk UT posten ligg på den høgaste av haugene på Varghaugen. Eg gjekk litt vidare fram til den fremste haugen med flott utsikt heilt ned til Sunndalsfjorden. Dette var ein tur som var enkel å gå og som passer for alle. Nedenfor er ein del bilder frå turen. Terrenget er eit flott fjellterreng omkransa av høge fjell. Vi er her på baksiden av Eresfjordfjella i Kanndalen som er grensefjell mellom Sunndal og Molde (tidlegare Nesset) kommuner.

Nedenfor er ein del bilder frå turen. Det er tekst til kvart bilde. Klikk på bildene for å sjå større bilder.

Her er Trolltind bomstasjon på Trolltindvegen. Her er det skiltfotografering. Betaling mulig etter å ha køyrt ut igjen. Jordalsgrenda, 14.07.2024.

Her er demninga med bru over Jordalselva. Her er det også eit lite kraftverk. 14.07.2024.

Parkering for Stikk UT er rett nedfor Sjåarhaugen. Det er grusveg nesten opp til Sjåarhaugen på 550 m.o.h,  sti resten.

Utsikt frå Sjåarhaugen mot Varghaugen og Åbittindane (til høgre). Trolltinden er skjult bak fjellet (uten navn) bak Varghaugen. 14.07.2024. 
Utsikt frå Sjåarhaugen mot Ryssdalen og Ryssdalsnebba, 1618 m.o.h. 14.07.2024.

Stien frå Sjåarhaugen til Varghaugen er merka med rødfarga trepåler. 14.07.2024.

Selfie på stien oppover mot Varghaugen, 14.07.2024.

Varghaugen, 679 m.o.h..den høgaste haugen er den bakerste haugen. Der er også Stikk UT posten, 14.07.2024.

Utsikt frå Varghaugen mot Inste Åbittinden, 1396 moh. Toppen til høgre er 1357 moh. Elva heiter Seterelva og kjem frå eit vatn i Indre Trollbotnen. 14.07.2024.

Stikk UT posten på Varghaugen, 679 m.o.h.

Utsikt frå Varghaugen mot Skrommelnebba, 1548 m.o.h. som ligg på austsida av Ryssdalen. Vi ser traseen til anleggsvegen opp i Ryssdalen.14.07.2023.


Utsikt frå Varghaugen mot hyttefelt i Ryssdalen og fjella Grytfjellet og Salsnebba, 1020 m.o.h. 14.07.2024.


Selfie på den fremste haugen på Varghaugen, 14.07.2023. 658 m.o.h.

Utsikt frå Varghaugen mot Sunndalsfjorden, 14.07.2024.   

Blåklokke, Varghaugen, 14.07.2024.

Tiriltunge, Varghaugen, 14.07.2024.

Retur ned Sjåarhaugvegen til P-plassen, 14.07.2024.

Utsikt mot Liasetrin (midt i bildet) i Ryssdalen og  Grytfjellet og Salsnebba, 1020 m.o.h. 14.07.2024.

2 boergeiter er på jobb for kulturlandskapet, Trolltindvegen, 14.07.2024.

Køyrde ein tur oppover Ryssdalsvegen. Her er utsikt over mot Åbittindane og Varghaugen (omtrent midt i bildet).  Mange nye hytter er bygd i området. 14.07.2024.   

Gammel seterbu på Liasetrin, Ryssdalen, 14.07.2024.

Gammel seterbu på Liasetrin, Ryssdalen, 14.07.2024.

Informasjon om Trolltind Bomstasjon. Må betale kr 80 til www.youpark.no. 14.07.2024.