søndag 11. mars 2018

Tur til Gulberget, Bud

Søndag 11.03.18 tok vi ein tur til Bud. Målet for turen  var Søndagsbuffeten hos Bryggjen i Bud. Men vi dro i god tid, og fekk dermed tid til ein liten "fjelltur" før middagen. 
Vi gjekk turen til Gulberget som er den høgaste toppen i Bud. Her er det muleg å gå ein rundtur over fleire topper, men vi gjekk kun opp på den høgaste toppen. Det er ein tur på 1.2 km og det høgaste punktet er på ca 165 m.o.h. Siste biten opp er det ganske bratt svaberg med kjetting montert for sikring.  Litt spenning skal det vere på slik ein tur. Ellers var det kald austavind på toppen. Fann ly for vinden ved ei lita hytte på toppen. Flott utsikt i alle retninger frå  Gulberget. Såg rett ned til Bud sentrum og ut til Bjørnsund. Nordover såg vi heilt til Hustad, Farstad og Stemshesten. Dette var ei fin kortreist tur som gjorde at vi hadde god matlyst då vi kom fram til Bryggjen i Bud.   


Martin og Silje studerer kartet over turen til Gulberget, Bud, 11.03.18.

Vi er på veg opp til eit vannverksanlegg der stien fortsetter opp på fjellet. 

Ved vannverksbygget var det lokal turpost og sitteplass i ly for vinden.

Utsikt mot havet. Vi er oppe på første høgdedraget. Småbåthavna i Bud er rett fram i bildet. 

Silje og Martin ved stidele for rundturen på Gulberget. 

Vi fortsatte turen rett opp på Gulberget. Siste del av stien opp dit var sikra med kjetting. Det var ganske bratt.

Silje på tur opp på Gulberget, Bud 11.03.18.

Flott utsikt mot Bud sentrum frå Gulberget, 165 m.o.h. Vi ser det nedlagte fiskeværet Bjørnsund i havet vest for Bud. 11.03.18.

På toppen av Gulberget er det ei kommunikasjonsmast og ei lita hytte. I bakgrunnen til høgre ser vi fjella Skalten og Skardsettinden. 

Pause i ly for vinden.

På toppen av Gulberget, Bud 11.03.18.

Utsikt frå Gulberget mot nord. Vi ser til Hustad og Farstad. Fjellet i bakgrunnen er Stemshesten og Sjurvarden.

Gjengen ved foten av masta på Gulberget, 165 m.o.h.

Martin på tur ned igjen frå Gulberget,

Vi ser tilbake mot toppen av Gulberget. 11.03.18.


Blogglistenhits

fredag 29. september 2017

Hester og stalljenter hos Stall Mattis

Tur til Stall Mattis på Solemdalen med jentene mine i dag. Silje var med og fekk vere igjen i lag med Ida. Det vart foring og møkking på jentene. Bonus var ridetur med Mattis.  Silje fekk også ein ridetur med Mattis mens Ida leide hesten. Men då hadde fotografen dratt heim ........

Foring av hestene til Stall Mattis, Solemdalen, 29.09.17.

Emma, Osvald og Mattis. Osvald er Nordlandshest. 

Osvald og Mattis er fornøyd med maten. 

Ida og Silje klar for møkking i båsen til Mattis. 29.09.17.

Ida og Silje klar for møkking i båsen til Mattis. 29.09.17.

Jentene i aksjon med møkkagreip.

Silje er ivrig i jobben.

Flinke jenter rydder opp i båsen til Mattis. 29.09.17.

Blogglistenhits

torsdag 24. august 2017

Grå Fluesnapper ved Bergsvik Grendahus

Har venta ei stund før eg laga dette innlegget. Valgte ein heller nøytral tittel på innlegget. Innlegget kunne vel ha vore for eksempel slik : "Uerfarent fuglepar førte til mislykka hekking".
Problemstillinga her er valg av hekkeplass og dårleg ver.  
Oppdaga eit par med Grå fluesnapper [Muscicapa striata] ved Bergsvik Grendehus i begynnelsen av Juli. Såg fort kor dei hadde lagt reiret sitt. Det var i takrenna på grendehuset. Grå fluesnapper har ein tendens til å velge reirplass med utsikt, men denne gongen fekk dei tydelegvis problem med det våte sommarveret. Det var til tider så mykje regn at takrenna ikkje klarte å ta unna alt vatnet. Dermed gjekk det galt med reiret. Egga (3 stk) vart våte i for lange perioder og foreldra klarte ikkje å tørke dei og holde varmen i dei. Sjølv om hoa trufast ruga på egga vart det aldri fugleunger av det.  Det er hoa som vanlegvis står for ruginga, mens hannen mater ho på reiret. Egglegging skjer vanlegvis i Juni, så her har dei nok vore seint ute eller holdt på lenge til ingen nytte. Hoa ruger vanlegvis egga i ca 13-14 døgn. Ved ny sjekk i slutten av august var fuglane borte, men reiret var fortsatt der med sine 3 egg.  Synd at det gjekk slik i år og lykke til med bedre valg av reirplass neste år. Her er nokre bilder. Bildene av fuglane er tatt med zoom-linse.


Grå Fluesnapper, Bergsvik Grendehus, 10.07.17.

Blinkskudd, hannen kommer inn for landing i bakgrunnen. Oppdaga ikkje dette før etter eg hadde tatt bildet.
Grå Fluesnapper, Bergsvik Grendehus, 10.07.17.

Reiret i takrenna, 10.07.17. Det var delvis tak over, men ingen beskyttelse mot vatn i takrenna. 
Hoa på veg til å legge seg på reiret. 10.07.17.
Hoa har lagt seg på reiret for å ruge. Ho har god utsikt. 10.07.17.

Her er eit bilde av reiret tatt den 24.08.17, 45 dager etter dei første bilda. Vi ser at egga er der, men ei plante har begynt å gro i reiret og eit par av egga var sprukne og rotne. 24.08.17.

Blogglistenhits