lørdag 22. mars 2025

Fellestur med Birdlife MR til Skardsøya i Aure kommune 22.03.2025

Årets første fellestur med Birdlife Møre og Romsdal gjekk til Skardsøya i Aure kommune lørdag 22.03.2025. Målet med turen var å sjå etter sjøfugler blant anna gulnebblom som overvintrer i området ved Skardsøya. Oppmøte var ved Vean busstopp ved brua over til Skardsøya kl 10:00. Turledere var Ingvar Gjerdevik og Arnstein Gjeldnes. Ingvar hadde fått nyss om at ein sjelden fugl var observert i Kjørsvikbugen. Vi bestemte oss for å legge turen til Kjørsvikbugen først. Eirik og Hans Våg hadde sett fuglen tidlegare på dagen og vi vart med dei til ein utsiktplass. Fuglen vi ville sjå etter var ein underart av ærfugl som heiter Borealis, (Somateria mollissima borealis). Dette er ein fugl som stort sett held seg på Svalbard og hadde få observasjoner i Møre og Romsdal. Den eine Borealis-hannen holdt sammen med ein stor flokk med vanlige ærfugler. Uheldigvis låg flokken ganske langt frå land, men vi fekk alle sjå underarten med teleskop. Underarten skilte seg ut frå resten av ærfugl-hannene med sitt gule nebb. I samme flokk kunne vi også sjå mange haveller og ein del storskarv. Dette funnet vart eit høgdepunkt på turen. 
Vi dro så tilbake til Skardsøya og køyrde ut til Skard. Der gjekk vi ut på neset Hanen for å sjå etter gulnebblom. Her fekk vi sjå totalt 6 stk gulnebblom, men dei låg no langt frå land, nesten ute i Trondheimsleia. Grunnen til det var nok litt trafikk av fritidsbåter i området nærmare land. Her fekk likevel alle sett gulnebblom med teleskop, men fuglane var utanfor fotohold. 
Turen gjekk så vidare med stopp i Mellandsvågen mellom Skardsøya og Lesundøya. Her var det mange arter, men dei fleste låg også her langt ute frå land. Vi fekk sett smålom, islom, sjøorre, svartand, ærfugl, horndykker og den meir sjeldne gråstrupedykkeren.  Deretter gjekk turen til siste stoppestad for turen som var Finnset på sørsida av Skardsøya. Her var det fin utsikt over Finnsetbugen og til Trondheimsleia og vi fekk sjå mange fleire islomar. Totalt vart det observert 19 stk islom i Mellandsvågsområdet. Vi fekk også sjå eit par otere i aksjon. 
Det var gode værforhold med sol og fint vær under turen. Men det begynte å blåse litt utover ettermiddagen, og med meir bølger på sjøen vart det vanskelegare å oppdage fugler på langt hold. 
Alle observerte arter er oppdatert i Artsobservasjoner.  Vi var totalt 8 stk fugleinteresserte personer på turen. Fekk tatt nokre fuglebilder på langt hold med Nikon P1000. Stor takk til turledere Ingvar og Arnstein for ein flott tur.

Ærfugl underart borealis, (Somateria mollissima borealis), Kjørsvikbugen, 22.03.2025.

Haveller, Kjørsvikbugen, 22.03.2025.

Ein stor flokk med ærfugl og ei havelle. Midt i bildet ser vi ærfugl underarten borealis med gult nebb. Kjørsvikbugen, 22.03.2025.


Frå Skard på Skardsøya. Vi ser etter gulnebblom.

Avreise frå Skard, Skardsøya.

2 stk sjøorre i Mellandsvågen, 22.03.2025.

Smålom i Mellandsvågen, 22.03.2025.


2 svartender i Mellandsvågen, 22.03.2025.


Her ser vi etter islom frå P-plassen på Finnset, Skardsøya, 22.03.2025.


lørdag 18. januar 2025

Åpning av Friluftslivets År - Aktiviteter og bålbrenning på Nøysomhed, Molde, 18.01.2025

Lørdag 18.01.2025 var det offisiell åpning av Friluftslivets År på Nøysomhed i Molde. Dette området har no fått navnet "Friluftsbrygga". Her var rigga til eit stort arrangement med deltakelse av mange frivillige organisasjoner. Det var åpning ved ordfører i Molde kommune, Trygve Grydeland som etter ein kort tale og tente eit bål i ei bålpanne.  Så var det også arrangert ein vandretur med guider gjennom Retiro-skogen for dei som ville det. 

Arrangementet varte frå kl 14 - 17. Etter åpninga var det diverse aktiviteter rundt om på området. 
Birdlife Møre og Romsdal deltok med stand som hadde tilbud til barn om bygging av fuglekasser. Frå Birdlife MR deltok Jørn Kjersem, Mareno Nauste, Alf Reitan og Ola Betten. Ola var med som fugleguide på turen i Retiro-skogen, mens vi andre 3 bemanna fuglekasse-verkstedet som vi fekk ha inne i naustet til Kystlaget. Det vart etter kvart stor interesse for å bygge fuglekasser, så det var tydeleg ein populær aktivitet for barn ( og voksne). Fekk så vidt tid til å ta nokre bilder for å dokumentere åpning av Friluftslivets år og Birdlife MR's aktivitet.  Det var anslått at ca 600 personer besøkte arrangementet.

Arrangementet var leda av DNT Romsdal med følgende samarbeidpartnere :
* Romsdal kystlag
* Moldespeiderne
* Molde Jeger- og Fiskerforening
* Risken sopp- og nyttevekstforening
* Birdlife Møre og Romsdal
* Retiroparkens Venner
* Moldemarkas Venner
* Molde kajakklubb
* Naturvernforbundet Molde
* Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal
* Molde kommune
* Møre og Romsdal fylkeskommune
* Ingunn Eidsæter med sin naturkunst

Dette innlegget har kun bilder frå Birdlife Møre og Romsdals aktivitet. Fotografen fekk ikkje tid til å besøke dei andre organisasjonane.  Nedenfor er ein del av bildene.


Birdlife Møre og Romsdal fekk låne lokale til stand i naustet til Romsdal Kystlag.

Niklas og Paris fra jazzlinja på Romsdal VGS åpna arrangementet med fanfare og flott musikk.

Ordfører Trygve Grydeland foretok den offisielle åpninga av Friluftslivets år.

Ordfører Trygve Grydeland foretok den offisielle åpninga av Friluftslivets år

Ein del av publikum under åpningsseremonien.

Ordfører Trygve Grydeland foretok den offisielle åpninga av Friluftslivets år

Ordfører Trygve Grydeland har akkurat mottatt ein fakkel av daglig leder i DNT Romsdal, Maria Holo Leikarnes. Ordføraren skal tenne eit bål for offisiell deltakelse i "Hele Norge båler".

Ordfører Trygve Grydeland i Molde kommune tenner bål og vi er med i "Hele Norge båler".

DNT Romsdal fekk ein stor sjekk på kr 500 000 i gave frå Sparebank 1 SMN.

Maria Holo Leikarnes, daglig leder i DNT Romsdal takker for gaven frå Sparebank 1 SMN og taler til folket.



Bilder frå Birdlife Møre og Romsdals aktivitet :


Det er klart for bygging av fuglekasser. Mareno sager til plankebiter.

Frå Birdlife MR sitt "fuglekasse-verksted" mens vi venter på eit rush av unger.

Bygging av fuglekasser i full gang ved Jørn og Mareno.

Mareno i gang med å forberede ei kasse. Barna som ville var med og laga hull og monterte dei siste sidene.

Frå Birdlife MR sin stand. Jørn i arbeid.

Frå Birdlife MR sin stand.

Frå Birdlife MR sin stand.

Frå Birdlife MR sin stand. Her får dei ei fuglekasse med "pigger" på taket til skremsel for husets katt.

Frå Birdlife MR sin stand.

Frå Birdlife MR sin stand.