torsdag 15. mars 2018

Nedlagte gardsbruk langs Langfjorden - Gamsgrøa

Var ein tur innover fylkesveg 195 på nordsida av Langfjorden.  Her er det mange mange flotte og idylliske plasser. Kan blant anna nevne Hegnes, Horsgård, Buvik og Ranvik.  Langs fjorden ligg det også nokre fråflytta småbruk som minner om tidlegare generasjoners strevsomme liv. Dei fleste av desse er heldigvis i god stand og blir brukt som sommersted av familiane som eig dei,  Ein slik plass er småbruket Gamsgrøa i Nesset Kommune. Plassen ligg på ei "hylle" opp for fjorden mellom Barstein og Tjelle. Plassen ligg nedfor vegen og er ikkje så lett å få auge på for dei som køyrer langs vegen.  Likefullt ein idyllisk plass.  
Gjekk ein tur ned og tok nokre bilder denne fine Mars-dagen.


Gamsgrøa, 15.03.18.

Gamsgrøa, våningshuset, 15.03.18.

Gamsgrøa, 15.03.18.

Gamsgrøa, løe og våningshus, 15.03.18.

Gamsgrøa, med fin utsikt mot Langfjorden.

Langs gardsvegen til Gamsgrøa står nokre kjempestore grantre.

Langs gardsvegen til Gamsgrøa står nokre kjempestore grantre.

Langs gardsvegen til Gamsgrøa står nokre kjempestore grantre.


Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar