fredag 5. juni 2015

Sjøkreps frå sjarken "Findus" i Havnevika på Nesjestranda

Etter mange år med nedgang i den lokale fiskeflåten er det gledeleg å sjå at det fortsatt er mulig å drive med fjordfiske i Romsdalsfjordane.  Sjarken "Findus" av Aukra med fiskerinummer M-12-AK har den siste tida hatt helgeligge i gjestehavna til Havnevik Småbåtforening på Nesjestranda.             http://havnevik-smaabaatforening.no/index.html.
Eg fekk tatt eit bilde av båten første gong den 14.04.15.  Seinare har eg tatt bilder av den ved gjestehavna i Havnevika den 01.05.15.
Det dukka så opp ein del informasjon på Facebook og fiskebåten er presentert med egen profil på Fb-siden : https://www.facebook.com/pages/Romsdal-Fjordfangst/836412526448576?fref=ts . Her var det litt meir informasjon om kva slags fiskeri dei dreiv med for tida.
I dag den 05.06.15 mellom kl 14 og 17 var det mulig å få kjøpe sjøkreps frå båten i Havnevika på Nesjestranda. Eg tok meg derfor ein tur ned i Havnevika for å dokumentere dette nye tilbudet. Snakka med 2 hyggelege fiskarar og dei kunne fortelle om brukbar respons på sjøkrepsen.
Sjøkrepsen vart fanga i teiner i "Moldefjorden" så det er ganske så kortreist sjømat. I tillegg hadde dei også teiner for fiske av kongsnegler (Buccinum undatum). Dette er vel ein delikatesse som selges i diverse restauranter rundt omkring i landet. Retten heiter vel muligens då noko slikt som : "Escargot de Norvege".
Meir info om kongsneglen finnes på Wikipedia : http://no.wikipedia.org/wiki/Kongsnegl .
Sjøkreps er ein type sjømat som eg er godt kjent med frå sjømat-måltider på offshore plattformer.
Håper no at det er eit lokalt marked for sjøkreps på Skålahalvøya slik at det blir mange fleire anledninger til å anskaffe denne delikatessen.  Dette er lørdags-snadder på lik linje med hummer, krabbe og reker.
Som fiskerne sjølv skriv på sin Fb-profil  : Perfekt mat å sparke igang sommeren med.

Sjøkreps ombord i fiskebåten "Findus", Havnevika, Nesjestranda 05.06.15.

Andreas med sjøkreps i Havnevika, 05.06.15.

"Findus" i gjestehavna, Havnevika, Nesjestranda 05.06.15.

Her er kunder som ville ha sjøkreps til helga, 

Andreas og Hans Christian åpna ei ny kasse med sprellande sjøkreps.

Fisker Hans Christian veg opp sjøkreps til ein kunde.

Dette er kongsnegler som også er fanga lokalt inne i fjordane i Romsdal.

Eit rikt utvalg av sjøkreps og kongsnegler ombord i sjarken "Findus", Havnevika, Nesjestranda 05.06.15.

Fiskarane Andreas og Hans Christian på sjarken "Findus", 05.06.15.

Fiskarane Andreas og Hans Christian på sjarken "Findus", 05.06.15.

01.05.15 :

Sjarken "Findus", M-12-AK, ved gjestehavna i Havnevika, Nesjestranda 01.05.15.

Sjarken "Findus", M-12-AK, ved gjestehavna i Havnevika, Nesjestranda 01.05.15.

Sjarken "Findus", M-12-AK, ved gjestehavna i Havnevika, Nesjestranda 01.05.15.
14.04.15 :

Sjarken "Findus" på veg inn til Nesjestranda 14.04.15.

tirsdag 12. mai 2015

Tinestafetten 2015

Tirsdag 12.05.15 vart Tinestafetten arrangert på Molde Idrettspark (gamle Molde Stadion). Dette er verdens største stafettarrangement med ca 104 000 deltakere frå 6 - 9 klasse over heile landet.  I Molde var det 85 påmeldte lag og kvart lag hadde 8 deltakere + reserver, altså 680 løpere. 6 klasse på Vågsetra Barne og Ungdomsskole stilte med 2 lag og Martin skulle springe 7. etappe for lag 1.
Kvar etappe var på 200 m og laga bestod av 4 jenter og 4 gutter. Alle løparane fekk utdelt Tinestafettens T-skjorte som i år var gul. Det vart derfor mange gule løpere på banen.

Her er nokre bilder frå Stafetten :

Martin varmer opp før start. Silje har også fått T-skjorte. 

Martin og laget venter på start. Knut Nesje får råd av sin bestefar Svein Arne som sjølv var ein god løper i yngre år. 

Klart til start for 6 klasse, Heat 1. Iver starta for Vågsetra's Lag 1.

Klar,  ferdig, gå !

Silje sprang rundt på indre bane. 

Hugo Tingvoll har stilt opp 3 av arrangørane til fotografering.  Per Johan Gussiås (til høgre) frå Skåla IL var starter. 

Klart til veksling for 7.etappe. Martin veksla med Miriam.

Veksling 7. etappe. 

Vekslinga gjekk veldig bra.

Martin i farta på sin etappe. Laget var uheldig og endte opp med DNF på grunn av at det vart kluss etter eit fall på ei av dei tidlegare etappene og det var ingen til å springe siste etappe,  Uansett : Det viktigaste er å delta !

Silje hadde det gøy i lengdehoppgropa.

R. Reitan Transport tur til Molde Pukkverk

Vart med broderen ein tur til Molde Pukkverk i Årødalen. Vi henta 8.1 tonn med hagesingel ( 8-16 mm).  Lastebilen er ein Scania P113HL, 360 Hk. 1992-modell.

NE 55835, Scania P113HL, 360 Hk, 1992-modell.  R. Reitan Graving & Transport. Borg 12.05.15.

På veg inn i steinbruddet til Molde Pukkverk i Årødalen, 12.05.15.

Steinknusaren til Molde Pukkverk produserer kontinuerlig i forskjellige varianter og størrelser av stein, kult, pukk, singel og sand.  Årødalen 12.05.15.

Ferdig opplasta med hagesingel hos Molde Pukkverk, 12.05.15.  Oppe i fjellveggen ser vi folk som forbereder neste salve.

Ferdig opplasta med hagesingel hos Molde Pukkverk, 12.05.15.

NE 55835 henter hagesingel hos Molde Pukkverk, 12.05.15.

Vi leverer 8.1 tonn med hagesingel i Havnevika, Nesjestranda 12.05.15.