søndag 5. januar 2014

Tur til Nysetra og Kneikja

Denne første søndagen i 2014 brukte vi til å ta ein fin rundtur opp til Nysetra. Dette er ei gammel seterbygning som ligg på nordsida av Heian. Setra er svært falleferdig og er ikkje brukbar lenger. Den mangler golv og værveggen er i dårleg forfatning. Taket såg ut til å vere bra, så kanskje er det mulig å redde setra slik som ho står. Dette kunne vere eit flott oppussingsprosjekt for driftige karer på linje med det arbeidet som vart gjort med Floviksetra. Er usikker på kven som eig Nysetra, men regner med at den høyrer til Vågseter-garden.
Vi starta turen på skogsvegen som går opp Vågseterdalen frå Vågsetersvingen på Vågsetra. I enden av skogsvegen var det merka med rødmala skilt. Stien vidare gjekk relativt bratt oppover nordsida av Kammen. Her er det fleire daler og avsatser. Vel oppe på den siste avsatsen der vi kunne sjå oppover mot Horja og Heian var det stidele. Rødskilta viste vegen vidare oppover til Heian, mens den gamle stien vidare østover til Nysetra var merka med kvite band. Kom opp til Nysetra etter ca ein times gange med innlagte pauser. Silje satt i bæremeisen heile vegen opp og var så rimelig fornøyd med det.
Ved Nysetra tok vi oss ei lengre pause med kaffe, klementiner og Kvikk Lunsj. Døra til Nysetra er åpen og vi måtte ein tur inn for å kikke ut gjennom dei åpne vindusgluggane. Her var det mange flotte fotomotiv.
Vi tok ein anna veg ned igjen. Vi tok stien som gjekk nedover mot nord. Her var det tildels vått myrterreng, men enkelte plasser var det frosse til med is. Litt rart med is no etter så lang tid med varmegrader, men det er vel kaldt nok om natta her oppe. Gjekk stien vidare ned mot Kneikja der det er ein velbrukt rasteplass med flott utsikt utover Vågane og Røvika. Frå Kneikja er det fin skogsveg (traktorveg) ned til Hovdenakkvegen. Gjekk gangvegen tilbake til bilen i Vågsetersvingen, så heile turen vart ein fin rundtur.

På fin skogsveg oppover Vågseterdalen.  05.01.14.
Martin ved rødmala skilt som viser vegen opp mot Nysetra og vidare til Heian. 05.01.14.
Martin ved stien til Nysetra.  05.01.14.
Ved stor stein like før Nysetra.  05.01.14.
Martin og Ida var først framme ved Nysetra.  05.01.14.



 




Pause utanfor Nysetra, 05.01.14.

Pause utanfor Nysetra, 05.01.14.


"Selfie" med Ida og Martin, Nysetra 05.01.14.

Silje vart svært glad for å få Kvikk Lunsj.  05.01.14.

Nysetra sett frå nordøst, 05.01.14.

Døra til Nysetra. Der var det kasse med turbok.  05.01.14.

Detalj frå veggen på Nysetra. Her var veggen mellom fjøs og oppholdsrom lafta. 05.01.14.


Nysetra sett frå vest. Værveggen er i dårleg forfatning. 05.01.14.

Nysetra sett frå nordøst. Dette er eit fint turmål. 05.01.13.

På trappa til Nysetra.  05.01.14.





Skjegglav ved Nysetra 05.01.14.


Skjegglav ved Nysetra 05.01.14.
På turen ned var det flott utsikt mot Bolsøya og Molde.  05.01.14.
 

Martin syntest det var gøy å gå på isen. 05.01.14.

Utsikt opp mot Horja, 550 moh.  05.01.14.
 
På stien ned mot Kneikja var det lagt ut plank over nokre av myrene.  05.01.14.

Ved rasteplassen på Kneikja,  05.01.14.


På Kneikja.  Fin utsikt mot Vågane og Røvik.  05.01.14.


På veg ned skogsvegen frå Kneikja.  05.01.14.


Ida på skogsvegen ned frå Kneikja. Her ser det ut som vegen gå i ein tunnell av tre.  05.01.14.
 



søndag 27. oktober 2013

Haustbilder 2013

HAUSTBILDER  27.10.13.

På Nord-Nesje, Nesjestranda 27.10.13.
Bergsvikbukta, Nesjestranda 27.10.13.

Villblomster - 2013

Har samla ein del nye blomsterbilder i dette innlegget. Dette er villblomster som alle er observert i Norge. Bildene er lagt inn kronologisk med dei siste bildene sist (øverst) i innlegget.

27-OKT-2013 :   GUL GÅSEBLOM


Gul gåseblom, Nesje 27.10.13.

Gul gåseblom, Nesje 27.10.13.

 15-AUG-2013 :    ÅKERDYLLE


Åkerdylle, Bergsvikbukta, Nesjestranda 15.08.13
Åkerdylle, Bergsvikbukta, Nesjestranda 15.08.13.  
11-AUG-2013 :   ÅKERDYLLE

Åkerdylle, Bergsvikbukta, Nesjestranda 11.08.13.



04-AUG-2013 :   VANNLILJE

Vannlilje i Hundetjønna, Hollingen, Aukra Kommune 04.08.13.

Vannlilje i Hundetjønna, Hollingen, Aukra Kommune 04.08.13.

12-JUL-2013 :    SKOGSVINEROT

Skogsvinerot, Mardalen, Eikesdal, Nesset Kommune 12.07.13.

12-JUL-2013 :    TYRIHJELM

Tyrihjelm, Mardalen, Eikesdal, Nesset Kommune 12.07.13.

08-JUL-2013 :    VANLEG NATTFIOL

Vanleg Nattfiol, Horsgård, Nesjestranda 08.07.13.

Vanleg Nattfiol, Horsgård, Nesjestranda 08.07.13.


07-JUL-2013 :     HARERUG

Harerug, Gussiås, Nesset Kommune  07.07.13.

06-JUL-2013 :     BLÅKOLL

Blåkoll, Borg, Nesjestranda  06.07.13.

06-JUL-2013 :     KVITKLØVER


Kvitkløver, Borg, Nesjestranda  06.07.13.

25-JUN-2013 :     TJÆREBLOMST

Tjæreblomst, Liodden, Nes Kommune, Hallingdal 25.06.13.

Tjæreblomst, Liodden, Nes Kommune, Hallingdal 25.06.13.


25-JUN-2013 :    PERLEVINTERGRØNN

Perlevintergrønn, Liodden, Nes Kommune, Hallingdal 25.06.13.


25-JUN-2013 :    RUNDBELG

Rundbelg, Liodden, Nes Kommune, Hallingdal 25.06.13.

Rundbelg, Liodden, Nes Kommune, Hallingdal 25.06.13.

23-JUN-2013 :     FJELLFIOL

Fjellfiol, Raubergstølen, Lom Kommune 23.06.13.

23-JUN-2013 :     GULLMYRKLEGG

Gullmyrklegg, Galdhøpiggvegen, Lom Kommune 23.06.13.

23-JUN-2013 :    ISSOLEIE

Issoleie (Ranunculus Glacialis), Galdhøpiggvegen, Lom Kommune 23.06.13.


23-JUN-2013 :    RØDSILDRE

Rødsildre, Galdhøpiggvegen, Lom Kommune 23.06.13.

23-JUN-2013 :   FJELLSMELLE

Fjellsmelle, Galdhøpiggvegen, Lom Kommune 23.06.13.


31-MAI-2013 :  MULTEBLOMST

Multeblomst, Eidskremheia, Aukra Kommune 31.05.13.

31-MAI-2013 :  AURIKKEL / KUSYMRE

Aurikkel / Kusymre,  Eidskrem, Aukra Kommune 31.05.13.


30-MAI-2013 :  ENGKARSE

Engkarse, Nesje, Nesjestranda 30.05.13.

Engkarse, Nesje, Nesjestranda 30.05.13.