tirsdag 14. juli 2015

Molde FK - FC Pyunik 5 - 0, Kvalifisering til Champions League, 2 runde

Så var det årets første kvalifiseringskamp til Champions League på Aker Stadion. MFK gjekk direkte til 2. runde i år og der møtte dei FC Pyunik frå Jerevan i Armenia. Returkampen skal spilles i Armenia tirsdag 21.07.15.  Eg og Martin var på Aker Stadion og såg kampen. På grunn av sein kampstart (kl 20.00) vart det travelt for mange av oss å nå hurtigbåten til Bolsøya som hadde avgang 21:55. Vi måtte derfor springe før kampen var slutt. Det stod 2 - 0 til Molde i det vi forlot plassane våre. Vi fekk med oss 3 - 0 mens vi stod i utgangen og såg. Deretter måtte vi raske på og gå / springe bort til hurtigbåtkaia på Torget. Var litt bekymra for at det skulle bli fullt ombord. Båten tar kun 88 passasjerer. Det vart riktignok nesten fullt, men vi vart med. På båten fekk vi høyre at MFK hadde scora 2 nye mål på overtid og vann dermed kampen 5 - 0. Det skal vel mykje til for at MFK ikkje blir å finne i 3. kvalifiseringsrunde også. Stor applaus til Mathias Moström som kom innpå etter eit langt skadeavbrekk.
Måla til MFK vart scora av Mohamed Elyonoussi (2), Ola Kamara (2) og Mathias Moström (1).
Her er nokre bilder frå kampen :

Årets kortaste tur for den nye turbussen til Aukra Auto som skulle køyre FC Pyunik frå Scandic Hotel Seilet og bort til Aker Stadion. Det var ei distanse på ca 130 m .
FC Pyunik frå Jerevan i Armenia har normalt blå drakter, men spilte i Molde i kvite bortedrakter.
Vanning av kunstgresset på Aker Stadion.
Klart for kamp MFK - FC Pyunik på Aker stadion, Molde 14.07.15. Lagkaptein for MFK var Vegard Forren.
MFK's starteoppstilling.  Foran : Sander Svendsen, Knut Olav Rindarøy, Martin Linnes, Harmeet Singh, Etzaz Hussain,
Bak : Mohamed Elyounoussi, Joona Toivio, Ruben Gabrielsen, keeper Ethan Horwath, Ola Kamara og lagkaptein Vegard Forren.
FC Pyunik, Jerevan, Armenia.
MFK kaptein Vegard Forren hilser på dommerne før kampen.  14.07.15. Dommertrioen kom frå Montenegro.
Full fart mot ballen på ein corner.
2 målscorer for MFK, Mohamed Elyounoussi. MFK leda 2 - 0 ved pause.
Lagkaptein Vegard Forren var svært god i midtforsvaret.
Fortsatt 2 - 0 etter 80 minutt. 3 - 0 kom etter 84 min og dei 2 siste måla kom på tilleggstid etter 90 minutt.

torsdag 25. juni 2015

Cruiseskip i Molde 2015

25-JUN-2015 :  "DISNEY MAGIC",  Disney Cruise Line

Dette er første anløp for "Disney Magic" i Molde. Dette var eit viktig anløp for Molde med tanke på å komme inn i varmen hos det store Disney-konsernet. Mange aktiviteter og turer vart arrangert. Mange av passajerane på dette skipet er barnefamilier. Skipet har 2 skorsteiner der den eine kun er til "pynt".
Frå begge skorsteinane går det badesklier ned i bassenget på toppdekk. Den eine sklien går faktisk utfor sida på skipet. Den sklia kan nok vere tøff nok for mange. Lokalavisa RB hadde egen reportasje frå skipet som faktisk hadde norsk kaptein.
Martin og eg tok ein rundtur med ferga til Vestnes for å kunne fotografere skipet frå sjøsida. Ja, og det vart mange fine bilder.

Info og tekniske data :
"Disney Magic" vart bygd i 1998 ved Fincantieri Marghera, Italia. Det vart levert 21.06.98.
Tonnasje : 83338 GRT.
Lengde : 294 m.
Fart : 21.5 knop, max 25 knop.
Passasjerkapasitet : 2834 passasjerer

"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15. Skipet var godt forankra med 10 trosser framme og 10 bak.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15. Skorsteinen, dette er den ekte.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15.
Langbein (Goofy) i full sving med malerkosten bak på "Disney Magic".
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15. Bilde tatt frå ferga.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15. Bilde tatt frå ferga.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15. Bilde tatt frå ferga.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15. Bilde tatt frå ferga.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15. Bilde tatt frå ferga.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15. Bilde tatt frå ferga.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15. Bilde tatt frå ferga.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15. Bilde tatt frå ferga.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15. Bilde tatt frå ferga. Martin kunne godt tenkt seg ein tur med dette skipet.
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15. Bilde tatt frå ferga. 
"DISNEY MAGIC", Molde 25.06.15. Bilde tatt frå Havneterminalen.

25-JUN-2015 :  "BRAEMAR",  Fred Olsen Cruises

På grunn av at det store cruiseskipet "Disney Magic" hadde fått plassen ved Storkaia vart "Braemar" henvist til Havnetreminalen denne gongen. Det var satt opp shuttlebusser for å frakte passasjerane inn til sentrum.

Info og tekniske data :
"BRAEMAR" vart bygd i 1993 ved Union Naval de Levante i Spania som "Crown Dynasty" for Crown Cruise Line.  Levert 25.06.93.
1993 - 1997 : "Crown Dynasty",  Crown Cruise Line.
1997 :            "Crown Majesty",  Majesty Cruise Line (Charter).
1997 - 1999 :  "Norwegian Dynasty",  NCL (Charter).
1999 - 2000 :  "Crown Dynasty",  Crown Cruise Line / Commodore Cruises.
2000 - 2001 :   I opplag.
2001 :             Ombygd ved Blohm & Voss, Hamburg for Fred Olsen Cruises.
2001 - 2008 :  "Braemar",  Fred Olsen Cruises.
2008 :             Forlenga med 31.2 m ved Blohm & Voss, Hamburg.  Ex 19089 GRT / 163.8 m.
2008 -  :          "Braemar",  Fred Olsen Cruises.  Registrert i Nassau, Bahamas.
Tonnasje (Etter forlenging i 2008) : 24344 GRT.
Lengde :  195.9 m.
Passasjerkapasitet : 977 passasjerer.
Fart : 21.5 knop.

"Braemar" ved Havneterminalen, Molde 25.06.15. 
"Braemar" ved Havneterminalen, Molde 25.06.15.
"Braemar" ved Havneterminalen, Molde 25.06.15.
"Braemar" ved Havneterminalen, Molde 25.06.15.


23-JUN-2015 :  "NORWEGIAN STAR",   NCL

Dette er første anløp av "Norwegian Star" i Molde. Skipet vart møtt med vannkanonhilsen frå Reknesmoloen. Eg fekk tatt nokre raske bilder gjennom gjerdet på Storkaia i det "Norwegian Star" kom. Etter nokre ærend vart det tid til å ta fleire bilder av dette flotte cruiseskipet med hovedsakleg amerikanske turister.

Info og tekniske data :
"NORWEGIAN STAR", bygd i 2001 ved Jos L. Meyer Werft i Papenburg, Tyskland. Bestilt og sjøsatt som "Superstar Libra" for rederiet Star Cruises, men vart overført til NCL før levering. Levert til NCL 31.10.01. Skipet er registrert i Nassau på Bahamas.
NCL eller Norwegian Cruise Line vart eit datterselskap til Star Cruises Inc., Malaysia i 2000.
Tonnasje : 91740 GRT,
Lengde : 294.1 m.
Fart : 24.5 knop.
Passasjerkapasitet : 2240 passasjerer.

"Norwegian Star" på veg inn til Storkaia i Molde, 23.06.15. 
"Norwegian Star" ved Storkaia i Molde 23.06.15.  Skipet er rikeleg dekorert med stjerner i alle farger.
"Norwegian Star", Molde 23.06.15.
"Norwegian Star", Molde 23.06.15.  NCL - Freestyle Cruising.
"Norwegian Star", Molde 23.06.15.  Skorstein.
"Norwegian Star", Molde 23.06.15.
"Norwegian Star", Molde 23.06.15.
"Norwegian Star", Molde 23.06.15.  Sett forfra -- "Nice lips"

13-JUN-2015 :  "AIDASOL",   Aida Cruises

"AIDASOL" er eit av 10 cruiseskip eid av tyske Aida Cruises. Rederiet har også 2 skip under bygging.  Dette var eit av fleire anløp i Molde for "AIDASOL" i år. Aida Cruises er eid av amerikanske Carnival Group og rederiet er sidan 2003 underlagt Carnival-eide Costa Crociere.
Denne dagen kom "Aidasol" til Molde frå Åndalsnes. Ankomst Molde ca 15:45. 

Info og Tekniske data :
"AIDASOL" vart bygd av Jos L. Meyer Werft i Papenburg, Tyskland i 2011. Levert 31.03.11 til Aida Cruises, Rostock.
Tonnasje :   71304 GRT
Lengde :      253.3 m
Fart :           19.5 knop
Passasjerkapasitet :   2174 passasjerer

"Aidasol" på veg inn til Molde, 13.06.15.
"Aidasol" på veg inn til Molde, 13.06.15.
"Aidasol" på veg inn til Molde, 13.06.15.
"Aidasol", Molde, 13.06.15.
"Aidasol", Molde, 13.06.15
"Aidasol", Molde, 13.06.15  
"Aidasol", Molde, 13.06.15
"Aidasol" ved Storkaia i Molde, 13.06.15
"Aidasol" ved Storkaia i Molde, 13.06.15
"Aidasol" ved Storkaia i Molde, 13.06.15