fredag 16. juli 2021

Tur med M/F "Bilfergen" frå Vestnes - Ferrytale 2021

Det er i disse dager 100 år sidan M/F "Bilfergen" vart satt inn i fergerute mellom Vestnes og Åndalsnes. I den anledning arrangerer Vestnes Næringsforum denne helga "Ferrytale 2021" med mange aktiviteter på Vestnes. Det er blant anna ein lokal variant av "Mesternes Mester" samt diverse konserter om kveldene. Hovedattraksjonen for meg var tur med M/F "Bilfergen". Det er satt opp turer med avgang frå Vestnes kl 12, 14, 16 og 18 på fredag 16/7 og på lørdag 17/7. 

3 stk Reitan dro over til Vestnes og vart med på turen kl 14 i dag. Dette var andre turen til ferga. Det er Dagfinn Wiik som har fått til desse turane med M/F "Bilfergen" og han er med og forteller historien om "Bilfergen" og viser plassen i Remmemsvika der "fergekaia" var i 1921. Ferga gjekk først til Remmemsbukta, passerte så Salthammer Båtbyggeri og deretter gjekk turen ein runde under Tresfjordbrua. Så gjekk vi over til Gjermundnes og tok ein runde rundt Gjermundnesholmane før retur til Helland på Vestnes. Turen tok litt over 1 time, og det var servering av kaffe og svele ombord.  Før vi gjekk i land fekk alle passasjerane eit sertifikat som bevis for turen. 

Dette var ein flott tur med veteranferga M/F "Bilfergen" som var bygd i Ølve i Hardanger i 1921. Før oppstart på Vestnes vart det gjort ein del ombygging ved verftet til Johan A. Wiik på Helland. Fergeruta vart starta av det nystifta A/S Aalesunds Færgeselskap for å gå strekninga Vestnes - Åndalsnes. Ferga heitte opprinneleg M/F "Bilfærgen" og vart tatt over av MFR (Møre Fylkes Ruteselskap) i 1923. MFR vart frå 01.01.1947 til MRF (Møre og Romsdals Fylkesbåtar) og "Bilfergen" vart brukt i mange forskjellige ruter i fylket. Opprinneleg vart bilane plassert på tvers ombord, men i 1934 vart ferga ombygd slik at bilane kunne køyre ombord på moderne vis. Ferga gjekk i rute for MRF fram til 1960, med unntak av krigsåra då ho var rekvirert av Die Deutsche Kriegsmarine.  Frå 1960 til 1972 gjekk ferga i rute i Øygarden for Sund Kommune og seinare Øygarden og Sotra Rutelag L/L. Frå 1972-1975 låg ferga i opplag. I 1975 overtok Søndeled Veteranskipsklubb i Risør ferga og ho vart restaurert tilbake til slik ho var i 1934-1954. I 1999 overtok MRF ferga. M/F "Bilfergen" vart overhalt ved Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund i åra 2006 - 2009. I 2012 vart ferga freda som kulturminne av Riksantikvaren. Fjord1 vart ny eier i 2011 og fram til 2014. I 2014 vart Bilfergen AS stifta med blant anna Fjord1 som medeier.  
"Bilfergen" har fortsatt den opprinnelege totakts 2-sylindra Bolinder-motoren. Her var det god gammeldags "godlyd" frå den no 100-år gamle motoren. Ferga er 64 fot (19.5 m) og 33 brt. Farta på ca 9 knop.

Stor takk til Dagfinn Wiik som har jobba i lang tid for å få til desse turane med M/F "Bilfergen". Også stor takk til sponsorer som har bidratt til at Ferrytale 2021 på Vestnes kunne arrangeres.

Viser her ein del bilder frå turen. Klikk på bildene for å sjå større bilder. Informasjon om ferga er frå info-arket om M/S "Bilfergen" som vart utlevert ombord. Del gjerne innlegget.


M/F "Bilfergen" på tur til kai på Vestnes etter den første turen, 16.07.2021.

M/F "Bilfergen" på tur til kai på Vestnes etter den første turen, 16.07.2021.

M/F "Bilfergen" på tur til kai på Vestnes etter den første turen, 16.07.2021.

M/F "Bilfergen" på tur til kai på Vestnes etter den første turen, 16.07.2021.

M/F "Bilfergen" ved kaia på Vestnes etter den første turen, 16.07.2021.

M/F "Bilfergen", Vestnes 16.07.2021. Lokalt mannskap frå Vestnes ordner landgangen.

Mannskapet tar i mot nye passasjerer i stilige "uniformer", M/F "Bilfergen", Vestnes, 16.07.2021.

M/F "Bilfergen", Vestnes 16.07.2021. Kapteinen oppe på brovingen.


M/F "Bilfergen" har starta på tur nr 2 kl 14:00, Vestnes 16.07.2021. Richard og Martin har satt seg ned ved eit bord på dekk. Vi fekk servert kaffe og svele på turen.

Dagfinn Wiik orienterer om turen og om ferga. 16.07.2021.

Dagfinn Wiik orienterer om turen og om ferga. 16.07.2021.

Ved dette grå sjøhuset i Remmemsbukta på Vestnes gjekk M/F "Bilfergen" i rute til Åndalsnes i 1921.

Vi passerer under Tresfjordbrua, 16.07.2021.

Amund Halsebakke frå styret i Bilfergen AS orienterer om "Bilfergen".

M/F "Bilfergen" passerer Tresfjordbrua og stevner ut Tresfjorden, 16.07.2021.

Bloggeren slapper av på dekk, M/F "Bilfergen", 16.07.2021.

Vi nærmer oss Gjermundnes. Boligfeltet vi ser er Bakneset. 16.07.2021.


Interiør på ferga med kiosk, M/F "Bilfergen", 16.07.2021.

Frå salongen under dekk på M/F "Bilfergen", 16.07.2021.

Frå salongen under dekk på M/F "Bilfergen", 16.07.2021. "Kontoret" til postmannen den gongen ferga gjekk med post.

Frå salongen under dekk på M/F "Bilfergen", 16.07.2021. Modell av "Bilfergen",

Frå salongen under dekk på M/F "Bilfergen", 16.07.2021.

Vi svinger utanfor Gjermundnes, 16.07.2021.

Vi snur utenfor Gjermundnes og runder Gjermundnesholmane før turen tilbake til Helland på Vestnes, 

Gjermundnesholmane, 16.07.2021.

M/F "Bilfergen" på tur over Tresfjorden, 16.07.2021.

Utsikt frå brovingen, M/F "Bilfergen", 16.07.2021.

Var ein tur oppe på brovingen på M/F "Bilfergen". Foto : Richard Reitan.

Bloggeren snakker med Dagfinn Wiik. Fergeprat. 16.07.2021. Foto : Richard Reitan.

Alf Reitan og Dagfinn Wiik, 16.07.2021. Foto : Richard Reitan.

M/F "Bilfergen" var postførende og har fortsatt postflagget oppe. 

Vi fekk eit glimt av sol på turen tilbake til Helland. 16.07.2021.

M/F "Bilfergen" ved kaia på Helland, Vestnes etter tur nr 2, 16.07.2021. Turen vart behørig fotografert og filma med drone av Samferdselfoto ved Tor Arne Aasen.

Sertifikat som bevis på at eg var med på turen med M/F "Bilfergen", 16.07.2021.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar