lørdag 6. juni 2015

Skåla - Fiksdal/Rekdal 6 - 0, Jubileumskamp 06.06.15.

Dette var dagen for feiring av Skåla IL's 100-årsjubileum. På Vågabanen var det først showkamp mellom dame og herre-trenarane. Kl 15 var det seriekamp for A-laget mot Fiksdal/Rekdal. Ser at det har blitt lagt ut mange fine bilder frå denne kampen allerede, men vil her presentere nokre av mine bilder.  På grunn av dårleg vær med lyn og torden  og kraftige regnbyger i 2. omgang vart det tatt færre bilder enn tenkt. Det var eit relativt stort publikum som såg kampen, men dei fleste rømte under det kraftige regnværet i 2. omgang.
Resultatet av kampen vart 6 - 0 til Skåla. Kjempebra resultat som godt kunne ha vore større i favør Skåla etter alle dei store sjansene laget hadde. Det var også mange stolpeskudd og eit brent straffe-spark.  Dette laget ser ut til å gjere det bra i serien og spillemessig var det ein god kamp. Fiksdal/Rekdal vart nok litt overkøyrt mot slutten og var nok glade dei slapp å få fleire baklengsmål mot seg.  Her er nokre av bildene :

Detalj frå Vågabanen, 06.06.15.

Lagene hilser før kampen. Fiksdal/Rekdal i lyseblå drakter.

Lagkapteinane klar til å velge banehalvdel.

Martin feirer sitt første mål i kampen.

Martin feirer sitt andre mål i kampen.

Lasse og Thomas i angrep blant mange lyseblå.

Utspill frå keeperen til Fiksdal/Rekdal.

Klart til straffespark for Skåla.

Bildet viser at Pål sklir i det han skal ta straffesparket.

Straffesparket blir redda. 

Nytt keeperutspill i solskinn. Vi ser at paraplyane fortsatt er oppe blant publikum.

Eit stort publikum holdt ut heilt til regnet kom.

Innlegg frå høgre. Telt med speakertjeneste i bakgrunnen.

Corner frå høgre.

Lasse (7) frå Skåla og Dag Nakken (9) frå Fiksdal/Rekdal. Sistnevnte har over 800 seriekamper.

Fiksdal/Rekdal tar telling etter eit av dei siste måla til Skåla. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar