tirsdag 24. juli 2012

Tur til Geiranger 24-Jul-2012

Tok oss ein biltur til Geiranger denne flotte dagen i juli. Det var ein av dei få fine soldagane vi hadde denne sommaren. Vi køyrde over Trollstigen der det var eit kort stopp for å sjå på det nye turistanlegget der. Deretter fortsatte vi turen mot Valldalen. Stoppa for å sjå på det flotte Gudbrandsjuvet. Det var stor vassfring i elva i år og fossen i juvet var imponerande.  Køyrde så vidare ned Valldalen. Det var no midt i jordbærsesongen, så vi stoppa og kjøpte med litt jordbær på turen. Valldal.jordbæra er skikkeleg god ! Vi fortsatte så  rett til fergeleiet på Linge. Tok ferga "Geiranger" over fjorden til Eidsdal. Ankom utsiktspunktet på Ørnefjellsvegen kl 14:40 om ettermiddagen. Stoppa her for å beundre den flotte utsikten ned til Geiranger og Geirangerfjorden. Det låg 2 store cruiseskip inne i Geiranger denne dagen. Det var den heilt nye tyskeide "AIDAMar" og det svære skipet "Caribbean Princess" som tilhører det amerikanskeide rederiet Princess Cruises. Det var fullt av folk i Geiranger, både cruiseturister og andre besøkende. Eg tok min vanlige tur over til Homlung for å ta bilder av cruiseskipene "med sola på rett side". Seinare spiste vi middag i Naustkroa og kosa oss med softis på bryggekanten. Dette er ein flott tur som anbefales på det sterkaste. Her er naturen på sitt flottaste. Geirangerfjorden er også på UNESCO's verdesarvliste (UNSECO World Heritage Site). Fullstendig liste finnes på denne linken : http://whc.unesco.org/en/list . Pr 2012 er det 7 norske steder på denne lista.

Her kommer bildene :

Ved utsiktsbroene over Gudbrandsjuvet i Valldal.
Fossen ved Gudbrandsjuvet. Mykje vann i elva i dag.
Flott foss i Gudbrandsjuvet.
Ferga "Geiranger" på strekninga Linge - Eidsdal. Rett ferge å ta på tur til Geiranger.
Stor fergetrafikk på fjorden. 3 ferger i sambandet Linge - Eidsdal og turistferge i rute Geiranger - Valldal.
"Aukra" ligg ved kai på Linge, "Tustna" er på veg til Valldal og "Solskjel" er på tur over til Linge.
Geiranger sett frå Ørnefjellsvegen.
Martin på utsiktsplattformen i Ørnefjellsvegen.
Familien på utsiktsplattformen i Ørnefjellsvegen. Utsikt mot Geirangerfjorden.
Martin, Silje og Ida ved utsikten i Ørnefjellsvegen.
Geiter på beite mellom svingane i Ørnefjellsvegen. Flott å bruke geiter til å holde vedlike kulturlandskapet i dette bratte terrenget. Anne Torill tok dette bildet frå bilen i fart, her var det ikkje muleg med fotostopp.
Geiter på beite mellom svingane i Ørnefjellsvegen. Anne Torill tok dette bildet frå bilen i fart..
"AidaMar" i Geiranger. Dette cruiseskipet er heilt nytt, levert frå verftet 3 Mai 2012. Det er 71304 GRT og 253.3 m langt.
"Caribbean Princess" i Geiranger. Dette er eit stort skip på 112894 GRT og 290 m langt.
"Caribbean Princess" sett frå Homlung. Dette skipet tilhører det amerikanske rederiet Princess Cruises.
"AidaMar" sett frå Homlung. Dette skipet tilhører det tyske rederiet Aida Cruises.
Dette er utsikta frå den trivelege uteserveringa til Naustkroa i Geiranger.
I Geiranger kan ein ta seg ein tur i ein Lincoln Limousine.
Martin prøver Gulltraktoren til Moods of Norway. Moods of Norway har utsalg i Geiranger.
Ida prøver Gulltraktoren til Moods of Norway. Moods of Norway har utsalg i Geiranger.
Livbåtene til "AidaMar" i Geiranger.
Livbåtene til "Caribbean Princess" i skytteltrafikk i Geiranger.
Travelt på fjorden i Geiranger. 2 cruiseskip og 2 ferger i bildet. Fergene er "Veøy" i turistrute til Hellesylt og "Tustna" i turistrute frå Valldal.
I gågata i Geiranger. Dette er utafor Naustkroa.
Geiranger Sjokolade ligg også i gågata. Her selges egenprodusert sjokolade. Sykkel i matchende farge utanfor butikken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar