mandag 25. november 2019

Midlertidig helikopterbase på Malo

Ved Malo Sagbruk på Nesjestranda er det for tida stasjonert eit helikopter. Helikopteret tilhøyrer selskapet Fonnafly AS frå Sand i Suldal Kommune i Rogaland. Helikopteret er på oppdrag for Statnett.  Oppdraget er flyging av utstyr i forbindelse med vedlikehold av kraftlinjene som går over Langfjorden mellom Horsgårdkollen / Brenslefjellet i Molde Kommune og Morkanebba i Rauma Kommune. Regner med at folk som bor på Nordstranda begynner å bli vant til helikoptertrafikken no.
Helikopteret har registreringsnummer LN-OVB og er eit Eurocopter AS 365 B3 bygd i 2015.

Dette er samme helikoptertypen som Nord Helikopter brukte under montering av mobilmasta på Aberget på Nesje tidlegare i haust. Sjå mitt innlegg : https://borg-fotoblogg.blogspot.com/2019/10/nord-helikopter-pa-oppdrag-pa-nesje.html .


Fonnafly, LN-OVB, på Malo, 25.11.2019.

Fonnafly, LN-OVB, på Malo, 25.11.2019.

Fonnafly, LN-OVB, på Malo, 25.11.2019.

tirsdag 15. oktober 2019

Nord Helikopter på oppdrag på Nesje

Det var mykje helikopterlyd i lufta denne dagen. Lyden kom frå Nesje der eit helikopter frå Nord Helikopter holdt på med å frakte utstyr for bygging av ei Mobilmast. Transporten gjekk frå lagerplass ved ved sjøen på Sør-Nesje til Aberget. På Aberget holdt 2 mann på med montering av Mobilmasta. Grunnarbeidet var ferdig og masta skulle bygges ferdig denne dagen. 
Var ein tur nede på moloen og snakka med operatøren som gjorde bakkearbeidet der. Helikopteret kom også og landa på moloen. Det var pause i flyginga mens karane på Aberget monterte den første seksjonen av masta. Fleire seksjonar låg klar og skulle monteres av helikopteret som skulle løfte seksjonane på plass. Her var det snakk om presisjonsflyging. Seksjonane skulle senkes ned på bolter og så skrus fast av montørane på Aberget.
Fekk tillatelse til å ta bilder av helikopteret i aksjon og på bakken.
Helikopteret med registrering LN-OWC er eit Eurocopter AS350 B3 Ecureuil bygd i 2010. Eurocopter skifta i 2014 navn til Airbus Helicopters. 
Nord Helikopter har totalt 9 helikopter i drift. Hovedkontoret er på Vigra, men dei har også ein base i Bergen.

Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019.


Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019.

Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019.

Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019. Med hengende last på tur til Aberget.

Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019. Leverer last på Aberget, 83 m.o.h.

Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019.
Med hengende returlast frå Aberget.

Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019.

Operatør på bakken tar i mot last, Nesje, Nesjestranda 15.10.2019.

Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019. Helikopteret heng rett over lasteplassen på Nesje.
Operatør på bakken tar i mot last, Nesje, Nesjestranda 15.10.2019.

Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019.

Helikopteret måtte flytte på topp-seksjonen til Mobil-masta for å kunne flytte den første seksjonen. Nesje, Nesjestranda 15.10.2019.

Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019. Held på å flytte topp-seksjonen av Mobil-masta.

Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019.

Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019.
Held på å løfte opp bunnseksjonen til Mobilmasta.

Helikopteret drar avstad med den nederste seksjonen til Mobilmasta på Aberget. Nesje, Nesjestranda 15.10.2019.

Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019. Helikopteret går inn for landing på moloen.  Det er pause i flyginga mens operatørane på Aberget monterer den første mast-seksjonen. 

Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019. Helikopteret går inn for landing på moloen på Nesje. Aberget er åsryggen i bakgrunnen.

Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019. Landing på moloen.

Nord Helikopter, LN-OWC, på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019. Landing på moloen, pause i oppdraget. 

Nord Helikopter, LN-OWC, på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019. Då har helikopteret stoppa opp og det vart muleg for fotografen og komme seg forbi.
Nord Helikopter, LN-OWC, på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019. 



Nord Helikopter, LN-OWC, på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019. 

Nord Helikopter, LN-OWC, på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019. Det er klart til å starte opp igjen for å flytte neste mast-seksjon og montere den på toppen av den første. 

Nord Helikopter, LN-OWC, under oppdrag på Nesje, Nesjestranda 15.10.2019. 

17-Okt-2019 :

Her er eit par bilder av Mobilmasta etter at den var ferdig. Bildene er tatt 2 dager seinare den 17.10.2019.

Mobilmasta på Aberget etter at den var ferdig bygd, Nesje, Nesjestranda 17.10.2019.

Mobilmasta på Aberget etter at den var ferdig bygd, Nesje, Nesjestranda 17.10.2019.

Fiskebåten "Fiskar" på Åndalsnes

Den "gamle" fiskebåten "Fiskar" ligg for tida til kai på Åndalsnes. Dette er ein trebåt som vart bygd i 1956 på Vestnes ikkje så langt frå Åndalsnes.
Veit ikkje grunnen til at båten ligg på Åndalsnes, kanskje har den blitt kjøpt hit til distriktet ?
Siste eier i henhold til Skipsregisteret er Helgeland Trebåtlag, v / Arnt Remy Åvik,  Mosjøen. Båten vart strukturert i 2007, det vil seie tatt ut av kommersielt fiske. Den kan heller ikkje innføres i Merkeregisteret igjen. Båten er vel tatt vare på med tanke på bevaring og for å brukes som fritidsbåt.
Har samla inn historikk om båten frå forskjellige kilder, blant anna Historisk Merkeregister, Skipsregisteret, innlegg på Fb sida "Gamle og nye norske fiskebåter" og frå boka "Fiskebåter frå Haram 1920-2000" av Bjørn Owe Hjelle. Ingen av kildene har all informasjon samla. Håper derfor at den historikken som eg har samla her på innlegget er så komplett og riktig som mulig. Datoer i parantes er datoer oppgitt i Skipsregisteret og kan avvike litt frå andre kilder. MR= Merkeregisteret.

Historikk :

Bygd i 1956 ved Ødegård, Vestnes som "METRO" for Lars Uggedal m.fl, Grytastranda, Lengde 62,9 fot, 49 Motor: Brunvoll 140 hk.  Seinare oppgitt lengde 69.5 ft, 21.19m,  LAYI.

1957-1965 : "METRO", M-57-B, Eier : Lars Uggedal mfl, Grytastranda, (27.04.57).
1965-1985 : "METRO", M-57-H, Eier : Lars Uggedal mfl, Grytestranda.
1965 :            Grytastranda slått sammen med ny kommune Haram frå 01.01.65.
1966 :            Ny motor : Wichmann, 375 hk.
1985 :            Ny motor :  MWM(Deutz), 450 hk.
1985-1996 : "VEIDING", Haugesund, R-67-K, Eier : P/R Veiding v/Svein A. Ytreland, Kopervik.                            (04.11.85).
1995 :           "VEIDING", Eier : Partrederiet Lurøyværing ANS, v / Johann Gunnvall, Lurøy,                                    (07.04.95).
1995 :          "VEIDING", Registrert i Bergen, H-67-L, (28.12.95).
1995-1996 : "VEIDING", Bergen, H-67-L, Eier : Olav Pollen,  Alversund, (28.12.95).
1996-1998 : "FISKØY", H-67-L, Eier : Fiskholmen A/S v/Olav Pollen, Alversund, (12.08.96).
1998-2000 : "FISKØY", SF-6-F, Eier : Hans Snilstveit, Stavang, MR1999. (15.12.98).
2000-2005 : "FISKØY", SF-6-F, Eier : P/R Fiskøy ANS, Gravdal/Florø.(Edvin Einebærholm,                                   Ballstad),  MR2001. (30.12.99).
"FISKØY", N-405-VV, Ingen info om dette merket frå Vestvågøy Kommune (Gravdal/Ballstad ?),
2005-2007 : "FISKØY", T-402-S, Eier : Skartind A/S, Skjervøy, v/Svein Roger Karlsen, Arnøyhavn.                       (06.06.05).
2007-2008 : "FISKØY", Eier : Arnøyhamn Fiskarlag, 9192 Arnøyhamn, (05.01.07).
2007 :            Sletta i Merkeregisteret, (05.01.07).
2008-2010 : "FISKAR", Eier : Vesterålen Båtlag, 8400 Sortland, (06.12.10).
2016 - :        "FISKAR", Mosjøen, Eier : Helgeland Trebåtlag, c/o Arnt Remy Åvik, Mosjøen,                                   (11.03.16).

Har ikkje funne konkret informasjon om båten med merke N-405-VV, men regner med at den fikk det merket mens den var eid av Edvin Einebærholm på Ballstad i Vestvågøy. N-405-VV er fiskerimerket som er å sjå på båten, men overmalt. Dette merket er ikkje registrert hos Skipsregisteret.

M/Kr "FISKAR", Åndalsnes 15.10.2019.


M/Kr "FISKAR", Åndalsnes 15.10.2019.

M/Kr "FISKAR", Åndalsnes 15.10.2019.

M/Kr "FISKAR", Åndalsnes 15.10.2019.