mandag 19. mars 2012

Vårbilder 2012

Vinteren 2012 er forlengst over og vi er langt inne i vårmånaden mars. Her på Nordvestlandet vart årets vinter ganske variert. Vinterværet toppa seg med nokre sinte kvinnfolk rundt juletider, nevner her bl.a "Berit" og "Dagmar". Desse ekstremværa gjorde stor skade langs mesteparten av kysten. Her på Nesjestranda gjekk det stort sett bra, med unntak av ein god del skog som blåste overende. På Nesje blåste eit naust overende og havna oppover markene til småbruket Strandvoll. Både tak og vegger i dette gamle naustet blåste over  vegen og oppover markene, kun golvet med innbo stod igjen i regnværet.
Lokalt her på Borg måtte syrinen på plena foran huset gje tapt for stormen. Vinden la syrinen flat og røttene var knekt.
Vinteren var her prega av lite snø og kulde. Vi hadde vel knapt temperaturer under 10 kuldegrader og det store snøfallet lot vente på seg. Her på Borg kom det maks 15 cm nysnø i løpet av ei natt. Men det var ein god del slaps og hålke-føre.
Våren kom tidleg og allerede 16-Februar tok eg bilde av årets første snøklokker.

Snøklokker, Borg, Nesjestranda 16.02.12.
Det vart mildt og fint vær utover i mars også. Snøklokker, krokus og hestehov stod i full blomst i midten av mars. Ein stemorsblomst hadde også klart seg gjennom vinteren og stod no i blomst. Bildene nedenfor er tatt den 17-Mars.
Full blomstring på Borg 17.03.12.
Krokus i mange farger, Borg, Nesjestranda 17.03.12.
Stemorsblomst, Borg, Nesjestranda 17.03.12.
Hestehov, Borg, Nesjestranda 17.03.12.

Vi fekk eit av mange vinterlige tilbakefall på søndag 18-Mars.Etter at det verste av snøværet ga seg på søndag ettermiddag tok eg ein tur ut for å forevige situasjonen. Her er bilder frå søndag 18-Mars.

Samme motiv som ovenfor, men tatt mindre enn eit døgn seinare, Borg 18.03.12.

Nedsnødd krokus, Borg, Nesjestranda 18.03.12.
Borg, Nesjestranda 18.03.12.






mandag 13. februar 2012

Skitur til Langdalsbu

5-FEB-2012 :
Søndag 5-Feb var det klart for årets første skitur til Molde og Romsdal Turistforening's dagsturhytte Langdalsbu, 311 moh i Langdalen i Fræna Kommune. Hadde med 2 svært flinke unger på turen. Det var gråvær og litt snø i lufta i det vi starta på turen frå Skaret. Det vart 2 korte pauser før vi kom fram til Langdalsbu. Der tok vi oss ei lang pause med nistemat og kakao. Litt lettare vær på heimturen.
Total utmålt turdistanse på kart, Skaret - Langdalsbu - Skaret : 10.8 km.

Martin og Ida på tur Skaret - Langdalsbu.

Ida og Martin, sjokoladepause i Langdalen.
Godt med pause og kakao i varmen inne på Langdalsbu.
Ved MRT-hytta Langdalsbu.
På Langdalsbu, klar for heimturen.
Martin og Ida på toppen av den bratte bakken opp til Langdalsbu.

fredag 27. januar 2012

Ida på Ridekurs - Hausten 2011

Ida gjekk på Ridekurs hos Molde Hestesportsklubb hausten 2011. Ho har blitt hestejente og trives veldig godt sammen med hester og andre dyr. Her er nokre bilder tatt i Ridehallen til Molde Hestesportklubb på Skaret. Nokre av bildene er tatt inne utan blitz og er derfor litt uskarpe. Ville ikkje bruke blitz mens jentene var på hesteryggen i tilfelle hestane skulle bli urolege.
Rideskolehestane var :
Storm : Fjording vallak født i 1998.
Hugo (Huldrar) : Fjording vallak født i 1999.
Nobel : Nederlandsk sportsponni født i 1997.
Tordensky : Vallak, blanding fjording og varmblodshest, født i 1997.

30-Aug-2011 :
Ida på Hugo.
Ida på Hugo.
 Ida med Hugo og Storm i stallen.
11-Okt-2011 :
Ida og Storm.
Ida og Storm.
8-Nov-2011 :

Ida og Nobel.

Ida snur rundt i salen på Nobel.

Ida rensker hovene på Nobel.

Dette er Ivo, sjefen i stallen. Det er ein stor Frieser, vallak født 2002.
29-Nov-2011 :
Ida og Nobel inne i stallen.
Ida på Tordensky inne i Ridehallen.
16-Des-2011 :
Denne dagen var det Juleavslutning i Ridehallen. Jentene fekk utdelt diplom og Rideknapp for bestått kurs. Deretter var det åpen kiosk med servering av julegraut etc. Heile familien var med og Martin fekk ein porsjon med graut. Då var han fornøyd. Det var også utlodning av mange gevinster. Mange av gevinstane havna på Borg. Jentene var ein tur på hesteryggen etterpå, men hestane måtte leies sidan det var mykje folk i hallen. Det var ei flott Juleavslutning med stort frammøte av publikum.
Ida får utdelt Diplom og Rideknapp under Juleavslutninga.
Her er alle 4 jentene med Diplom og Rideknapp.

Ida med Diplom i stallen i lag med Tordensky, favoritthesten.

Ein nissegutt med julegraut har sneke seg med blant hestebildene.
Ida rir på Tordensky etter Juleavslutninga.
Michelle og Ida med Tordensky.
Ridehallen var pynta til Jul.
31-Des-2011 :
Ida hadde hesten Tordensky i 2 dager i Romjula, 3 juledag 27/12 og Nyttårsaftan 31/12. På Nyttårsaftan stod ridehestane ute i eit flott snølandskap. Ida tok med Tordensky inn og fekk ri på han fram til foringstida. Etter riding var det børsting av pels og stell av hover inne i stallen.

Ida og Tordensky ute på Nyttårsaftan. Utsikt mot Skaret.

Rideskolehestane Storm, Tordensky og Hugo (nærmest).

Ida børster Tordensky etter rideturen.