fredag 5. april 2024

Hjortesafari på Nordstranda, Nesjestranda, 05.04.2024

Det vart ein ny tur til Nordstranda på Nesjestranda for å sjå på hjort som beiter på markene. Veit av erfaring kor hjorten trives best og kva for plasser den foretrekker å krysse vegen. Nordstranda er eit gammelt samlenavn på gardane på nordsida av Langfjorden frå Hegnes til Horsgård. 
Denne kvelden ville eg prøve å ta bilder av hjort i det den krysser vegen frå skogen og ned på markene. Parkerte bilen ved vegen eit stykke unna ein av dei mest brukte plassene der hjorten går over vegen. Det vart ei god stund å vente. Det var også ein del biltrafikk som kanskje gjorde at hjortane drøyde litt med å krysse vegen. Men omsider kom det 3 stk som eg fekk tatt nokre bilder av. Dette var mest sannsynleg ei kolle med 2 fjorskalver. Hjortane samla seg på den nederste marka på Nør Årset etter at det passerte fleire biler på vegen.
Eg køyrde så innover til Litlegjerdet. Ingen fleire hjorter å sjå. Snudde og køyrde utover igjen. Fortsatt ingen hjort å sjå på Gribbestadgardane. Men på Reitan stod det 2 hjorter like ved vegen. Dette var ei kolle med fjorskalv. Dei stod på marka som heiter Kårstykket på Reitan. Fekk tatt nokre bilder av dei før dei la på sprang opp frå marka.  Køyrde også ein tur opp på til Ner Hegnes. Der var det 3 hjorter på marka. Var stort sett fornøyd med kveldens fotosafari. 
Nedenfor er ein del av kveldens bilder frå Nør Årset, Reitan og Ner Hegnes. Totalt 16 bilder.

Ein hjort er på veg til å krysse vegen på Nør Årset.

Ein hjortekolle er på veg til å krysse vegen på Nør Årset. No vart ho var fotografen Det røde og blå i bildet er ei brøytestikke som står ved vegen mellom hjorten og meg.

Den siste av 3 hjorter var litt lenger opp for vegen. Ikkje godt å sjå hjorten, dei er godt kamuflert.


Den første hjorten, ei kolle, har komme ned på vegen.

Her er alle 3 hjortane nede på vegen. Dei såg seg rundt både til høgre og venstre før dei kryssa.

Her hopper den eine hjorten over sklikanten på veg ned til beitemarka på Nør Årset.

Siste hjort hopper over sklikanten.

Dei 3 hjortane sprang ned på nederste marka på Nør Årset på grunn av fleire biler som passerte på vegen. Her er 2 av dei 3.

Poserer for fotografen, Nør Årset, 05.04.2024.

2 hjorter ved vegkanten på Reitan. Dette er vel ei kolle med fjorskalv.

Hjortekolle, Reitan, 05.04.2023.

Poserer for fotografen.

Så vart det litt for skummelt med ein bil på vegen. Klar til å stikke av.

Det vart for skummelt med ein bil på vegen like ved. Det var best å stikke til skogs. Reitan, 05.04.2023.

3 hjorter på marka, Ner Hegnes, 05.04.2024.

3 hjorter på marka, Ner Hegnes, 05.04.2024.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar