søndag 1. september 2024

Stikk UT tur til Kvanndalen i Rauma kommune, 01.09.2024

Søndag 01.09.2024 dro eg på tur til Isfjorden. Køyrde opp til Dalsbygda og eit lite stykke på bomvegen i Erstaddalen til turparkering for Kvanndalen. Det var sol og flott sommervær. Frå parkeringsplassen går turen på bru over elva Glutra og vidare ca 1.6 km på traktorveg. Ved enden av traktorvegen er det berre å følge stien vidare opp og inn i Kvanndalen. Det er eit stiskille litt lenger fram til Russersteinen. Dette er ein heller der det låg ein russisk krigsfange som hadde rømt frå fangeleir i Isfjorden under 2. verdenskrig. 
Men min tur gjekk rett inn i Kvanndalen. Denne stien er einaste stien inn i Kvanndalen. Kvanndalen er ein uberørt dal uten kraflinjer og anna menneskeleg aktivitet, ingen hyttebygging. Slik sett ein unik dal her i Romsdalen. Fortsatte innover dalen til stien passerte ein liten dam eller tjern som har navnet Kvanndalsvatn. Her skulle Stikk UT posten vere. Men fant ingen Stikk UT post, så gjekk eit stykke lenger oppover etter stien. Her var det flott utsikt mot Vengetindane og Kvanndalstindane. Kvanndalen er på baksida/austsida av Vengetindane. Kan sjå Kvanndalstind, 1744 m.o.h og den karakteristiske pinnakkelen Torshammaren.
Gjekk tilbake til Kvanndalsvatnet for matpause. Deretter retur ned igjen samme veg. Målte lengde frå Kvanndalsvatnet til parkeringa nede i dalen til ca 4 km, så totalt 8 km tur/retur.  Ein fin fjelltur i ein flott fjelldal. Stikk UT posten hadde hatt eit besøkstall på 71 turer hittil i år.

Her følger ein del bilder frå turen.

Bomveg ved Øver-Dale i Dalsbygda inn i Erstaddalen.

Parkering for turer til Kvanndalen er eit lite stykke inn i bomvegen til Erstaddalen.

Turen til Kvanndalen starter med bru over elva Glutra og traktorveg vidare oppover.
T
Her er eg ved enden av traktorvegen etter ce 1.6 km. Deretter var det sti vidare opp og inn i Kvanndalen.

Stidele på stien. Følg retning mot Kvanndalen for å komme til Stikk UT posten.

Utsikt ned mot Dalsbygda i Isfjorden. Vi ser fjellet Moanebba rett opp for Dalsbygda.

Stimerke ved stien til Kvanndalen.

Utsikt inn i Kvanndalen. Kvanndalstind midt i bildet. Vengetindmassivet til høgre. 01.09.2024.

Elva Kvanndøla tek ein sving rundt ei stor steinblokk.

Eit roleg parti av Kvanndøla i Kvanndalen.

Her er det muleg å komme tørrskodd over Kvanndøla.

Utsikt inn i Kvanndalen. Kvanndalstind i midten.

Her er turmålet Kvanndalsvatnet, ein liten dam / tjern med lite tilsig av vatn. Men Stikk UT posten var borte.

Utsikt opp mot ein isbre på kanten rett sør for Store Vengetind.

Fleire isbreer i området mellom Vengetindane og Kvanndalstindane.

Kvanndalstind og tindenåla Torshammaren.


Kvanndalsvatnet i Kvanndalen, 01.09.2024.

Kvanndalsvatnet i Kvanndalen, 01.09.2024.

Ved Kvanndalsvatnet i Kvanndalen, 01.09.2024.

Utsikt frå Kvanndalsvatnet og opp mot Vengetindmassivet. Ser ikkje toppane som ligg litt lenger bak.

Gammelt stimerke i Kvanndalen.

Då har eg komme så langt ned at det er utsikt ned til Øver-Dale i Dalsbygda.

Her er eit bilde frå Ner-Dale i Dalsbygda som viser Kvanndalen midt i bildet. 01.09.2024.