søndag 31. desember 1995

SEG - Ras Shukheir, Egypt 1995

Her er tredje innlegg frå Ras Shukheir, Egypt med utvalgte bilder frå året 1995. I 1995 vart det ikkje tatt så mange bilder i Egypt. Trur kameraet låg igjen på rommet mitt på basen mesteparten av tida.
Klikk på bilda for å få dei i større format.


"Pacific Shield", ved October J, Gulf of Suez, Egypt.  09.06.95. Dette er produksjonsbåten til GUPCO i Octoberfeltet. Vi bodde i 4-mannslugar ombord under jobbane i October-feltet.

Petroleum Air Services (P.A.S.), Bell 212, Ras Bakr, 10.06.95. Dette var helikopterlandeplassen for turer til og frå October-feltet. Turen ut til October Complex tok ca 15 minutt.

"Pacific Shield" ved October B, Gulf of Suez, Egypt 11.06.95.

Kuhegre (Bubulcus ibis), SEG, Ras Shukheir, Egypt 27.06.95. Dette var ein av veldig få fuglearter som forvilla seg innenfor murane til campen vår i Ras Shukheir.

Tur til Hurghada, Egypt, 23.10.95.  Her er vi på Hurghada Marriott Beach Resort (Hotel).  Sergio Ono (Brasil), Abdel Rahim, Haq Ramadan og Bob Manek (USA). Dette var ein tur til Hurghada General Hospital for å ta blodprøve (aids-test) for å kunne fornye arbeidstillatelsen i Egypt. Etterpå benytta vi sjanse til litt ferieliv på dette hotellet.

 
Alf og Bob ved Hurghada Mariott Beach Resort, Hurghada 23.10.95.
Drilling tender barge "Charley Graves" på plattforma GS 365 i Gulf of Suez, 26.10.95.Ved siden av ligg det ein supplybåt.


Drilling tender barge "Charley Graves" på plattforma GS 365 i Gulf of Suez, 26.10.95. Her ser vi frå lekteren og opp til boretårnet som var flytta over GS 365 plattforma.


Drilling tender barge "Charley Graves" på plattforma GS 365 i Gulf of Suez, 26.10.95.
Alf på helidekket.

Schlumberger MAST og HOCU rigga opp på plattforma July 62, Gulf of Suez, Egypt 03.11.95.

Schlumberger MAST og HOCU rigga opp på plattforma July 62, Gulf of Suez, Egypt 03.11.95.

Mine operatører på July 62, 03.11.95.   Ali Hassan, Magdy Tamer og Ahmed Abdel Hameed. Her pumper vi cement inn i ein cement dump bailer. Vi køyrde cement inn i brønnen og dumpa oppå ein plugg som vi hadde satt tidlegare. Dette var for å stenge av uønska vannproduksjon.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar