søndag 18. februar 2024

Reiseskildring - Tur til OL på Lillehammer for 30 år sidan, 18-Feb-1994.

Det er i disse tider 30 år sidan Norge arrangerte dei 17. Olympiske Vinterleker på Lillehammer i perioden 12-27-Feb-1994. 
Eg reiste 2 gonger til Lillehammer for å oppleve OL den gongen. Eg var på OL 18-Feb-1994 og 25-Feb-1994. Det var satt opp OL-Buss frå Molde til Lillehammer. Bestilte billett hos Molde Bilruter til kr 380. 

Gjengir her nokr av mine notater frå turen til Lillehammer 18.02.1994.

Opp kl 5:30. Gjekk opp til Skålasenteret der det var offisiell OL-Bussholdeplass. Bussen frå Molde Bilruter kom 5:50. Det var satt opp ekstra ferge kl 6 frå Sølsnes for at bussen skulle komme så tidleg som muleg til Lillehammer. Avgang 6:00 - 6:10 med "Stordal" Sølsnes - Åfarnes. Bussen stoppa for 15 min "røykepause" på Dombås. Deretter stopp på Sødorp Gjestgivergård, Vinstra 9:25 - 9:55 for frukostpause. Bussen ankom Lillehammer ca kl 11. Busstopp var i enden av Storgata. På Lillehammer var det sol og fint vær med -11 grader. Gjekk innover Gågata. Her var det fullt med folk.  "Pins-selgere" var det overallt. OL-pins var det heilt store samlerobjektet under OL. Gjekk litt rundt på sightseeing. Hadde ikkje planlagt noko anna enn tur til Lillehammer for å oppleve OL-stemninga så hadde ikkje bestilt billett til noko OL-konkurranse. Var ein tur innom OL-billettkontoret. Fekk vite at det var fortsatt billetter igjen  til Kombinert Hopprenn i Lysgårdsbakkene, Bestemte meg for å dra oppover for å sjå på hopprennet. Utanfor OL-billettkontoret var det fullt av svartebørs-billettselgere (utlendingar), men avslo alle billett-tilbud. 
Gjekk opp i Storgata igjen. Satte meg på eit "Thomas-tog" for skyss oppover til Håkons Hall. Thomas-toget vart slepa av ein svær 4-hjulstrekk-bil. Gjekk forbi Håkons- og Kristins Hall og opp til hoppbakkene. Fekk kjøpt billett til pålydende kr 150 ved inngangen og skynda meg inn. Hopprennet hadde allerede starta og eg kom inn til pause etter 1. omgang med norsk 1. og 3. plass og stor jubel. Det var fullt av folk både utanfor gjerda og inne i hoppbakke-amfiet.  Det vart kaldt på beina, men ellers sol og kun - 4 grader. I pausen var det "oppvarming" av publikum med "floke-sang og floke-dans".  Fekk sjå heile 2. omgang. Det vart norsk seier ved Fred Børre Lundberg og 3. plass til Bjarte Engen Vik. Kjempebra norsk innsats og fiasko for seiersvante japanere. Etter hopprennet gjekk eg ned i byen igjen så fort eg kunne for å unngå den verste trengselen i Storgata.  Det var likevel fullt av folk i Storgata. Besøkte blant anna Sameteltet og såg på diverse samiske kunstgjenstander. Besøkte "Monaco's Hus". Ellers var det besøk av Harald Grønningen på postkontoret. Han kom kl 17 og skreiv autografer til alle som ville ha eit minne. Deretter gjekk eg til bussholdeplassen der bussen til Molde hadde komme allerede. 
Bussavgang 17:50 - 23:35 med Molde Bilruter Lillehammer - Nesjestranda. Stoppa igjen på Sødorp Gjestgivergård på Vinstra for middagspause. Bevilga meg elgkarbonader. Ankomst Åfarnes 22:35. Ferge Åfarnes - Sølsnes 23:15 - 23:25 med "Stordal". Kom meg heim til kl 23:35. Det hadde vore ein lang og slitsom tur, men svært vellykka og interessant. Det var topp OL-stemning på Lillehammer og det var ein opplevelse for livet.

Turen til OL ga meirsmak og eg bestilte ny busstur til påfølgende fredag 25-Feb-1994 og fekk den dagen med meg Skiskyting, Stafett Damer og Hopprenn liten bakke.

Nedenfor er nokre bevis frå turen i form av bilder og billett. Tok alt for få bilder, må huske at dette var lenge før digitale kamera. Filmen måtte sendes inn til fremkalling og printing av papirbilder, så det gjekk kanskje minst 1-2 veker før bildene var i hus.  Bildene nedenfor er skanna frå papirbilder.


På veg opp til Lysgårdsbakkene, Lillehammer 18.02.1994.

Lysgårdsbakkene på Lillehammer 18.02.1994.

Kombinert hopprenn gjekk i den minste hoppbakken. Det var no pause etter 1. omgang.

I pausen var det oppvarming av publikum med "flokesang og floke-dans" leda av ein "vette" og med dansere i OL-bekledning som viste dansen.

Frå Kombinert hopprenn 2. omgang. Vi ser ein hopper i lufta i den minste bakken. Det var fullt av folk i bakken, så eg hadde plass ved "feil" bakke, men stemninga og opplevelsen var like stor med norsk seier og 3.plass.

Kvit rein ved Sameteltet ved Storgata, Lillehammer. 18.02.1994.

Fullt av folk i Storgata. Her var det OL-stemning.

Stemningsbilde frå Storgata, Lillehammer 18.02.1994.

Billett til Kombinert Hopp K90, 18.02.1994.


Bussbillett Molde - Lillehammer, 18.02.1994.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar