På heimtur frå Dombås søndag 29.06.2025 hadde eg tid til overs og fann ut at eg skulle køyre ein tur opp til Aursjøen frå Lesja-sida. Det går bomveg frå Aurstad mellom Dombås og Lesja. Vegskilt opplyser om at det er 25 km til Aursjøen. Turen går over dalsida og ned i ein ny dal, Svartdalen, der elva Jore er dominerande. Jore er elva som alle krysser på ny bru like før Dombås om du kjem frå Lesja.
Det var delvis sol og fint ver eit stykke på turen, men så kom det litt regn og det vart overskya med dårleg sikt. Kom til eit vegskille som heiter Kvitkrysset. Her kan ein velje om ein vil køyre på vestsida av Aursjøen til Gåsbue eller på austsida til Naustvike. Eg valgte å køyre i retning Naustvike som er så langt som det går an å køyre langs Aursjøen. Lenger nord går grensa mellom Innlandet og Møre og Romsdal fylke og det går ein tursti vidare frå Naustvike til Aursjøhytta ved demninga i nordvest.
Aursjøen vart ferdig oppdemt i 1956 og er det største reservoaret til Aura Kraftverk på Sunndalsøra. Før reguleringa var det 3 innsjøer, Gautsjøen, Grynningen og Aursjøen som då vart ein sammenhengande innsjø også kalla Aursjødammen. Det var langt i frå full vannstand i Aursjøen no, så alt regn er velkomment for å få høgare fyllingsgrad til vinteren. Passerte mange flotte setergrender på turen til Aursjøen. Aursjøen går i nord-vestleg retning. Vegen inn til Naustvike er anleggsvegen brukt under bygging av kraftlinjer frå Aura Kraftverk. Ved Naustvike var det nokre naust og båtplass for dei som har båt i Aursjøen. Fekk meir regn på tilbaketuren. GPS-måling viste at eg hadde køyrt 37.3 km frå Naustvike og tilbake til E136 ved Aurstad. 25 km var nok berre opp til sørenden av Gautsjøen/Aursjøen. Det gjekk ein del sau på setrene, men det såg ikkje ut til å vere aktiv seterdrift i dalen. Ellers var det svært lite trafikk og folk her oppe denne dagen.
 |
Vegskilt nede ved hovedvegen ved Aurstad i Lesja kommune viser avstanden til Aursjøen. Auravegen opp på fjellet og vidare Dalsidevegen er bomveg med automatisk registrering og betaling via nettsiden PassPay. Bompengane var kr 150. |
 |
Skilt oppe på fjellet der Dalsida Statsallmennig starter og vegen går ned i Svartdalen. Her er det mange flotte seterstøler og ein god del hytter. |
 |
Etter å ha passert setrene på Filling traff eg på desse ungdyra som var på sommarbeite. |
 |
Morsom trefigur ved ein plass som heite Klåvå'n. Ein trost hadde funne ut at toppen av trollets lue var ein god reirplass. |
 |
Ved Sjongosen i Sjongvatnet var det ein liten holme med ein rugande fiskemåse. |
 |
Kvitkrysset, her er det vegskille mellom veg på austsida av Aursjøen mot Naustvike og på vestsida av Aursjøen mot Gåsbue. Eg valgte å køyre den lengste vegen mot Naustvike. Dette krysset er rett før den oppdemte Aursjødammen. |
 |
Seter ved Sørhella. Det var lett regn og skodde i fjella. Sjøen vi ser er den sørlege del av Aursjøen som heiter Gautsjøen. |
 |
Her er eg ved vegens ende i Naustvike. Hadde det vore klart vær, kunne vi herifrå sjå mot demninga i Aursjødammen i nord. |
 |
Ein einsleg båt venter på at Aursjøen skal fylles opp i Naustvike. |
 |
Frå Naustvike, sikkert ei flott badestrand i finevær. |
 |
Her i Naustvike var det fortsatt igjen nokre små snøflekker. |
 |
Utsikt frå Naustvike mot sør. |
 |
Utsikt frå Naustvike mot nord. Landskapet virker svært goldt sidan vi egentleg står på botnen av Aursjøen. Aursjødammen er tappa ned for å produsere kraft og fyllingsgraden er derfor lav. |
 |
Bokstavleg talt ved vegs ende i Naustvike, Aursjøen. |
 |
Bokstavleg talt ved vegs ende i Naustvike, Aursjøen. |
 |
Selfie ved vegens ende i Naustvike ved Aursjøen. |
 |
Ved vegens ende, Naustvike / Naustviki. Målt avstand frå start ved Aurstad og til Naustvike var 37.3 km. |
 |
Geitåe, elva frå Geitådalen. |
 |
Køyrer vegen tilbake mot Sjong seter. Vegen går langs kraftlinjetraseen og var vel bygd som anleggsveg. Gautsjøen/Aursjøen til høgre. |
 |
Sauer ved vegen ved Sjong seter. Denne setra ligg ved Sjongvatnet rett sør for Aursjødammen. |
 |
Sjong seter har eget seterkapell, Sjong Seterkapell er bygget som ein kan sjå rett over taket på den nærmaste seterbygninga i venstre del av bildet. |
 |
Vegvisar ved Sjong seter. |
 |
Ein flokk med villsau ved Sjong seter. |
 |
Utsikt mot Sjongvatnet. |
 |
Sauer ved vegkryss for veg til plass for Camping og og vidare til Skamsdalen. Frå Skamsdalen går det merka sti til DNT-hyttene Grøvudalshytta og Åmotdalshytta og dalen er ein innfallsport til Dovrefjell - Sunndalsfjella nasjonalpark. |
 |
Stor seter ved Filling. |
 |
Gammel seterbygning ved Filling. |
 |
Gammel seterbygning ved Filling. Rabarbraen veks godt ved husveggen. |
 |
Gammel seterstøl ved Filling. |
 |
Kartutsnitt som viser vegen gjennom Dalsidene og til Naustvike ved Aursjøen som registrert av GPS på min mobiltelefon. Total målt køyredistanse er 37.3 km. |