søndag 10. mai 2020

Snø igjen - 10.05.2020

Fekk ein overraskelse i det eg kika ut i natt. Det var så lyst ute !  Oppdaga at det hadde komme nysnø,  og det var kvitt ute.
Ut på dagen i dag, søndag 10.05.2020 har mesteparten av snøen nede i bygda smelta. Får håpe dette var siste gongen med nysnø denne "vinteren". Kanskje har den siste snøen og frosten tatt kverken på litt brunsnegler og flått ?  Eg har sådd gras på deler av plena allerede, men det vil nok ta ei stund før det blir grønt der.  Bildene er tatt ca 04:15, tidleg søndags morgen.

Borg, 10.05.2020, kl 04:15.

Borg, 10.05.2020, kl 04:15.

Borg, 10.05.2020, kl 04:15.

Borg, 10.05.2020, kl 04:15.

fredag 8. mai 2020

Elgbilder frå Nesje - 08.05.2020

Køyrde ein tur til Sør Nesje for å sjå om elgane som eg møtte i skogen for 3 dager sidan fortsatt var der. Ingen elg å sjå på markene, så eg bestemte meg for å sitte på post ei stund der eg antok at dei ville komme inn på marka på kveldsbeite.  Antok sjansene størst for å sjå elg på marka på Myran på Sør Nesje. Frå eit jakttårn skulle det vere muligheter for fine bilder om elgane valgte å komme fram denne kvelden.
Heldigvis for meg gjekk det ikkje meir enn 15-20 minutt før eg fekk sjå elgane i skogkanten. Det var 3 stykker. Kjente igjen elgoksen frå 05.05.2020. Det var sannsynlegvis ein 1-åring. Dei 2 andre elgane var litt mindre og hadde ingen tegn til gevir. Dette var nok 2 elgkuer, mest sannsynleg også ettåringer. Det kan også ha vore elgku med 2 fjorskalver der oksekalven har vorte større enn mora.Regner med at ei voksen elgku som er drektig no hadde sett større ut enn disse elgane her. Dessutan vil ho ha jaga vekk fjorskalvane før neste fødsel. Kanskje erfarne jegere kan forklare kva slags elger (alder) det er på dei 3 ut frå bildene.  
Elgane kom etter litt fram på marka mindre enn 40 m unna meg. Lyset var fortsatt bra, så det vart mange fine elg-bilder. Elgane reagerte litt på lyden av kameraet, men dei roa seg og fortsatte å beite. Elgen er ikkje heilt bygd for å beite gras på marka. Den har for kort hals. Derfor går den ofte ned på kne og beiter. Den forflytter seg langsomt på kne under beitinga. Ei av kuene hadde noko byller eller utvekster mellom frambeina. Det såg ikkje heilt bra ut.
Fekk i alle fall igjen ein hyggeleg naturopplevele på Nesje. Sjekk dei 24 bildene nedenfor. Klikk på bildene for å sjå større bilder. 

Den første elgen står i skogkanten. Dette er ei elgku.

Elg nr 2 og 3 har komme fram frå skogen. Den bakerste har ytre tegn på gevir, så det er ein okse.

2 elger på Sør Nesje.

Den eine legen kjem ut på marka. Dette er oksen. Legg merke til dei små knappane framfor ørene. Her er det gevir som veks fram. Elgane feller geviret om hausten og det veks fram nytt gevir om våre. Men det er berre oksane som får gevir.

Eit morsomt elg-bilde. Elgoksen har hengeører. Det ser ut som dei har vore ein tur ute på byen !

Her var det tilbake til ein meir normal positur for elgoksen.

Elgane beiter på det fine vårgraset. Oksen som har lengst bein valgte knestående som sin måte å beite på.
Elgku, muligens ettåring.

Elgoksen, muligens også ettåring.

Elgku eller fjorskalv - vanskeleg med sikker identifikasjon.

2 elger på Sør Nesje, 08.05.2020.

Elgoksen beiter i knestående. Normalt beiter elgen på busker og trær og då treng den ikkje ned i knestående. 

Elgoksen, Sør Nesje, 08.05.2020.

Elgoksen, Sør Nesje, 08.05.2020.

Denne elgkua har noko utvekster eller byller mellom frambeina. Nokon som veit kva det er ?

3 elger beiter på Sør Nesje. 

3 elger beiter på Sør Nesje, 08.05.2020.

3 elger beiter på Sør Nesje, 08.05.2020.

3 elger beiter på Sør Nesje, 08.05.2020.

3 elger beiter på Sør Nesje, 08.05.2020. Elgane gjekk lenger unna meg. Dei høyrde klikk frå kameraet mitt og var ikkje heilt trygg på den lyden.

3 elger på Sør Nesje, Den eine elgkua har lagt seg ned, 08.05.2020.

3 elger beiter på Sør Nesje, 08.05.2020.

3 elger beiter på Sør Nesje, 08.05.2020.

3 elger på Sør Nesje, dei to elgkuene har lagt seg ned. Oksen står vakt og passer på. 08.05.2020.

tirsdag 5. mai 2020

Møte med elg på Nesje, Nesjestranda 05.05.2020

Gjekk meg ein tur i skogen på Nesje i dag. Hadde med fotoutstyr og fekk jammen også bruk for det. Fekk sjå noko bevegelse i skogen og det viste seg å vere elg. Det var 3 stk, ein elgokse og ei elgku med fjorskalv. Elgoksen hadde begynt å få gevir. Elgane såg nok meg lenge før eg såg dei og trekte seg unna etter kvart som eg nærma meg. Dei var vanskeleg å sjå på grunn av mykje einer og anna vegetasjon i skogen. Fekk likevel tatt eit par bilder før dei vart borte i skogen. Har tatt mange elgbilder av beitende elg på innmark, men dette var første gongen eg fekk tatt bilder av elg i skogen.
Ein fin naturopplevelse var det. 

Elgokse, Nesje, 05.05.2020. Vi ser tydeleg utvokster eller knotter på hodet. Desse knottane kalles rosenstokker og er starten på geviret. Hos elg er det kun oksen som har gevir. Elgen er oppmerksom på fotografen og har stilt inn dei store ørene på meg.
Elgku, Nesje 05.05.2020. Elgkua hadde gjemt seg litt bedre og var vanskeleg å få på skuddhold med kameraet. Fjorskalven såg eg berre i det elgane gjekk vidare inn i skogen.