søndag 7. september 2014

Villsausanking på Veøya


Fekk vere med på ein svært interessant jobb denne søndagen. Det var å frakte heim villsau frå Veøya til fastlandet på Nesjestranda. Sauene hadde gått på Veøya i eitt år og det var no tid for å skille lam og søyer. Lamma og nokre søyer skulle heim til garden i Isfjorden. Dette er andre året villsauene har gått heile året på Veøya. Av totalt ca 205 sauer var det no over 120 som skulle i land. Einaste transport til og frå Veøya er med egen båt og flåte. Dette vart ein svært morsom og interessant jobb for meg. Artig at både Martin og Ida ville vere med på turen og oppleve dette spesielle "eventyret".
Fekk tatt ein god del bilder under jobben. Som ein ser av bildene er det ikkje berre enkelt å ha villsau ute på ei ubebodd og veglaus øy. Det er mykje logistikk som skal klaffe for å få til ein vellykka transport. Stor takk til saueier John for at vi fekk vere med på denne jobben.


Ida i båten på tur til Veøya, 07.09.14.

Martin i båten på tur til Veøya, 07.09.14.

Vi har satt opp gjerde til å samle sauene i, Veøya 07.09.14.

Ein del av villsauflokken på Veøya, 07.09.14.

Martin har satt seg på ei stooor askerot før vi starta med sausankinga. Veøya 07.09.14.

Martin gjeter villsau på Veøya, 07.09.14.

Flokken er samla ved naustet i Nørvågen, men var ikkje heilt villig til å gå vidare mot innhengninga.

Litt ekstraarbeid for gjetarane idet saueflokken ville springe til skogs. Heldigvis fekk vi snudd flokken og samla den i innhengninga.

Her er flokken samla i innhengninga i Nørvågen. Veøya 07.09.14.

Sidan det var kun lam og nokre søyer som skulle heim til gården denne gongen, måtte lamma skilles ut i egen hegn.

Her blir lamma sortert ut og flytta over i egen hegn. Ida, Dag Frode, John. passer gjerdet mens Håvard og Jørgen plukker ut lammene.

Tungt arbeid å fange lam av villsau !     Fotograf : Ida.

Fotograf : Ida.   Trur eg må ta meg ein tur til frisøren ! He-he.


Fotograf : Ida.


Tett med villsau.

Søyene hadde oransje øremerker så det var lett å skille mellom voksne sauer og lam.

Martin passa på at ikkje gjerdet kolva. Saueflokken pressa på ganske hardt.

Martin's favorittlam.
 
Oddvar har full kontroll.

Her er 3 stk som kom etterpå. Dei gjekk rett opp den bratte bergveggen.

Martin har full kontroll.

Martin prøver å finne igjen sitt favorittlam.

Matpause mens vi venter på båten som skal slepe sauene til land i Vikbukta på Nesjestranda.

Saueier John og Dag Frode kjem med flåten for første lass.

Flåten nærmer seg land. Det var fallande sjø, så viktig at ikkje flåten kom for langt inn slik at den kunne bli sitjande fast.

Og så kom det endå 2 stk som hadde klart å slippe unna innsamlinga. 07.09.14.

Værlam med horn med fartsstriper.

Ida og Martin studerer lamma.

Og så var det på tide å få dei første ombord på flåten. Etter å ha bore ombord nokre av lamma, kom dei andre nesten av seg sjølv.

Lamma var skeptiske til vannet og måtte ha litt hjelp til å ta det store spranget.

Dei fleste hoppa opp på flåten, men nokre måtte løftast ombord.

Flåten er klar for første lass til land.  07.09.14.

John er med sauen på flåten. Sauflokken var svært roleg på turen frå Veøya til Vikbukta.

På veg til land. Vikbukta rett fram.  07.09.14.

Sauflokken krysser over fjorden frå Veøya til Nesjestranda.

Havnevik, Nesjestranda i bakgrunnen.

Vi nærmer oss land i Vikbukta. Bloggeren var med i følgebåt for ekstra sikkerhet.

Skipper Magnus får instruks om anløpsplass i Vikbukta.

Ein kar frå Isfjorden kom med stooor spesialtilhenger for å frakte sauene heim til John i Isfjorden.

Oddvar og John er klar til lossing av sau i Vikbukta.

Sauene går over i traktor-tilhengeren.

Dag Frode skyver flåten frå land. Bloggeren fekk skyss med flåten tilbake til Veøya.

På tur ut til Veøya med flåten for å hente siste del av flokken som skal i land.

Dag Frode og John på tur med flåten i Vikbukta. 07.09.14.

Vi var tilbake på Veøya. Martin venta på oss på flytebrygga i Nørvågen. Vi ser Veøy gamle kyrkje frå 1200-tallet i bakgrunnen.
 
Mens vi var på land med første lass, hadde Jørgen, Håvard, Martin og Ida hatt opptelling, gitt søyene ormekur og separert innhengningene. Dette er dei heldige som skal vere igjen på Veøya endå eit år.

Søyene har fått "krigsmaling" i fjeset som bevis på at dei har fått medisin (ormekur).

Flåten er på plass for siste lass. Legg merke til at det har blitt fjære sjø og det gjekk bedre å få resten av flokken ombord på flåten.

John, Dag Frode, Jørgen og Oddvar i aksjon.

Martin, Ida og Dag Frode ser på at siste del av flokken går ombord.

Dag Frode på veg ut på Nørvågen med flåten. Det ser ut som han hadde klart seg godt som gondolier i Venezia.

På veg med siste lass. Fyrholmen til høgre er ein av dei 3 Sølsnes-holmane.

Utsikt mot Sølsnes fergekai i bakgrunnen.

Her er litt av flokken som skal overvintre på Veøya. Dei roa seg fort etter å ha vore inngjerda i nokre timar. Vi ser våningshuset til prestgarden på Veøya bak naustet. 07.09.14.

Vi nærmer oss land i Vikbukta, Nesjestranda 07.09.14.

Så vart resten av flokken ført over i tilhengeren. Det var vel ca 128 sauer totalt som vart køyrt heim til garden i Isfjorden.

Traktoren på veg opp frå fjæra i Vikbukta med fullt lass. 07.09.14.

søndag 31. august 2014

Horsgård - August 2014

Køyrde ein tur til Horsgård på Nesjestranda. Tok gamlevegen frå Litlegjerdet, forbi Stranda og ned til Horsgård Sag og Tønnefabrikk som ligg svært idyllisk til heilt nede ved Langfjorden. Gamlevegen har nylig fått eget navn "Horsgårdvegen". Her er eit av dei eldste private kraftverka i Molde Kommune i fortsatt drift. All drift på saga er over og det er ingen produksjon av fiskekasser, tønner eller sviller lenger. Her har det alltid vore egen kai for utskiping av trevarer. Denne kaia er no møysommeleg oppbygd etter å ha fått hard medfart under orkanen "Dagmar".  Har mange gode minner frå barndommen på den gamle kaia. Her var det alltid lys på kaia og dette lyset tiltrakk seg reker som igjen tiltrakk seg sei. Var mange gonger på kaia og fiska sei med bambusstang med 2 - 3 gummimakker på snøret.
Tønnefabrikken er nymalt og fin. Her er det planer om å ivareta fabrikken som eit museum.
Martin Horsgård (1895 - 1992 ) bygde dagens sag og tønnefabrikk i 1916. I 1918 kom det strøm til sag og fabrikk frå eige kraftverk. I 1945 vart det skifta til vekselstrømsdynamo som ga strøm også opp til gardane i Ytre Horsgård og Stranda. På det meste hadde Martin 12 mann i arbeid og i storsildåra på 1950 og 1960-talet leverte han 15000 tønner årleg.
Mor til Martin Horsgård kom frå Reitan slik at det er nært slektskap mellom desse gardane.
 
Ellers ligg det lille småbruket Plassen (Nerbø gnr 129/3) like øst for Tønnefabrikken. Her er det velstelt og pent. Dagens eier bruker Plassen som sommarsted.
 
Måtte berre ta fram kameraet denne fine dagen med sol og blikkstille på fjorden. Her er bildene :

Horsgård-kaia er bygd opp igjen etter orkanskade. Fortsatt med eget lys. 31.08.14.


Horsgård-kaia med utsikt mot Mittet på andre sida av Langfjorden. 31.08.14.

Naust og Tønnefabrikk, Horsgård 31.08.14.

Den gamle tønnefabrikken til Horsgård Sag og Tønnefabrikk. 31.08.14.

Naust ved Skineset, Horsgård 31.08.14.

Utsikt frå Skineset mot Horsgård-kaia og vidare ut Langfjorden. 31.08.14.

Horsgård Sag og Tønnefabrikk sett frå øst. 31.08.14.

Våningshuset på Plassen (Nerbø), Horsgård. 31.08.14.