mandag 11. april 2022

Njord A slept ut til Njord-feltet, 11.04.2022

Produksjonsplattforma Njord A vart i dag slept ut til Njord-feltet igjen etter eit lengre verftsopphold. Eier og operatør Equinor regner med at plattforma kjem i produksjon igjen i løpet av siste kvartal i 2022.
Njord A har vore på Stord Verft sidan 2016. Slepet nordover har gått sakte på grunn av dårleg vær. Dei siste dagane har slepet venta på bedre vær først på Talgsjøen nord for Kristiansund, seinare på Freifjorden.
I dag var det altså gode værmeldinger og slepet starta frå Freifjorden tidleg på morgonen. 
Bildene i dette innlegget er tatt i det slepet passerer Ørnvika på Frei. Slepet gjekk med 2 - 2.4 knop's fart. Det var 3 AHTS skip som dro Njord A, mens ein AHTS holdt igjen bak.  (AHTS = Anchor Handling Tug Supply (Ankerhandteringsskip)). "Siem Opal" hadde trekt det kortaste strået og måtte holde igjen bak. Dermed måtte dei bakke heile vegen frå Freifjorden til Njord-feltet. Dei tre andre slepebåtane var "Magne Viking", "Siem Pearl" og "Skandi Vega".

Njord-feltet på blokkene 6407/7 og 6407/10 ligg 130 km nordvest for Kristiansund og 30 km vest for Draugen plattforma. Njord-feltet vart utbygd med ei flytande stålplattform med integrert bore- og prosessanlegg samt boligkvarter og kom i produksjon i 1997. I tillegg til Njord A har også feltet eget lagerskip Njord Bravo. Oljen blir pumpa frå Njord A til Njord Bravo for lagring og derifrå henta med tankskip. Gassen blir sendt gjennom ei 40 km lang rørledning opp til Åsgard-rørledninga og vidare gjennom den ned til Kårstø-terminalen. Njord-feltet var i åra 1997 - 2007 ein oljeprodusent. 
Frå 2007 - 2016 har produksjonen vore litt olje, litt kondensat og mest gass. Hyme-feltet er kobla til Njord A.  Njord-feltet har vanndybde 330 m. 

Oppgradering av Njord A og lagerskipet Njord Bravo skulle skje i perioden 2016 - 2020, men det vart altså mars 2022 før Njord A var ferdig.  I tillegg til Hyme skal no også felta Bauge og Fenja kobles til Njord A
Lagerskipet Njord Bravo har i lengre tid vore opplagt ved Sterkoder i Kristiansund. Regner med at det vil ligge der inntil Njord A nærmer seg oppstart seinare i år. Sjå bilde av Njord Bravo nederst i innlegget.

Eg har sjølv vore mange turer på jobb ute på Njord A i perioden 2002 - 2012. 

Njord A under slep på Freifjorden, 11.04.2022.

"Skandi Vega", "Siem Pearl" og "Magne Viking" sleper Njord A, Freifjorden, 11.04.2022.

"Siem Opal" holder igjen på Njord A og må bakke heile vegen ut til Njordfeltet. Freifjorden, 11.04.2022.

"Magne Viking" ein av AHTS-ane som sleper NjordA. Freifjorden, 11.04.2022.

Her er heile slepet av Njord A slik som det såg ut frå land i Ørnvika, Frei, 11.04.2022.

Lagerskipet "Njord Bravo" ved Sterkoder i Kristiansund, 11.04.2022.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar