Etter mange år med nedgang i den lokale fiskeflåten er det gledeleg å sjå at det fortsatt er mulig å drive med fjordfiske i Romsdalsfjordane. Sjarken "Findus" av Aukra med fiskerinummer M-12-AK har den siste tida hatt helgeligge i gjestehavna til Havnevik Småbåtforening på Nesjestranda.
http://havnevik-smaabaatforening.no/index.html.
Eg fekk tatt eit bilde av båten første gong den 14.04.15. Seinare har eg tatt bilder av den ved gjestehavna i Havnevika den 01.05.15.
I dag den 05.06.15 mellom kl 14 og 17 var det mulig å få kjøpe sjøkreps frå båten i Havnevika på Nesjestranda. Eg tok meg derfor ein tur ned i Havnevika for å dokumentere dette nye tilbudet. Snakka med 2 hyggelege fiskarar og dei kunne fortelle om brukbar respons på sjøkrepsen.
Sjøkrepsen vart fanga i teiner i "Moldefjorden" så det er ganske så kortreist sjømat. I tillegg hadde dei også teiner for fiske av kongsnegler (Buccinum undatum). Dette er vel ein delikatesse som selges i diverse restauranter rundt omkring i landet. Retten heiter vel muligens då noko slikt som : "Escargot de Norvege".
Sjøkreps er ein type sjømat som eg er godt kjent med frå sjømat-måltider på offshore plattformer.
Håper no at det er eit lokalt marked for sjøkreps på Skålahalvøya slik at det blir mange fleire anledninger til å anskaffe denne delikatessen. Dette er lørdags-snadder på lik linje med hummer, krabbe og reker.
Som fiskerne sjølv skriv på sin Fb-profil : Perfekt mat å sparke igang sommeren med.
|
Sjøkreps ombord i fiskebåten "Findus", Havnevika, Nesjestranda 05.06.15. |
|
Andreas med sjøkreps i Havnevika, 05.06.15. |
|
"Findus" i gjestehavna, Havnevika, Nesjestranda 05.06.15. |
|
Her er kunder som ville ha sjøkreps til helga, |
|
Andreas og Hans Christian åpna ei ny kasse med sprellande sjøkreps. |
|
Fisker Hans Christian veg opp sjøkreps til ein kunde. |
|
Dette er kongsnegler som også er fanga lokalt inne i fjordane i Romsdal. |
|
Eit rikt utvalg av sjøkreps og kongsnegler ombord i sjarken "Findus", Havnevika, Nesjestranda 05.06.15. |
|
Fiskarane Andreas og Hans Christian på sjarken "Findus", 05.06.15. |
|
Fiskarane Andreas og Hans Christian på sjarken "Findus", 05.06.15. |
01.05.15 :
|
Sjarken "Findus", M-12-AK, ved gjestehavna i Havnevika, Nesjestranda 01.05.15. |
|
Sjarken "Findus", M-12-AK, ved gjestehavna i Havnevika, Nesjestranda 01.05.15. |
|
Sjarken "Findus", M-12-AK, ved gjestehavna i Havnevika, Nesjestranda 01.05.15. |
14.04.15 :
|
Sjarken "Findus" på veg inn til Nesjestranda 14.04.15. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar