lørdag 2. januar 2016

Horsgårdrunden

Nytt år og nye sjanser. Vi benytta denne andre dagen i 2016 til å gå Horsgårdrunden.
Vi starta Horsgårdrunden ved nyvegen i Ytre Horsgård. Her går ein opp ein skogsveg som tar av rett vest for Ytre Horsgårdelva. Her ser vi blant anna ei demning i elva. Dette er inntaksdammen til det private kraftverket i Horsgård. Frå inntaksdammen går vannet i rør ned til kraftstasjonen nede ved sjøen. Dette kraftverket er fortsatt i drift. Trimrunden følger skogsvegen opp og vestover heilt til den snur østover. Då går ein på sti vidare vestover til ein kjem inn på skogsvegen frå Gribbestad. Etter ei stund treff ein på den første postkassa med mulighet til å skrive seg inn i ei turbok. Turen fortsett på fin skogsveg vidare vestover. Det blir flott utsikt ned på Langfjorden. Skogsvegen snur like ovanfor småbruket Teigan og fortsett østover og ned til garden Ytre Gribbestad. Her gjekk vi ned på bilvegen (Langfjordvegen som den heiter no) og fulgte den til Litlegjerdet der Horsgårdvegen tek av. Dette er den gamle bygdavegen til Horsgård. Turen fortsett på Horsgårdvegen ned Litlegjerdsbakken og forbi småbruket Stranda (Gribbestadstranda). Eit stykke forbi småbruket er det ei ny postkasse med turbok. Deretter er det berre å følge vegen ned til sjøen ved Horsgård Sag og Tønnefabrikk. Herifrå er det best å gå opp den bratte Sjøvegen tilbake til hovedvegen i Ytre Horsgård. "Sjøvegen" var husvegen til Ytre Horsgård fram til nyvegen kom i 1972.
Heile Horsgårdrunden er på 5.59 km (utmålt i kart). Sjå kart over turen nederst i innlegget.

Anbefaler alle å prøve denne fine turen i variert terreng.  Klikk på bildene for å få dei større.

Martin og Ida på skogsvegen i Ytre Horsgård, 02.01.16.
Her tar ein av frå skogsvegen og går på sti vestover eit par hundre meter til skogsvegen frå Gribbestad.
Martin på skogsvegen frå Gribbestad. Vi er snart på turens høgaste punkt.
Ida skriv seg inn i Turboka ved skogsvegen frå Gribbestad. 02.01.16.
Dårleg forsøk på "selfie".
På Gribbestad-skogsvegen.
Utsikt vestover Langfjorden mot Holm og Åfarnesnakken.
Martin,  Fin utsikt ut Langfjorden. Vi ser blant anna Oksen, Hestholmen og rett mot Vågstranda. 02.01.16.
Utsiktsplass ovanfor småbruket Teigan. Vi ser blant anna den kjente profilen til fjellet Tarløysa til høgre i bildet.
Martin og Ida passerer garden Nør Gribbestad. 
Ida har funne postkasse #2 og skriv seg inn i turboka.
Martin ved postkasse #2 ved Horsgårdvegen.  02.01.16.
Kart over Horsgårdrunden. 

mandag 21. september 2015

Sommerfugler 2015

På denne siden presenteres ein del av mine bilder av Sommerfugler tatt i 2015.


10.09.15  :  ADMIRAL  [Vanessa atalanta]

 Admiral (Vanessa atalanta), I sommerfuglbusk, Paradiset, Nesjestranda 10.09.15.
Admiral (Vanessa atalanta), Paradiset, Nesjestranda 10.09.15. 
Admiral,  (Vanessa atalanta),  I morelletreet, Borg, Nesjestranda  10.09.15.    


09.09.15  :  NESLESOMMERFUGL  [Nymphalis urticae]

Neslesommerfugl (Nymphalis urticae), Borg, Nesjestranda 09.09.15.
Neslesommerfugl (Nymphalis urticae), Borg, Nesjestranda  09.09.15.


13.08.15 :  BØLGEMÅLER  [Crocallis elinguaria]

Bølgemåler (Crocallis elinguaria),  Borg, Nesjestranda  13.08.15.   


 13.08.15  :  KJEMPEBLADMÅLER  [Geometra papilionaria]

Kjempebladmåler (Geometra papilionaria),  Borg, Nesjestranda 13.08.15.

søndag 6. september 2015

Dyregod-Dagane på Batnfjordsøra 06.09.15.

Har omsider funne tid og inspirasjon til å lage nokre fleire blogginnlegg. Dette er bilder frå årets Dyregod-dager på Batnfjordsøra. Dyregod-dagane har utvikla seg til å bli den største Landbruksmessa i Midt-Norge. Her er det stor dyreutstilling, traktor og maskinutstilling og stor salgsmesse for alt mulig.
Bildene i dette innlegget har fokus på dyre- og fugleutstillingene, samt barneridning der Silje (3år) fekk ein tur på Islandshest.


Mandarinand,  hannfugl. Kanskje den vakraste av alle ender.
Mandarinand, hunnfugl.

Gullfasan.
Gullfasaner. Vanskeleg å fotografere desse fuglane som var inne i finmaska nettingbur.
Flott hest av rasen Frieser med navn "Elscke va de Hazenhut", Stall Trollskogen,
Martin gir hesten gress. Dette er den flotte Frieseren "Elscke va de Hazenhut".
Nærbilde av frieseren "Elscke va de Hazenhut",  Litt av eit navn !
Det var stor interesse for barneriding / ponniridning.  Det var mange hester, så køa gjekk unna ganske fort.
Silje fekk ri på ein Islandshest. Storesøster Ida var med som hjelper.
Silje med litt stor hjelm.
Silje var nesten tilbake frå rideturen.
Silje,  det er alvorsamt å ri !
Silje og storesøster Ida.
Stoooor okse av rasen Limousin !    Det er opprinneleg ein fransk rase 
Martin og Silje ser på ei ku av rasen Skotsk Høylandsfe. Denne rasen har imponerande horn.
Ilder. Dette er nok eksemplarer av såkalt tamilder [Mustela putorius furo]. Ilder var med for første gong på Dyregod-dagane i år.
Ilder. I vill tilstand er dette eit rovpattedyr i mårfamilien. Den finnes i vill tilstand i mesteparten av Europa, men i Norge kun på Østlandet nord til Hedmark.
Ida fekk holde og klappe ein ilder. 
Søt liten skapning.
Ida med eit ilder.
Dette er ein liten kvit Alpakka.
Denne Alpakkaen var snauklipt, men hadde fått beholde "sveisen".
2 stk esel som såg ut til å ta det ganske med ro.
Bekre av norsk villsau med flotte horn.
Denne bekren var svart.  Norsk villsau.
Dette er ein sau av rasen Suffolk. Det er ein rase som kjem frå England.
Sauer av rasen Norsk Pelssau.
Her var det også ein fiskedam med japansk Koi-fisk. Denne var stor !
I andedammen som var inngjerda med netting var det også nokre gjess av rasen Norsk kvit gås.

Blant mange andre fjærkre fann vi denne høna av rasen Kvit Silkehøns.