tirsdag 16. mai 2017

Cruiseskipet "Deutschland" i Eresfjorden

I 2016 var det 3 cruiseskipsanløp i Eresfjorden. Det var første gongen bygda hadde fått besøk av cruiseskip. I 2017 er det planlagt kun 1 anløp, mens det blir 5 anløp i 2018. Årets anløp kom allerede 16. mai. Det var cruiseskipet "Deutschland" som kom til Eresfjorden tidleg om morgonen med offisiell anløpstid kl 7 - 12. Skipet kom frå Kristiansund og gjekk vidare til Åndalsnes. Ein del av passasjerane vart køyrt i buss til Åndalsnes. 
Tok meg ein tur til Eresfjorden denne dagen for å sjå på anløpet. Eresfjordingane har blitt flinke til å vise fram bygda si. Mange tyske cruisepassasjerer var ute og gjekk på vegen frå Nauste og opp til butikken. Mange av passasjerane var også med på bussturer i området med blant anna tur til Eikesdalen. 
Etter eit besøk ved kaia på Nauste i Eresfjorden køyrde eg heimover om Vistdalsheia og Åfarnes.
"Deutschland" skulle gå kl 12 frå Eresfjorden med ankomst Åndalsnes kl 16.  "Deutschland" var det tredje cruiseskipet som har besøkt Eresfjorden etter at "Amadea" og "Albatros" var på besøk i 2016.
Felles for alle desse 3 cruiseskipene er at dei er operert av det samme rederiet i Tyskland, nemlig Phoenix Reisen. Håper at andre cruiseoperatører også finn ut at denne "nye" cruisedestinasjonen er verdt å satse på. 

Litt info om skipet : 
M/S "Deutschland, bygd i 1998 ved Howaldtswerke-Deutsche Werft AG, Kiel, Tyskland for Peter Deilmann Rederei, Neustadt in Holstein.  175.3 m lang, 22496 grt, 20 knop fart, maks 550 passasjerer.
Solgt i 2015 til Absolute Nevada LLC, Las, Vegas, USA (management V Ships Leisure, Monaco). Omdøpt til "World Odyssey" og utleid til Plantours. I 2016 utleid i 5 år til Phoenix Reisen, Bonn for cruisefart i sommerhalvåret. Omdøpt til "Deutschland". Skipet er registrert i Nassau på Bahamas.

Her er bildene frå "Deutschland" sitt besøk i Eresfjorden og Langfjorden.

Klikk på bildene for å sjå større bilder.


"Deutschland" oppankra innerst i Eresfjorden. Mektige Goksøyra, 1337 m.o.h. ruver til venstre i bildet.  16.05.17.

"Deutschland" oppankra i Eresfjorden, 16.05.17.

"Deutschland" oppankra i Eresfjorden, 16.05.17.

"Deutschland" oppankra i Eresfjorden, 16.05.17. Dette bildet er tatt frå Nauste.

Passasjerane vart satt i land på ei flytebrygge på Nauste i Eresfjord av skipets egne tendere. 16.05.17.

"Deutschland" oppankra i Eresfjorden, 16.05.17.  Ein tender (livbåt) er på veg mot land på Nauste.

Nytt bilde frå ilandstigninga på Nauste i Eresfjord, 16.05.17. Det var fjære sjø.

Oversiktsbilde tatt frå Nauste i Eresfjord. 16.05.17. Fossen midt i bildet er i Stranddalselva og fossen rett bak baugen på "Deutschland" er i elva Driva. 

Landgangsbrygga på Nauste, 16.05.17.


I denne brygga hadde Eira Husflid utsalg av blant anna handarbeid, 16.05.17.


Frå Nauste i Eresfjord med turister og lokalfolk. "Deutschland" i bakgrunnen. 16.05.17.

Idyll frå Nauste i Eresfjord, 16.05.17.



Idyll frå Nauste i Eresfjord, 16.05.17.

"Deutschland" er eit flott cruiseskip. Eresfjord 16.05.17.

Her er eksempel på noko av det som møtte turistane som gjekk tur frå Nauste og opp til butikken i Eresfjord. Det var ikkje alle som var med på bussturer. Nauste i Eresfjord var tidlegare sentrum i bygda Eresfjord. Bygda Eresfjord har i dag ca 350 innbyggjarar.

Ein av mange sykler som er satt ut rundt omkring i sykkelbygda Eresfjord.  Dette er heimbygda til den tidlegare proffsyklisten Kurt Asle Arvesen.  Nauste 16.05.17.

Denne garasjen ved vegen på Nauste inneholdt eit interessant objekt som mange av turistane ville sjå og fotografere.  Nauste 16.05.17.

I garasjen stod det ein gammel lastebil.  Det var ein Overland Whippet, 1928-modell. Nauste 16.05.17. 

Bileier var glad for å kunne vise fram den gamle lastebilen. Får håpe vi får sjå den på vegen ein dag.  Nauste 16.05.17.

Dette huset på Nauste i Eresfjord var også eit flott skue. Her er også eit par sykler med.  16.05.17.

Køyrde heimover om Vistdalsheia. Var litt usikker på om eg fekk sjå igjen cruiseskipet frå vegen oppe i Vistdalsheia. Som antatt var det umuleg å sjå båten frå vegen på grunn av mykje skog. Eg måtte gå ca 100 m ned i skogen til eit utsiktspunkt for å få tatt desse bildene av "Deutschland" på reden i Eresfjorden.

"Deutschland" oppankra i Eresfjorden 16.05.17. Bildet er tatt frå eit utsiktspunkt i skogen eit stykke oppe i vegen opp til Vistdalshaia.

"Deutschland" oppankra i Eresfjorden 16.05.17. Bildet er tatt frå eit utsiktspunkt i skogen eit stykke oppe i vegen opp til Vistdalsheia.

Her er nokre bilder av "Deutschland" på veg ut Langfjorden. Det var oppholdsver og sol om formiddagen, men det skya over og kom litt regn om ettermiddagen. Dei var nok mest heldige med været i Eresfjorden. Med mykje snø i fjella, mange fossefall og storslagen natur var nok besøket i Eresfjord eit høgdepunkt under dette cruiset. Etter Åndalsnes gjekk skipet vidare til Geiranger.



"Deutschland" på veg ut Langfjorden. Bildet er tatt frå Reitan. 16.05.17. Det regna litt no, så bildene vart litt prega av gråveret.

"Deutschland" på veg ut Langfjorden. Bildet er tatt frå Reitan. 16.05.17. 

"Deutschland" på veg ut Langfjorden. Bildet er tatt frå vegen ved Hengnes. 16.05.17. 

"Deutschland" på veg ut Langfjorden og passerer her Åfarnes. 16.05.17. Bildet er tatt frå Maloneset.

 "Deutschland" på veg ut Langfjorden på veg til Åndalsnes. Utsikten er upåklagelig inn Rødvenfjorden med fjella Kongen og Finnan i bakgrunnen og Gridsetskolten nærmest midt i bildet. Bildet er tatt frå Sølsnes fergekai.

Blogglistenhits

søndag 9. april 2017

Hjortefotografering - Våren 2017

No er tida kommen for å sjå etter hjort langs vegane her på Nesjestranda. Vårmånadene frå mars og utover kan gi flotte opplevelser sjølv om ein ikkje beveger seg ut av bilen. Det er om å gjere og vere ute på rett plass til rett tid. Skal ein fotografere hjort er det ein fordel å vere ute før det har blitt for mørkt, men hjorten er slu og venter ofte til det har blitt skymt med å komme ned på bøane og markene langs vegen. Desse bildene er tatt på 2 kveldsturer (8/3, 18/3) mens det endå var snø på markene og i skogen. Dei siste bildene er tatt 2/4 på barmark. Var så heldig å komme på fotohold av hjortebukker med horn den kvelden. Hannhjorten mister horna vanlegvis i månedskiftet Mars/April.
Skal du køyre på tur med bil i hjorterike områder er det viktig å køyre forsiktig. Hjorten kan springe over vegen i full fart når du minst venter det.

Her er nokre bilder eg har tatt denne våren.

02.04.17.  Stranda, Nesjestranda.

Hjort, kolle, Stranda 02.04.17.

Hjort, fjorårskalv, Stranda 02.04.16.

Hjort,  kolle med fjorårskalv, Stranda, 02.04.17.


02.04.17.  Nør Gribbestad, Nesjestranda.

Hjort, kolle,  Nør Gribbestad, 02.04.17.

Hjort, bukk med horn, 6 takker ( 2 1/2 åring), Nør Gribbestad, 02.04.17.

Hjort, bukk med horn, 6 takker ( 2 1/2 åring), Nør Gribbestad, 02.04.17.

Hjort, bukk med horn, 6 takker ( 2 1/2 åring), Nør Gribbestad, 02.04.17.


02.04.17.  Ytter Gribbestad, Nesjestranda.

Hjorteflokk, Ytter Gribbestad, 02.04.17.

Hjorteflokk, Ytter Gribbestad, 02.04.17.

02.04.17.  Nør Årset, Nesjestranda.

Hjort, kolle, Nør Årset, 02.04.17.

Hjort, Nør Årset, 02.04.17.

Hjorteflokk, Nør Årset, 02.04.17.

02.04.17.  Ytter Horsgård.

Hjorteflokk, Ytter Horsgård, 02.04.17.


18.03.17. Reitan, Nesjestranda.

Hjort, Reitan 18.03.17.

Hjort, Reitan 18.03.17.

Hjort, Reitan 18.03.17.


18.03.17. Ytter Gribbestad, Nesjestranda.

Hjort, Ytter Gribbestad 18.03.17.

Hjort, Ytter Gribbestad 18.03.17.

Hjort, Ytter Gribbestad 18.03.17.

Hjort, Ytter Gribbestad 18.03.17.

Hjort, Ytter Gribbestad 18.03.17.

Hjort, Ytter Gribbestad 18.03.17.

Hjort, Ytter Gribbestad 18.03.17.

Hjort, Ytter Gribbestad 18.03.17.


08.03.17  Ytter Gribbestad, Nesjestranda.

Hjort, Ytter Gribbestad 08.03.17. Bark er god mat for hjorten når det er mykje snø på markene.

Hjort, Ytter Gribbestad 08.03.17.

Hjort, Ytter Gribbestad 08.03.17.

Hjort, Ytter Gribbestad 08.03.17.

Hjort, Ytter Gribbestad 08.03.17.

Hjort, Ytter Gribbestad 08.03.17.


Blogglistenhits