lørdag 7. august 2021

Barneleikarringen ved Romsdalsmuseet, 07.08.2021

Denne lørdagen var det framvisning av Norges første rutebuss ved Romsdalsmuseet i Molde.  I samme anledning var det også andre aktiviteter ved museet. Museumsdirektør Hans-Olav Solli ønska publikum velkomne og første punkt på arrangementet var framvisning av folkedans ved Barneleikarringen / Leikarringen. Dei dansa på plena foran Krona på Romsdalsmuseet. Trekkspillmusikken var ved Arne Lied, ellers var det sang ved barna i Barneleikarringen. Ei fin framvisning for eit stort lokalt publikum. Barneleikarringen har ikkje hatt mykje å gjere siste året på grunn av Covid-19. Barneleikarringen har i alle år dansa for cruise-turister på Romsdalsmuseet, men sidan Covid-19 pandemien braut ut i Mars 2020 har det ikkje vore noko cruiseskipanløp i Molde
Barneleikarringen ved Romsdalsmuseet vart starta opp i 1928 av Mali Furunes. Det var den første barneleikarringen i Norge. Mali Furunes var skuespiller og danser og ho var spesielt opptatt av folkedans. Mali Furunes arbeidde også mykje med gamle folkedrakter i Romsdal og ho laga Bolsøybunaden i 1947. I 1978 vart det avduka ei minneplate over Mali Furunes på Romsdalsmuseet.

Tok ein del bilder under framvisninga. Kanskje nokon av deltakerne kjenner seg igjen. Det var moro å sjå denne flotte framvisninga av folkedans. Her var det mange danseglade og flinke barn og ungdommer.

Romsdalsmuseets Barneleikarring marsjerer ned til plena foran Krona, 07.08.2021.

Arne Lied spiller trekkspill for Barneleikarringen. Romsdalsmuseet, 07.08.2021.

Barneleikarringen i aksjon, Romsdalsmuseet, Molde 07.08.2021. Jentene i rød og blå bunad har på seg Bolsøybunad.

Barneleikarringen i aksjon, Romsdalsmuseet, Molde 07.08.2021.

Barneleikarringen i aksjon, Romsdalsmuseet, Molde 07.08.2021.

Barneleikarringen i aksjon, Romsdalsmuseet, Molde 07.08.2021. Eit stort publikum omkransa plena foran Krona, Romsdalsmuseets nye museumsbygg.

lørdag 24. juli 2021

Kanotur på Røa, 24.07.2021

Dette er ein fotopresentasjon av kanoturen til 2 spreke ungdommer, Sigurd og Martin. Dei hadde planlagt å padle ned elva Røa i kano i beste "Brødrene Dal"-stil. Dei starta turen ved Talsetvadet der Breiskarvegen går over elva inne på Solemdalen. Det var uheldigvis lite vatn i elva så det vart mykje gåing frå starten av. Guttene dro kanoen med seg, men her var det mykje sleip stein i elva, så det var ganske tidkrevjande.
Tok turen innover mot Solemdalen for å sjå etter guttene. Gjekk ned til ei hytte ved elva der dei kom til å passere. Men etter telefonkontakt med dei fant eg ut at dei var fortsatt eit godt stykke unna meg. Bestemte meg for å gå i møte med dei. Gjekk langs elvebredden etter delvis gjengrodd sti i tett skog (jungel) heilt opp til Gjerdbrua. Dette var ca 1 kilometers gange frå hytta. Gjerdbrua ligg rett nedfor småbruket Gjerdeplassen på Solemdalen, men utmarka her høyrer til nabogarden Solemdalsgjerdet, gnr 3/1. Gjerdbrua er ei gammel skrøpeleg trebru over elva til Råkgjerdet, eit område på sørsida av elva som muligens vart brukt til beite eller slåtteteig før i tida. Gjekk ca 100 m lenger i skogen ved elvebredden før eg kom i kontakt med guttene som kom til fots i elva med kanoen på slep. Her var det mange plasser for lite vatn til å padle, så det var kun kortare strekninger det gjekk an å padle.  Det vart heldigvis bedre forhold lenger ned i elva.
Fekk tatt nokre bilder, men tett skog langs elvebredden gjorde paparazzi-jobben vanskelig. Fulgte etter i skogen heilt tilbake til hytta som tilhører Røvik, gnr 14/6.  Hytta ligg ved Røa mellom Djuphølen og Torehølen. Dette er lokale navn på fiskeplasser som nok er best kjent av grunneiere og folk som fisker i elva. Her gjekk det unna med kanogutta. Elva var her meandrerende med store svinger i eit flatere terreng med stilleflytende vatn. Denne strekninga ned til Fossen var den beste for kanopadling med dagens vassføring.  Guttene fortsatte turen videre nedover elva og eg avslutta mitt sjølvpålagte foto-oppdrag. Her er ein del av bildene :

Første kontakt med kanopadlarane som her måtte gå på grunn av lite vatn i elva. Dette var ca 100 m øst for Gjerdbrua.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021. Rett ovanfor Gjerdbrua.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021. Rett ovanfor Gjerdbrua.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021.  Rett før dei padler under Gjerdbrua.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021. Har akkurat passert Gjerdbrua.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021. Har komme eit stykke lenger ned i elva.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021. Har komme eit stykke lenger ned i elva.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021. Har komme eit stykke lenger ned i elva.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021. Her var det for lite vatn, Martin sleper kanoen.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021. Her var det for lite vatn, Martin sleper kanoen.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021. Her passerer dei Kattarumpa (i.h.t kartet).

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021. 

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021. På veg mot Djuphølen.

Sigurd og Martin på kanotur i elva Røa, 24.07.2021. Bildet er tatt frå plassen foran hytta til
Røvik, gnr 14/6.

På min gangtur langs Røa kom eg over eit kull med andunger som svømte på elva, Men andemor var veldig sky og flokken med mor og 7 unger svømte unna meg på harde livet. Gjekk litt lenger unna elva slik at endene kunne slappe av og svømme nedover igjen. Fekk tatt nokre bilder av dei. Dette var ei siland-mor med 7 unger på slep.

Siland, hunn med 7 unger ved bredden av elva Røa, 24.07.2021.

Siland, hunn med 7 unger ved bredden av elva Røa, 24.07.2021.

Siland, hunn med 7 unger  samla, usikker på om den skal svømme oppover eller nedover elva Røa, 24.07.2021.

Siland, hunn med 7 unger i full fart nedover elva Røa, 24.07.2021.