tirsdag 9. august 2016

Cruiseskip "Amadea" i Eresfjorden

Tok ein tur til Eresfjord for å sjå årets siste cruiseskipbesøk. Eresfjord med landgang i Nauste er ny cruisehavn for året. Dette er det siste av 3 anløp i år, og det andre anløpet til "Amadea".  "Amadea" kom på sitt første besøk den 07.06.16 og så kom "Albatros" den 19.07.16. Begge skipene opererer for det tyske selskapet Phoenix Reisen i Bonn. Var desverre på jobb under begge dei 2 første anløpa, så dette var siste sjanse i år- 
I motsetning til dei 2 første anløpa var det i dag ruskevær med lavt skydekke og kraftige regnbyger. Det var ein dag som ikkje egna seg for slikt anløp sidan utsikta mot fjella og Mardalsfossen må ha vore svært dårleg. Uansett vær så vart anløpet avvikla som planlagt og "Amadea" forlot Eresfjorden i 14-tida. Det var satt opp 4 busser frå Veøy Buss for å frakte passasjerer landevegen til Åndalsnes. "Amadea" skulle gå til Åndalsnes og ankomme der kl 17 for å hente passasjerane igjen. Planlagt avreise frå Åndalsnes var kl 22 om kvelden. Skipet kom frå Rørvik og skulle ligge på reden i Eresfjord frå 8 - 14. 
Like før avgang frå Eresfjorden letta været litt slik at det vart bedre fotovær. Trur nok at cruisepassasjerane var imponert av idylliske Nauste der dei kom i land frå livbåtane til "Amadea". Det var uansett imponerande å sjå alle store og små fossefall som kasta seg nedover fjellsidene etter alt regnet. 
Eg køyrde heimover og fulgte skipet på turen ut Eresfjorden og vidare ut Langfjorden. Stoppa på heimgarden min Reitan og tok bilder av "Amadea" som passerte ganske nært land på nordsida av fjorden. Stoppa også på Sølsnes der eg fekk tatt bilde av den eine ferga "Stryn" og "Amadea" i det den passerte. Det var fortsatt kraftige regnbyger, men litt lettare innimellom slik at det gjekk an å få tatt bilder. Så langt er det bekrefta 2 nye anløp i Eresfjorden i 2017.

"AMADEA", bygd i 1991 som "ASUKA" ved Mitsubishi Heavy Industries, Nagasaki, Japan. Tekniske data : 29008 GRT, 192.8 m, 624 Passasjerer, 20 knop.

1991-2006 :  "ASUKA",   Nippon Yusen Kaisha Cruises, Japan.
2006 -  :   "AMADEA",  Amadea Shipping Company, Nassau,
                Charter til Phoenix Reisen, Bonn, Tyskland frå 2006.
Ombygd for det tyske cruisemarkedet i 2006. Gjekk før det kun med japanske passasjerer.

Her er nokre av bildene :

"AMADEA" oppankra på reden i Eresfjord, Det var ei kraftig regnbyge i det eg kom. Vi ser så vidt land på Nauste bak skipet. 
3 busser frå Veøy Buss klar til avgang frå Nauste med passasjerer frå "Amadea" som skulle ta landevegen til Åndalsnes. 
"Amadea" på reden i Eresfjorden. Vi ser ein av livbåtane ved brygga der passasjerane gjekk i land på Nauste i Eresfjord. 
Landgangsbrygga, Nauste i Eresfjord.  Regnvær. 09.08.16.
Landgangsbrygga, Nauste i Eresfjord.  Regnvær. 09.08.16.
"Amadea" på reden i Eresfjorden, 09.08.16.
"Amadea" på reden i Eresfjorden. Siste livbåten går tilbake til moderskipet. 
"Amadea" og den idylliske hamna i Nauste.  09.08.16
"Amadea" har starta opp motorane og er klar til avgang frå Eresfjorden.
"Amadea" på Eresfjorden. Det har slutta å regne og skodda har letta litt. Dette bildet er tatt frå austsida av Eresfjorden.
"Amadea" på veg ut Eresfjorden, 09.08.16.
"Amadea" på Eresfjorden. Bildet er tatt frå Bogge. 09.08.16.
"Amadea" på veg ut Langfjorden. Bildet er tatt frå Reitan, Nesjestranda 09.08.16.
"Amadea" på veg ut Langfjorden. Bildet er tatt frå Reitan, Nesjestranda 09.08.16. Vi ser over mot Holmsholmane og Holm Kirke i Rauma Kommune. 
"Amadea" på veg ut Langfjorden. Bildet er tatt mellom Heggnes og Malo, Nesjestranda 09.08.16.
"Amadea" på veg ut Langfjorden. Bildet er tatt mellom Heggnes og Malo, Nesjestranda 09.08.16.
"Amadea" på veg ut Langfjorden. Bildet er tatt mellom Heggnes og Malo, Nesjestranda 09.08.16.
"Amadea" på veg ut Langfjorden. Bildet er tatt på Sølsnes, Nesjestranda 09.08.16. Vi ser over mot Åfarnes og ferga "Julsund". 
"Amadea" passerer ute på fjorden og ferge "Stryn" skal til å legge til ved fergekaia på Sølsnes. 09.08.16.
"Amadea" passerer ute på fjorden og ferge "Stryn" skal til å legge til ved fergekaia på Sølsnes. 09.08.16.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar